Kommunale akuttsenger: Kostar dei meir enn dei smakar?

Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

Helse Vest har sponsa kommunale akuttsenger med 230 millionar kroner. Men mange av sengene står tomme og køane til akuttmottaka på sjukehusa har ikkje minka. Vi må få ei grundig evaluering av dei kommunale ø-hjelpssengene så raskt som mogleg. Og spørsmålet er: Kan pasientane få meir igjen for pengane dersom dei blir brukt på ein annan måte?

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Intensjonen var god: «Sjukehusa har stor pågang. Sjukehusa løyser oppgåver som like godt kan løysast av kommunane.» Svaret blei å flytte både pasientane og pengane frå sjukehusa til kommunen.

I teorien er dette glimrande. Det er effektivt og samfunnsøkonomisk klokt å løyse oppgåver på lågast mogleg nivå. Dersom ein allmennlege kan løyse ei oppgåve like godt eller betre, kvifor skal ein spesialist gjere ho? Og kva er vel betre enn at pasientar får hjelp raskare og nærare heimen sin når det er mogleg, samtidig som køane for dei pasientane som verkeleg treng akutt behandling i sjukehusa, blir kortare?

Men så viser ein gjennomgang Helsedirektoratet har fått at sengene i snitt er i bruk 34 prosent av tida. Og det er stor variasjon i bruken i ulike kommunar, mange plassar står sengene tomme. Dessutan veit vi for lite om bruken til å vite om sengene blir brukt til det dei faktisk skulle brukast til.

Ei utviding av ordninga med kommunale ø-hjelpssenger skal omfatte også rusbehandling og psykisk helsevern. Dette er planlagt frå 2017. Er det fornuftig? Kanskje. Men det kan nok vere klokt å få ein grundig gjennomgang av korleis dette fungerer i dag, før ein utvidar ordninga. Her må Helsedirektoratet på bana, det er dei som har fått i oppgåve å ettergå at sengene blir brukt i tråd med formålet.

Ordninga er trappa opp over tid, og årleg blir det no tatt cirka 1,2 milliardar kroner frå sjukehusa og gitt til kommunane. 230 millionar av desse er tatt frå budsjettet til Helse Vest og sjukehusa på Vestlandet. Eg ber ikkje om ei tilbakebetaling her og no. Men dersom ikkje bruken av ø-hjelpssengene tek seg opp, bør ein vurdere å reversere ordninga og tilbakeføre midlane til sjukehusa, slik at dei kan nyttast til det som var intensjonen: pasientbehandling. Viss ikkje framstår ordninga som ei rein effektivisering av spesialisthelsetenesta, der vi har løyst dei same oppgåvene – men fått mindre betalt for det.

Helsing
Herlof Nilssen

Avtrykk frå mangeårig satsing på rusfeltet

Bloggivest_860x400_Brita_Mauritzen_Næss

Av Brita Mauritzen Næss, rådgivar tverrfagleg spesialisert rusbehandling, Helse Vest

Har du høyrt politikarar over fleire år seie at menneske med rusproblem skal få betre hjelp eller raskare tilgang på hjelpen dei ønskjer? Du har kanskje fått med deg at fleire hundretals millionar kroner er blitt løyvde for å få til nettopp dette. Så, kva er status på styrkinga av rusfeltet?

Hovudmåla i oppdraget til Helse Vest frå Bent Høie er å:

  1. Redusere unødvendig venting og variasjon i kapasitetsutnyttinga
  2. Prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
  3. Betre kvalitet og pasienttryggleik

Rusområdet, eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), vil eg frimodig seie er «innanfor» på alle desse områda i Helse Vest.

Tre gonger så mange behandlingsplassar
Til eksempel har talet på behandlingsplasser auka nesten tre gonger frå 131 døgnplassar i 2004, til 361 døgnplassar i 2016. Talet på polikliniske konsultasjonar har auka nesten fem gonger frå 30 466 konsultasjonar i 2004, til 143 672 konsultasjonar i 2015.

Auken i kapasitet har både redusert ventetidene for behandling og gjort utbygginga av betre tenester mogleg. Særleg er det lagt vekt på eit meir differensiert behandlingstilbod som kan støtte opp om pasienten sine behov i ulike fasar i eit behandlingsforløp, anten det er oppsøkande hjelp i heimen, utgreiing, kartlegging, eller døgntilbod av ulik varigheit.

Mindre ventetid innanfor rusfeltet
Sidan 2010 har ventetida på behandlingstenester innanfor TSB blitt redusert med nesten 50 dagar i Helse Vest, frå 86 dagar i 2010 til 37 dagar i januar 2016. Helse Vest har óg den lågaste gjennomsnittlege ventetida i landet innanfor TSB (frå å ha den lengste ventetida i i 2010!).

Private leverandørar med avtale med Helse Vest (åtte behandlingstilbod fordelt på sju leverandørar) står for ein stor del av behandlinga i regionen, omlag 60 prosent av all døgnbehandling og omlag 25 prosent av all poliklinisk aktivitet i 2015.

Beste standard kjem av gode tiltak
I kjølvatnet av reformane i helseføretaka og på rusfeltet i starten av 2000-tallet har det vakse fram beste standard av behandling på fleire fagområde, også TSB. Først og fremst i form av faglege retningslinjer følgt av ulike former for kunnskapsbasert behandling, kvalitetsregister for behandling og nå i desse dagar pakkeforløp. Pakkeforløp gir god planlegging, og du veit kva du kan kan vente deg av behandlinga.

For TSB er det utarbeidd fem nasjonale faglege retningslinjer. Det er gjennomført brukarerfaringsundersøkingar i døgneiningar som har resultert i tre nasjonale kvalitetsindikatorar på TSB som skal følgjast opp. Det er oppretta to nasjonale kompetansetenester og fleire forskingsmiljø, blant anna vårt eige i Helse Vest, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR). Det er også etablert ein spesialitet for legar i rus- og avhengigheitsmedisin.

Det er eit mål i Nasjonal helse- og sykehusplan (2016-2019) at eit kvalitetsregister innanfor rusfeltet blir etablert, og vårt eige kompetansesenter, KORFOR, er godt i gang med nettopp å utvikle eit slikt register.

«Pasientens helseteneste»

Denne nasjonale satsinga på rusfeltet har også ført med seg ei satsing regionalt og lokalt ved kvart føretak og private leverandørar med lokale kvalitetsutviklingsprosjekt og vektlegging av betre kvalitet i tenesta.

Stikkord for styrking av kvaliteten er meir reell brukarmedverknad, betre heilskap, meir fleksibilitet og «skreddarsøm» i behandlingstilboda, betre samhandling og kontinuitet, pasienten si helseteneste!

Men kven er pasienten?

  • Vi veit at hovedtyngden av pasientane er i alderen 30-49 år, at delen av yngre i behandling blir redusert, mens dei eldre aldersgruppene aukar.
  • Vi veit at omlag to tredjedelar av pasientane i rusbehandling også har problem med den psykiske helsa.
  • Vi veit at om lag fire av ti innlagt i døgneining i 2015 hadde alvorlege somatiske lidingar.
  • Vi veit også at pasientar med alvorleg psykiske lidingar lever 15 – 20 år kortare enn normalbefolkninga.
  • Vi veit at omlag ein femdel av dei med alvorleg misbruk av dei tyngste rusmidla, også slit med å halde på bustaden og å betale rekningar.

Det er derfor kvalitet i rusbehandlinga så mykje handlar om at behandlinga må tilpassast den enkelte pasienten sin situasjon og at ein må spele på samarbeidspartnarar når det trengst.

Tverrfagleg samarbeid
Det slår meg som heilt typisk for TSB at dette feltet dei siste åra har utvikla ein skog med nettverk og samhandlingsarenaar på tvers av fag og sektorar. Eksempla er mange, det er samarbeid med kommunar, NAV-kontor, ungdomsskular, barnevern, kriminalomsorg, Husbanken, fastlegar og pårørendeorgansiasjonar. For ikkje å snakke om samhandlinga internt, mellom psykisk helsevern og TSB og somatiske einingar. Samhandlinga er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for meir koordinert og heilskapleg behandling og tilbod til pasienten.

Eg ser også ein klar kulturendring i tenesta der helseføretaka tilset likemenn, menneske med eigen erfaring frå hjelpeapparatet, som eit supplement til dei profesjonelle hjelparane. Ofte kan ein likemann fungere som ein rollemodell for at det er mogleg å bli frisk, og kan stå fram som ein formidlar av håp for pasientane. TSB samhandlar også med brukarorganisasjonar og har som mål å skape reell brukarmedverknad i tilboda.

Men vi stoppar ikkje her. Ein opptrappingsplan for rusfeltet, med tilhøyrande 2,4 milliardar kroner, blei vedteken i Stortinget i april 2016. Helse Vest vil vidareutvikle kvaliteten i tenestetilbod til menneske med rusproblem, og det får vi best til saman med andre aktørar og helst av alt, med pasienten sjølv!

Døme på kvalitetsutviklingsprosjekt og samhandlingsarena

Helsing Brita

Godt nytt samhandlingsår!

Per KarlsenVi skriv 2012 og med nyttårsfeiringa gjekk også startskotet for ei av dei største helsereformene i Noreg nokosinne. Samhandlingsreforma skal gjere avstanden mellom pasient og behandlingstilbod kortast mogleg.

Av Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør Helse Vest

Gradvis vil kommunehelsetenesta få større ansvar for behandling og oppfølging som tidlegare låg hos spesialisthelsetenesta.

Reformer og endringar rokkar ved det trygge og kjente. Samhandlingsreforma er ikkje noko unntak. Men kommunar som vel å møte reforma offensivt med auge for moglegheiter vil ha mykje å vinne, både økonomisk og i ønsket om å tilby innbyggjarane trygge og gode helsetenester nært heimen.

Reforma er omfattande og utfordrande, men ikkje minst ei gyllen moglegheit for kommunane til å byggje opp trygge og gode helsetilbod for innbyggjarane. For med auka ansvar følgjer også meir midlar. I 2012 overfører staten 5,6 milliardar kroner til kommunane for å sikre dei handlingsrom til å løyse nye oppgåver.

I starten vil nok ein stor del av desse pengane gå til betaling for tenester ved sjukehusa, då ein konsekvens av reforma er at kommunane får betalingsansvar for pasientar. Betalingssystemet kan samanliknast med betaling for straum. Kommunane betaler ein fast sum i månaden til det regionale helseføretaket, men sluttrekninga blir først klar når året er omme. Då vil kommunar som har kjøpt meir helsetenester enn estimert få ei tilleggsrekning, mens kommunar som har kjøpt lite helsetenester få tilbakebetalt pengar.

Ordninga er meint som eit incitament til kommunane i arbeidet med å utvikle helsetilbodet lokalt. Eit godt utbygd kommunalt helsetilbod vil redusere behovet for å kjøpe tenester frå spesialisthelsetenesta.

No i byrjinga kan det vere vanskeleg for kommunehelsetenesta å vite kvar skoen trykkjer, men Helsedirektoratet lanserer om kort tid ein informasjonsportal som skal hjelpe kommunane i arbeidet med å spisse tilbodet der behova er størst. Portalen vil gi informasjon om kva for helseplager som dominerer blant innbyggjarane, slik at det blir enklare for kvar enkelt kommune å tilpasse helsetilbodet eigne innbyggjarar.

Resultatet blir at fleire pasientar får behandling nær heimen og kommunen får frigjort meir samhandlingsmidlar for å utvikle den kommunale helsetenesta ytterlegare.

Og det er jo til det beste for alle.

Helsing Per Karlsen

Stopp en hal! Kva er det som skjer?

Lars VorlandTalet på sjukehuspasientar veks mange gonger raskare enn befolkningsutviklinga skulle tilseie. Samfunnet si berekraft står på spel, på tide å kikke oss sjølv nærare i korta!

Av Lars Vorland, administrerande direktør Helse Nord RHF

Mens media skriv om ventetider som sakte går nedover, aukar straumen av pasientar til norske sjukehus i skremmande fart. Det siste året (frå juli til juli) har utviklinga i etterspurnaden etter helsetenester vore slik:

  • 7  prosent fleire nye tilviste pasientar
  • 9 prosent fleire pasientar har fått igangsett helsehjelp

Samtidig vitnar stadig kortare ventetider og færre fristbrot om at det samla spesialisthelsetilbodet til befolkninga aldri har vore betre. Men stopp en hal! Er dette berre bra? Kvifor blir så mange fleire tilvist til sjukehus, og kva er årsaka til dette? Blir vi så mykje meir sjuke enn i fjor? Og kanskje mest skremmande: Kor lenge kan veksten halde fram i denne takta før det rammar berekrafta i landet vårt?

Når veksten i etterspurnad gjer at spesialisthelsetenesta legg band på stadig større ressursar, et vi samstundes ein aukande del av samfunnskaka. Politikerane sine moglegheiter for å prioritere andre samfunnsområde som er viktige for oss, blir tilsvarande redusert. Nasjonen Noreg skulle gjerne satsa meir på forsking, utdanning og oppvekstvilkår. Det er tverrpolitisk semje om behovet for betre vegar og jernbane, slik at næringslivet kan skape ressursane som skal fordelast på fellesskapet.

Vekst i folketalet og ei raskt esande gruppe eldre auker etterspurnaden etter helsetenestar, men dette skulle gi ei auke på om lag 1,5 prosent frå eitt år til det neste. Fasiten syner altså veksten i etterspurnad etter  helsetenestar er nærare 10 prosent. Det  er dramatisk.

Samhandlingsreforma som trer i kraft frå nyttår, tek mål av seg til å gjere veksten i forbruk av helsetenester mindre bratt. Kommunar og helseføretak tek saman grep for å førebyggje innlegging, desentralisere behandling av folkesjukdommar, og sentralisere behandlingsformer som krev store ressursar.

Men: Vi har mye å hente på andre område også. Den enorme variasjonen i fastlegar sin tilvisingspraksis, let seg ikkje forklare ut frå medisinske forhold. Andre forhold enn symptom og behandlingsbehov speler altså inn på kven og kor mange som blir tilviste til sjukehus. Så lenge praksisen er slik, når ikkje spesialisthelsetenesta målet om å yte eit likeverdig helsetilbod til alle.

I respekt for ressursane vi forvaltar og måten vi påverkar prioriteringar i resten av samfunnet, må vi i helsetenesta kikke oss sjølve nærare i korta.

Til beste for oss alle.

Med ønskje om ei aktiv veke!

Med helsing
Lars H. Vorland, administrerende direktør i Helse Nord RHF.

Informasjonen må følgje pasienten

Erik HansenSlik det er i dag følgjer informasjon om pasientane i liten grad med gjennom helsetenestene. Skal vi ivareta pasienttryggleiken og sikre effektiviteten, må pasientinformasjonen følgje deg på vegen, skriv Erik M. Hansen i denne vekas blogg.

Av Erik M. Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT

Tenk deg at du er blir utsett for ei ulykke mens du er på ei reise. Du er medvitslaus og kan ikkje svare legen på spørsmål om du er allergisk, om du tåler narkose, om du går på medisinar eller om du er blødar. Informasjon som berre er eit tastetrykk unna i ei digitalisert verd der legar har tilgang på dei beste verktøya innanfor kommunikasjon, tenkjer du kanskje. Slik er det ikkje.

Tilgangen til pasientdata er i dag styrt av organisasjonstilhøyrsle. Det betyr at helseinformasjon ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer pasienten når ho eller han beveger seg mellom sjukehus, fastlege og pleie- og omsorgssektoren. Dagens lovverk og IKT-system kan, i verste fall, gjere informasjon som kan vere avgjerande for å stille korrekt diagnose utilgjengeleg for behandlande legar.

Samhandlingsreforma skal knytte tettare band mellom kommunar og helseføretak. Målet er å gjere avstanden mellom pasient og behandlingstilbod så kort som mogleg.  For å sikre dette må informasjonsflyten mellom sektorane i helsevesenet gli betydeleg lettare enn i dag. Ei nasjonal satsing på IKT for helse- og omsorgstenestene vil vere nødvendig.

La meg teikne utfordringa slik: Når samhandlinga mellom helseføretaka og kommunane blir sett ut i live frå 1. januar 2012, vil ein finne mange variasjonar frå kommune til kommune, også når det gjeld IKT. Kommunane og helseføretaka skal samarbeide slik at det blir teke høgde for det lokale utfordringsbiletet, samtidig som eins og trygg behandling for pasientane skal sikrast. I dette biletet må vi få bukt med at det får vekse fram ulike og dårleg integrerte system, og risikoen dette inneber. Samhandlingsreforma vil krevje auka standardisering, samordning og koordinering på IKT-sida.

Så kva gjer vi i dag? I Helse Vest er innføringa av felles elektronisk pasientjournal eit langt skritt på denne vegen. Og fleire tiltak blir sett i verk for å sikre helsepersonell nødvendig og relevant medisinsk informasjon om pasienten. Ved blant anna å opprette ein nasjonal kjernejournal vil behandlande helsepersonell enkelt få tilgang til grunnleggjande opplysningar om deg som pasient, for eksempel livbergande informasjon som medisinering og kontaktinformasjon til pårørande. Informasjonsflyten mellom organisasjonane i helse- og omsorgssektoren må dessutan gjerast enklare innanfor trygge rammer. Dette krev igjen at det nye regelverket som gir høve til tilgang til pasientdata på tvers av organisasjonar blir teke i bruk.

Utvikling av IKT-systemet i helsesektoren krev statleg finansiering og vil gå over fleire år. Arbeidet vil krevje tydeleg og samkjørt styring. Ei sterk felles nasjonal satsing på IKT, med dei nødvendige økonomiske rammene, vil vere heilt avgjerande for å sikre pasientar trygg og god behandling i åra som kjem.