La dyktige kvinner gjere jobben!

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

 

 

 

 

 

 

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF

I ein sektor der fleirtalet av medarbeidarane er kvinner, er det eit paradoks at berre 38 prosent av toppleiarane er kvinner. Erkjenner vi at det skjer noko på dette området?

UTFORDRINGA blei omtalt av helse- og omsorgsminister Bent Høie i sjukehustalen tidlegare i år. Kvinnedelen i norske sjukehus tyder, som Høie seier, på at alt for mange dyktige kvinner ikkje blir toppleiarar. Vi må alle bidra til å sikre rekruttering av dyktige kvinnelige leiarar. Høie sjølv tok ansvaret for dette ved å sikre at to av dei fire styreleiarane i dei regionale helseføretaka no er kvinner.

Vi i føretaksgruppa i Helse Vest har hatt stor glede av å lytte til, og høyre om, opplevingar frå Noregs første kvinnelege kirurg, Sigrun Solberg. Det var ei glede å sjå programmet Datoen på NRK1 der Sigrun opent formidla sine opplevingar. Vi har hylla Sigrun for den posisjonen ho valde, vi gremmes av kva ho opplevde. Vi har takka Sigrun for at ho har valt å dele historia si med oss for mange år sidan.

KVINNELIGE KIRURGAR. Berre 13 prosent av dei kvinnelege kirurgane er i aldersgruppa 50-69 år. Det fortel oss at historia blant kvinnelege kirurgar er ein sann historie. Det har ikkje vore så mange kvinnelege kirurgar, som Sigrun Solberg, men no kjem kvinnene etter. Det er kome mange dyktige kvinnelege kirurgar på Vestlandet. Tala viser no at 87 prosent av alle kvinnelege kirurgar er yngre kirurgar. Samanliknar vi med mannlege kirurgar, er det 66 prosent yngre mannlege kirurgar og 34 prosent i aldersgruppa 50-69 år.

Det er lagt til rette for god rekruttering av både kvinnelege og mannlege kirurgar på Vestlandet. Tala lyg ikkje. Blant dei yngre kirurgane utgjer kvinnelege kirurgar no 43 prosent. Det er ikkje så verst, når vi ser at delen av yngre kvinnelege kirurgar har auka. Vi må glede oss med denne utviklinga, passe på at vi tenker klokt, opptrer trygt og føreseieleg. Det er ønskjeleg at vi får fleire kvinnelege kirurgar, men det må òg vere bra at vi har dyktige mannlege kirurgar.

GRAVIDE LEGAR. Eg treffer mange yngre legar i møte med fagmiljøa i føretaksgruppa. Det er alltid ei glede å slå av ein prat når eg møter gravide kollegaer, men eg heier óg på dei mannlege medarbeidarane som tar sin del av foreldrepermisjonen. Vi må skikka oss vel alle saman, løfte fram den haldninga vi vil skal prege arbeidsmiljøert vårt.

Eg kan seie det, for eg er kvinne sjølv og har opplevd korleis det var å vere ung leiar, som blei gravid. Eg hugsar godt kva sjefen min sa til meg: «Kva har du tenkt å gjere med det?»

UTVIKLINGA. Mannen min fekk heller ikkje fri den dagen eg skulle heim frå sjukehuset med det vetle nurket. Dette er ikkje ei historie frå sjukehusa, min historie er frå industrien. Takk for at samfunnet har utvikla seg. Det er ein føresetnad for at vi skal kunne praktisere og ikkje berre snakke om likestilling.

Om nokon trur at vi ikkje tilset gravide legar, så gjer vi det. Vi har óg i det regionale helseføretaket gjort tilsetting av ein ganske så godt gravid medarbeidar, ho var så dyktig at det ikkje var tvil om at det var rett tilsetting sjølv om det ikkje var lange stunda før ho gjekk i permisjon, knapt to månader.

Det leiinga vil at arbeidsmiljøet skal vere prega av, må dei også stå for sjølve. Det vi seier, må vere det vi gjer.

KVINNELEGE LEIARAR. Så til kvinnelege leiarar: Klart vi kan bli betre, klart vi må freiste dyktige kvinnelege kollegaer til å gå inn i leiarrolla på alle nivå, også som toppleiar.
Vi har i dag 67 prosent kvinnelege leiarar. 38 prosent av dei er kvinnelege toppleiarar – klinikkdirektørar og divisjonsdirektørar – og til sist 70 prosent kvinnelege mellomleiarar. Vi har 38 prosent kvinnelege toppleiarar.

Vi må sjå tala litt i samanheng. Når det er mange kvinnelege toppleiarar, er det mange som gjer seg klare til nye utfordringar. Mobilisering av leiartalent har vore, og er, eit innsatsområde. Helse Stavanger gjennomførte i 2015 eit eige internt mobiliseringsprogram: Det er vel inga hemmelegheit at det her var få menn og mange kvinner. Helse Bergen skal gjennomføre det same programmet i 2016.

TOPPLEIARPROGRAM. Vi har også nasjonalt toppleiarprogram. Der er målet at vi skal ha representasjon frå somatikk, psykiatri og rus. Det har vi greidd. Det neste er at det skal vere ein god balanse mellom kvinner og menn. Eg har møtt dei som har delteke og eg er stolt av dei alle saman. Svært mange har fått nye og utfordrande leiarstillingar i ettertid. Mange av dei har vore kvinner, men det har òg vore mange dyktige menn.

Eg meiner vi har sendt toppleiarkandidatar det står all respekt av, anten dei har vore kvinner eller menn. Etter ti år i si rolle i Nasjonalt toppleiarprogram ga Paul Hellandsvik uttrykk for at kandidatane står i ein særklasse.

Eg vil gje ein appell til oss alle: Kunne vi ikkje løfta fram dei dyktige kvinnelege leiarane og latt dei få dele sine erfaringar? Så får vi gripe fatt i dei enkeltopplevingane som ikkje har vore gode – og ta dei på alvor. La oss gjere det rette, og gjere det mogleg for fleire kvinnelege medarbeidarar å utvikle seg som toppleiarar i helsesektoren.

Hilde Christiansen

Dette blogginnlegget har stått på trykk i Dagens Medisin 8. mars 2016.

For mange byråkratar i spesialisthelsetenesta?

Hilde ChristiansenVi høyrer stadig påstandar om at spesialisthelsetenesta snart består av fleire byråkratar enn personell som driv med pasientbehandling. Men er det slik?

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Svaret er eit klart og tydeleg NEI.

2011 var det beste sjukehusåret nokon gong. Pasientbehandlinga er nær dobla sidan 2002. Det skjer samtidig som ventetidene er reduserte til ein tredjedel og resultata er snudde frå underskot til positivt resultat med som gjer det mogleg å investere i endå betre tenester.

Det er sant at vi er blitt fleire tilsette sidan 2002, men auken i administrativt personell på leiarsida har vore stabil. Fleire nye oppgåver, slik som rusbehandling, pasientreiser og gjestepasientoppgjer, gjer at andre yrkesgrupper enn helsepersonell må til. God organisering må vere på plass for at dyktige medarbeidarar skal få gjort oppgåvene sine utan hindringar. Det betyr at det er oppgåver andre yrkesgrupper enn helsepersonell skal og må gjere for at oppgåvene skal bli løyste på ein best mogleg måte.

Definisjonen på administrasjon/personell/byråkratar er ikkje klar i statistikkane som Statistisk sentralbyrå legg fram, og det kan synast som om alle leiarar, anten dei er avdelingssjukepleiarar eller merkantile tilsette innanfor IKT, blir oppfatta som byråkratar. Nokre av dei oppgåvene som ofte blir lagte under administrative stillingar, og som blir omtala som byråkrati, er

  • reingjering av senger og tøy – og dagleg reinhald av fleire hundre tusen kvadratmeter
  • sterilisering av operasjonsutstyr
  • matforsyning til sjukehusa
  • daglege og viktige vaktmeisteroppgåver
  • medisinforsyningar til sjukehusa (levert av Sjukehusapoteka Vest)
  • behandling og betaling av meir enn 230 000 inngåande fakturaer
  • planlegging av omlag 3,9 millionar vakter og utbetaling av lønn
  • planlegging og oppfølging av ulike investeringsprosjekt med ei budsjettramme på 1,6 milliardar kroner

Dette er eit lite knippe av oppgåver vi ikkje finn att i ein grovmaska statistikk for yrkeskategoriar. Statistikkane seier ingen ting om oppgåvene som blir løyste. Men dei er særs viktige for at sjukehusdrifta skal fungere. Når det er sagt, så er det faktisk slik at 83 prosent av alle tilsette i føretaksgruppa har direkte oppgåver knytt til pasientbehandlinga.

Vi er stolte av medarbeidarane og leiarane våre som kvar på sine felt har medverka til resultata som er nådde. Det er faktisk viktig for god pasientbehandling at helsepersonellet i brei forstand får konsentrert seg om det viktigaste: God og kvalitativ pasientbehandling. Til det treng dei leiarar og andre kollegaer som legg til rette for og utfører oppgåver for at dei skal få nytte mest mogleg av si tid til pasientbehandling.

Vi er på veg i utviklinga av ein endå betre spesialisthelseteneste på Vestlandet!

Beste helsing Hilde Christiansen

Gode medarbeidarar gir gode helsetenester

Hilde ChristiansenKvart einaste døgn, året rundt, leverer nærare 30 000 medarbeidarar i Helse Vest helsetenester som befolkninga er heilt avhengig av. Alle syter for at viktige oppgåver blir utførte, slik at vi har eit best mogleg helsetilbod.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Derfor er det viktig for oss i føretaka i Helse Vest å støtte medarbeidarane våre i å løyse oppgåvene dei har. Vi har lagt ein god strategi for å møte utfordringane mot 2020. Prosessar og system skal fungere og leiinga skal vere god. Dette er også viktig med tanke på utfordringane vi vil møte i arbeidet med å dekke eit stort behov for nye medarbeidarar i tida som kjem.

I strategien vår, Helse 2020, seier vi at Helse Vest skal sørgje for at pasientane får eit så kvalitativt godt tilbod som mogleg. Oppgåvene skal løysast på ein måte som sikrar pasientane trygg, effektiv og likeverdig behandling av høg kvalitet. Det er dette vi arbeider for, kvar dag. Og eit steg på vegen er å gi pasientane eit godt helsetilbod gjennom medarbeidarar og leiing som opplever at dei har attraktive og motiverande arbeidsgivarar.

I Helse Vest er vi avhengige av medarbeidarar og leiarar som kan og vil spele på lag. Ingen styringssystem kan nokon gong erstatte tilliten vi som arbeider her har til kvarandre. Det finst heller ikkje system som kan fjerne behovet for individuell handlekraft og personlege initiativ i møtet med pasientane. Leiarar kan berre bli gode i eit fellesskap der kvar enkelt medarbeidar ser seg sjølv som ein viktig og naturleg del av ein større heilskap.

Vi har store forventningar og mål for kvar enkelt medarbeidar: Fridomen under ansvar er og skal vere stor for kvar enkelt av dei som arbeider hos oss. Medarbeidarar og leiarar må derfor vite kva som er venta av dei og dei må vere trygge på kva for sosiale og faglege normer som skal vere styrande. Kvar enkelt medarbeidar må kjenne seg stolt i forhold til organisasjonen ho eller han representerer. Medarbeidarane skal kjenne seg stolte over å representere ein profesjonell organisasjon og målet på suksess blir uttrykt i møtet med andre medarbeidarar, pasientar og andre samfunnsaktørar.

Ein sak er klar: Arbeidet med å vidareutvikle ein stor organisasjon som Helse Vest vil aldri vere avslutta. Me må jamleg revidere svara på korleis me rekrutterer og korleis me legg til rette for læring og organisasjonsutvikling.

Utvikling av kompetanse må skje på tvers av faggrupper, aldersgrupper, etnisitet og organisatoriske skiljelinjer. Føretaka må samarbeide om å lage modellar som dekkjer eit breitt spekter av kompetansebehov. Denne typen samarbeid krev at alle tar eit solidarisk ansvar for heilskapen og bidreg til at andre føretak og grupper lukkast med å rekruttere medarbeidarane dei treng. Samhandlingsreforma krev også i stor grad kompetanseutveksling mellom spesialist- og primærhelsetenesta, der det må utviklast modellar som sikrar rett kompetanse og god oppgåvedeling på rett nivå og til rett tid.

Føretaksgruppa Helse Vest er ein viktig og naturleg arbeidsgivar for ei rekkje faggrupper. Samla sett er Helse Vest ein av dei største arbeidsgivarane på Vestlandet. I det store mangfaldet av oppgåver og fagmiljø som er representerte i dei ulike føretaka finst det gode karrieremoglegheiter hos oss i Helse Vest.