Raskare behandling med fritt sjukehusval!

Jan Edvard Gjersvoll_210x300Om fleire brukar retten til fritt sjukehusval kan det føre til vesentleg reduksjon i ventetid for mange pasientar. Vi er her for å hjelpe!

Av Jan Edvard Gjersvoll, pasientrettleiar i Helse Vest

Fritt sjukehusval er ein lovfesta rett som gjeld all planlagt behandling i sjukehus. Skal du tilvisast til sjukehus er det det viktig å ta opp spørsmålet om sjukehusval så tidleg som mogeleg. Helst hos fastlegen din, slik at tilvisinga kan sendast der ventetida er kortast. Om du ikkje vel sjukehus hos fastlegen er det fullt mogeleg å flytte tilvisinga til eit anna sjukehus seinare.

Informasjon om sjukehustenester og ventetider finst på nettstaden www.frittsykehusvalg.no På informasjonstelefonen for fritt sjukehusval 800 41 004 kan du få rettleiing om du treng det. Vi som arbeidar på telefonen skal svare på det som er uklart etter eit besøk på nettstaden og gi tips om korleis du kan gå fram for å komme til målet. I dei fleste tilfelle kan du gjere alt som skal til sjølv.

Nettstaden inneheld i dag oversikt over ventetid for rundt 110 ulike tenester i sjukehus. Frå og med oktober 2013 får nettstaden ei stor utviding av informasjonsgrunnlaget og kjem opp i rundt 190 tenester med tilhøyrande ventetidsinformasjon. I fleire år har vi registrert brukarane sine spørsmål systematisk. Informasjonsgrunnlaget er derfor utvida i tråd med brukarane sine behov. Psykisk helse og rusbehandling har vi hatt med på nettstaden sidan 2007. Frå 1. januar 2014 vil ventetider for røntgeninstitutt som har avtale med det offentlege, også inngå i www.frittsykehusvalg.no.

Ofte finst det sjukehus innan rimeleg reiseavstand som kan gi deg kortare ventetid. Av og til må ein reise langt for å finne eit alternativ. Då vert reisa dekt med fråtrekk av eigendel. Høgare eigendel på reise med 400 kroner kvar veg kjem til bruk om du reiser til sjukehus utanfor Helse Vest sitt ansvarsområde. Helse Vest har ansvar for fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Reiserekning sender du på vanleg måte til www.pasientreiser.no.

Retten til fritt sjukehusval kan vere til hjelp for mange. Døme på tenester der det kan vere mykje å hente er kikholsoperasjonar i kne og skulder og operasjoner for lyskebrokk. Ved større operasjonar som innsetjing av kunstig kne- og hofteledd og nokre typar ryggoperasjonar kan bruk av fritt sjukehusval korte ventetida. På andre område er det mindre å hente. Operasjonskapasiteten for dei som skal ha behandling for sjukleg overvekt er eit døme på at fritt sjukehusval ikkje gir utteljing i alle tilfelle. Sjekk på nettstaden eller ring informasjonstelefonen. For mange kan det vere nyttig å få stadfesta at ein ikkje går glipp av noko viktig andre stader.

Det som er ein flaskehals i dag treng ikkje vere det i morgon. Oppdatert informasjon får du døgnet rundt på www.frittsykehusvalg.no.

Eg er ein av fleire som gjerne hjelper deg med å finne fram til den raskaste behandlinga på telefon 800 41 004.

Helsing

Jan Edvard Gjersvoll

Neste steg: Gi pasienten ein dato!

Liv Torunn RundhovdeAt dei generelle ventetidene går ned, er godt nytt. No håper eg sjukehusa tek utfordringa med å gi pasienten ein konkret behandlingsdato, skriv pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde.

Av Liv Torunn Rundhovde, Pasienthjelpar i Helse Vest

Bestiller du ei vare på internett, gir leverandøren deg ein kode som gjer det mogleg å spore pakka på vegen frå fabrikken, gjennom postgangen og fram til døra di. På denne måten blir du som kunde spart for unødig venting og bekymring. Du veit kva dag og tid pakka kjem, og kan nytte ventetida til andre gjeremål.

Som pasienthjelpar saknar eg eit liknande system for sjukehusa.

Haldepunktet du som pasient har for eigen behandlingsdato, er dette: Seinast 30 arbeidsdagar etter at søknad om behandling er sendt sjukehuset, har du rett på svar om prioritet og eventuell fristdato. Så byrjar uvissa for mange. Pasientar som har vore til undersøking hos spesialist må gjerne vente i månader utan aning om når dei kan vente seg behandling eller operasjon: Normalt sender sjukehusa ut innkalling først to-tre veker før inngrepet skal skje. Forklaringa er oftast at spesialistlegane sine vaktlister ikkje strekk seg lenger.

På grunn av dette må pasientane i slike tilfelle planlegge reising, organisere barnevakt og innhente jobbvikar på særs kort varsel. Samtidig blir ventetida opplevd som ekstra lang fordi pasienten ikkje har aning om når ho tek slutt.

Så kan vel pasienten nytte fritt sjukehusval? Jo visst. Men når pasienten ikkje kjenner sin plass i køen på det opphavlege sjukehuset, er det ikkje nødvendigvis betre å søkje om plass annan stad: Utan datoar å samanlikne, fins ingen tryggleik for at behandlingstida blir kortare der.

Som pasienthjelpar blir eg kvart år kontakta av rundt 2500 pasientar og pårørande på Vestlandet. I eit så komplekst system som spesialisthelsetenesta er det å forvente at mange treng hjelp for å finne fram. Men når det kjem til antatt dato for behandling, meiner eg at vi gjer det unødig vanskeleg for pasienten. Å ikkje få tilgang til denne informasjonen, burde vere unnataket, ikkje regelen som i dag.

Nå som dei generelle ventetidene ved sjukehusa går ned, kan neste steg kanskje vere å få på plass ein konkret behandlingsdato for pasienten?

I mellomtida: Takk til pasientar, pårørande og arbeidsgivarar for at dei er så tålmodige!

Liv Torunn Rundhovde, pasienthjelpar i Helse Vest og tidlegare oversjukepleiar.

Kontakt pasienthjelparen
Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 08.00 og 15.00 på telefon 51 96 38 48 eller via gratis grønt nummer 800 41 005.