Nærare for mange – sentralisert for dei få

Oddvard NilsenI 2020 skal Helse Vest levere eit enda betre helsetilbod nærare der du bur. Men dei mest avanserte behandlingane må i større grad samlast sentralt.
 
Av Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF

Om ein skal tru det tilspissa ordskiftet i ymse medier, risikerer vestlendingar i framtida å måtte reise den lange vegen til Bergen eller Stavanger for å få spesialiserte helsetenester. Sanninga er ei heilt anna.

Helse 2020 – strategien for utviklinga av sjukehustilbodet på Vestlandet – er særs tydeleg på at dei store og veksande pasientgruppene framover skal få tilgang til fleire spesialiserte helsetenester nærare eigen bustad. Samhandlingsreforma peiker i same retning, ved at ein del helsetenester som i dag blir gitt ved sjukehusa, blir overførte til kommunane.

Det ligg mye fornuft i å desentralisere behandlingstilbodet for såkalla folkesjukdommar som kols, diabetes, Alzheimer, sjukleg overvekt, rusmisbruk, kreft og psykiske og kroniske lidingar: For store pasientgrupper gir det kortare reisetid, mindre fråvær frå nærmiljøet og lettare innsikt i behandlinga. For lokalsjukehusa betyr omlegginga  at ressursane i større grad blir brukt til aktiv behandling, i staden for passive vaktordningar knytt til sjeldnare sjukdomstilfelle. For lokalsamfunnet gir desentraliseringa tryggleik og arbeidsplassar, og for dei store sjukehusa frigir dette kapasitet til meir kompliserte, ressurskrevjande og spesialiserte behandlingsformar.

Til det siste: Dei seinare åra har sjansen for å overleve alvorlige lidingar auka kraftig. Sjukdommar som for få år sidan blei rekna som svært dødelege, lever mange i dag vidare med. Ei hovudårsak er meir avansert behandling. Skal Helse Vest fortsetje denne utviklinga, fortel Helse2020 oss at vi må få på plass tre faktorar:  

  • Robuste og kompetente fagmiljø som arenaer for vidareutvikling og læring
  • Høgteknologisk og kostbart medisinsk behandlingsutstyr
  • Større konsentrasjon av pasientgrupper

La meg forklare: Ettersom vi tek i bruk meir avanserte behandlingsformer og aukar kravet til pasienttryggleik, treng spesialistane hyppig trening og kostbart utstyr for å halde oppe spisskompetansen. I eit tynt busett land, er løysinga sentralisering: Berre slik kan vi samle nok pasientar til same type behandling, skape store nok fagmiljø, og utnytte kostbar behandlingsteknologi maksimalt.

I røynda strekkjer vi oss altså mot to mål: Å gi behandling lokalt for dei som kan, kombinert med behandling sentralt for dei som må. Skal vi lykkast, krev det at 30.000 medarbeidarar og ein million vestlendingar viser vilje til endring – fordi det gagnar dei som treng behandling.

Med ønske om ei god veke,

Oddvard Nilsen