Neste steg: Gi pasienten ein dato!

Liv Torunn RundhovdeAt dei generelle ventetidene går ned, er godt nytt. No håper eg sjukehusa tek utfordringa med å gi pasienten ein konkret behandlingsdato, skriv pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde.

Av Liv Torunn Rundhovde, Pasienthjelpar i Helse Vest

Bestiller du ei vare på internett, gir leverandøren deg ein kode som gjer det mogleg å spore pakka på vegen frå fabrikken, gjennom postgangen og fram til døra di. På denne måten blir du som kunde spart for unødig venting og bekymring. Du veit kva dag og tid pakka kjem, og kan nytte ventetida til andre gjeremål.

Som pasienthjelpar saknar eg eit liknande system for sjukehusa.

Haldepunktet du som pasient har for eigen behandlingsdato, er dette: Seinast 30 arbeidsdagar etter at søknad om behandling er sendt sjukehuset, har du rett på svar om prioritet og eventuell fristdato. Så byrjar uvissa for mange. Pasientar som har vore til undersøking hos spesialist må gjerne vente i månader utan aning om når dei kan vente seg behandling eller operasjon: Normalt sender sjukehusa ut innkalling først to-tre veker før inngrepet skal skje. Forklaringa er oftast at spesialistlegane sine vaktlister ikkje strekk seg lenger.

På grunn av dette må pasientane i slike tilfelle planlegge reising, organisere barnevakt og innhente jobbvikar på særs kort varsel. Samtidig blir ventetida opplevd som ekstra lang fordi pasienten ikkje har aning om når ho tek slutt.

Så kan vel pasienten nytte fritt sjukehusval? Jo visst. Men når pasienten ikkje kjenner sin plass i køen på det opphavlege sjukehuset, er det ikkje nødvendigvis betre å søkje om plass annan stad: Utan datoar å samanlikne, fins ingen tryggleik for at behandlingstida blir kortare der.

Som pasienthjelpar blir eg kvart år kontakta av rundt 2500 pasientar og pårørande på Vestlandet. I eit så komplekst system som spesialisthelsetenesta er det å forvente at mange treng hjelp for å finne fram. Men når det kjem til antatt dato for behandling, meiner eg at vi gjer det unødig vanskeleg for pasienten. Å ikkje få tilgang til denne informasjonen, burde vere unnataket, ikkje regelen som i dag.

Nå som dei generelle ventetidene ved sjukehusa går ned, kan neste steg kanskje vere å få på plass ein konkret behandlingsdato for pasienten?

I mellomtida: Takk til pasientar, pårørande og arbeidsgivarar for at dei er så tålmodige!

Liv Torunn Rundhovde, pasienthjelpar i Helse Vest og tidlegare oversjukepleiar.

Kontakt pasienthjelparen
Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 08.00 og 15.00 på telefon 51 96 38 48 eller via gratis grønt nummer 800 41 005.