Tryggare pasientar, tryggare klinikarar

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Dette er eit løft ikkje berre for pasientane, men òg for klinikarane. Dette betyr nemleg også at det blir opna for tilgang på tvers av føretaka, noko som gjer at klinikarane kan stille betre førebudde til møtet med pasienten.

Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får tilgang til journaldokument, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang blir gitt gjennom sikker pålogging på vestlandspasienten.no, som er kopla til helsenorge.no.

For pasientar innanfor somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innanfor rus og psykisk helsevern er datoen 19. september. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 1. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

Kvifor gjer vi dette? Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til journaldokument, og i løpet av året sjukehusjournalen, vil pasientane vere meir oppdaterte og dermed kunne vere meir delaktige i eiga helse og eiga behandling. Det er òg nyttig når pasientane har kontakt både med spesialisthelsetenesta og fastlegane, eller mellom sjukehus. Dette er i tråd med Stortingsmelding 9 (2012-13)» Éin innbyggjar-éin journal», som tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til journalen sin.

Journaldokument vil framleis vere arbeidsverktøyet for behandlaren. Sjukehusjournalen skal fortsatt vere behandlar sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endre på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg. Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlar skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der.

Når pasientane sjølve har moglegheit til å følgje opp saka si, betyr det auka pasienttryggleik og ein generell kvalitetsheving av tenesta. Helsetenesta på si side, kan frigjere ressursar som no blir brukte til mange andre viktige oppgåver og dermed styrkje anna kommunikasjon og dialog med pasientane.
Ta for eksempel pasientar som er inkluderte i eit pakkeforløp for kreft. Det gjeld for over 70 prosent av kreftpasientane i Helse Vest. Personar som har hyppig kontakt med helsetenesta har ofte behov for tilgang til journalen sin, moglegheit for å følgje opp tilvisingar og prøvesvar, og gjere nye avtalar. Det skapar tryggleik å kunne følje behandlingsplanen sin på denne måten.

Oversikt. Når ein pasient er del av eit pakkeforløp betyr det mellom anna at pasienten får oppnemnd ein eigen forløpskoordinator ved behandlingsstaden. Forløpskoordinatoren er pasienten sin kontakt på sjukehuset så lenge han eller ho er under utgreiing. I tillegg til at journalen no blir tilgjengeleg på nett vil pasienten også få tilgang til kven som er deira forløpskoordinator, få oversikt over når undersøking og behandling skal skje og få moglegheit til digital dialog med forløpskoordinatoren sin via vestlandspasienten.no.

Dersom pasienten har utgreiing og behandling i fleire føretak vil dei få oppnemnd forløpskoordinator i kvart av sjukehusa som alle blir viste med kontaktinformasjon på vestlandspasienten.no Vi har fått gode innspel frå brukarpanela våre at dette vil vere ei kjærkommen teneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen, kan pasientane vere reelle samarbeidspartnarar med helsetenesta.

Tilgang på tvers av helseføretaka. Samtidig med at pasientane får tilgang til journaldokument på nett, får også behandlarane tilgang til journalen til pasientane på tvers av helseføretaka. Det vil seie at om ein pasient frå for eksempel Helse Førde kjem til Helse Bergen for vidare behandling, vil behandlaren kunne få digital tilgang til dei opplysningar og dokument som gjeld det vidare pasientforløpet. Før blei desse dokumenta sende i posten, og ein måtte ringje til kvarandre for å varsle og ta opp vidare pasientforløp. Vi trur framleis legane vil ha dialog med kvarandre, men det er viktig at alle prosessar er godt planlagde, går raskt og trygt og er til det beste for pasienten.

Dette er ei viktig og rett utvikling. Vi skal ikkje setje behandlar i forlegenheit ved at pasienten har betre tilgang til journaldokument enn det behandlaren har. Derfor har det vore viktig å få på plass denne tilgangen samtidig med at vi opnar for digital visning av journaldokument for pasientane.

Tryggleik. Og sjølvsagt er dette tilgangsstyrt. Det er berre sjukehuspersonell som behandlar pasienten som har tilgang til å sjå journalen. All innsyn i journal blir logga og denne loggen er tilgjengeleg for pasienten på førespurnad. Det er òg verd å merkje seg at vi framleis vil betene pasientane på skikkeleg vis dersom dei ønskjer innsyn i heile journalen. På sikt skal heile journalen bli tilgjengeleg via nett, men til vi er der må pasientar kontakte sjukehuset om dei skal ha innsyn i heile journalen.

Vi skal skunde oss trygt til å få heile journalen på nett. For pasientane og medarbeidarane i sjukehusa våre betyr dette betre samhandling og auka pasienttryggleik. Ein trygg pasient gir ein trygg klinikar.

Hilde Christiansen, Direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Dette blogginnlegget har tidlegare stått i Dagens medisin, både i trykka versjon og på nett.

2015: Pasienten i sentrum

Bloggivest_860x400_Terje_Vareberg

 

 

 

 

 

 

2015 var eit år med gode resultat både når det gjeld kvalitet og økonomi, to viktige føresetnader for trygge og gode helsetenester. Satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging har prega året, og har for alvor bidrege til å styrkje pasientens helseteneste.

At vi har fått dette til, er det alle dei dyktige medarbeidarane i føretaksgruppa som skal ha æra for. Kvar dag gjer dei sitt yttarste for å sikre pasientane på Vestlandet den beste behandlinga vi kan gi. I 2015 fekk fleire pasientar enn nokon gong behandling ved sjukehusa i Helse Vest. Det skjer samtidig som ventetidene er korta og talet på fristbrot er redusert. Det er tydeleg at satsing på kvalitet, systembygging og gode tekniske løysingar har gitt resultat.

For pasientane har dette ført til fleire og betre digitale løysingar, som gjer at dei enklare får informasjon om og kan medverke i eiga behandling. Det er lagt til rette for betre dialog med sjukehuset som, for eksempel, kurs for klinikarar i betre kommunikasjon, ringesenter, varsel om sjukehustimen på SMS og moglegheit til tovegskommunikasjon mellom pasient og sjukehus via vestlandspasienten.no. Frå mai 2016 vil pasientane òg få tilgang til journalen sin på nett. Vi har innført pakkeforløp for kreft, auka kapasiteten innanfor rusbehandling og psykiatri og innført fritt val av behandlingsstad.

For medarbeidarane i sjukehusa har dette betydd betre arbeidsprosessar, lengre planleggingshorisontar og betre arbeidsstøtte. Vi har i 2015 lagt eit godt planarbeid for innføring av nye og betre elektroniske støtteprosessar. Elektronisk kurve og legemiddelsamstemming, digitalt mediearkiv og støtte til samhandling med fastlegar og kommunehelsetenesta, vil gi betydelege gevinstar for medarbeidarane i form av meir brukarvennlege og effektive arbeidsverktøy.

Vi ser ein framgang i alle helseføretaka og i IKT-selskapet. For pasientane betyr eit positivt økonomisk resultat at sjukehusa har handlingsrom til å investere i tiltak som gir betre behandling. Det er lagt ambisiøse planar for utbygging i alle helseføretaka. Dei største prosjekta er nytt sjukehusbygg i Stavanger, vidare arbeid med barne- og ungdomssjukehuset i Bergen, og større utbyggingsprosjekt i Førde og Fonna. Når drifta er god og kvaliteten på tenestene vi leverer er god, gir det inspirasjon til organisasjonen. Medarbeidarane ser at dei får noko igjen for all innsatsen og arbeidet som er lagt ned. Vi ser betre kvalitet og pasienttryggleik i praksis i form av sjekklista for trygg kirurgi, måling av urinvegsinfeksjonar og trykksår, for å nemne nokre av initiativa som gir synlege resultat og er til inspirasjon for andre.

Så er det kjekt å sjå at vi har eit rekordlågt sjukefråvær i organisasjonen. Vi er på linje med landssnittet for alle næringar og er betydeleg betre enn for helse- og sosialsektoren samla. Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for god pasienttryggleik. Eit godt arbeidsmiljø må aldri takast for gitt. Det er noko det må arbeidast med kvar dag. Alle har eit ansvar, men leiinga må gå i front. Det er ein siger som må vinnast kvar dag.

At vi lukkast i det arbeidet vi gjer, speglar seg òg i pasienten si oppleving av sjukehustilbodet. Resultatet frå befolkningsundersøkinga på Vestlandet er klar: Innbyggjarane er godt nøgde med sjukehuset sitt og har styrkt tillit til at dei får den behandlinga dei skal ha når dei treng det. Det er dette som er den eigentlege testen. Det er her vi ser om vi lukkast eller ei. La oss halde fram det gode arbeidet i året som kjem.

Terje Vareberg
Styreleiar

Vi skal kommunisere godt. Kva betyr det?

Bloggivest_BenteAae_860x400

 

 

 

 

 

 

Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF

Sjukehusa har mange måtar å kommunisere med pasientar og pårørande på: Vi har innkallingsbreva som alle får i posten når dei får tildelt ein time på sjukehuset, vi har SMS-ar med påminning om time, vi har vestlandspasienten.no, kor du kan logge deg inn og sjå informasjon om timen din, og sende melding om du lurer på noko, vi har nettsidene våre, kor du kan få all mogleg praktisk informasjon. Telefonen er framleis i hyppig bruk. Og sist, men ikkje minst, den viktige ein-til ein-kommunikasjonen i møtet mellom pasient og behandlar.

Les også: Å lytte er å høyre også det som ikkje blir sagt

Alt dette skal sørgje for god informasjon frå oss til pasientane, og god kommunikasjon mellom pasientar og pårørande og sjukehuset.

Mye informasjon og mange måtar å nå pasientane på er ikkje nok i seg sjølve. Mange påminningar på SMS er ikkje noko poeng om det ikkje kjem klart og tydeleg fram kvar du skal møte og når. Eit langt brev med mange ord er ingen vits om innhaldet er uklårt og du likevel må ringe for å forstå.

I Helse Vest har vi lenge vore opptekne av at vi skal kommunisere godt med pasientane våre. Med det meiner vi at vi skal informere på ein enkel måte med eit forståeleg språk, vi skal sørgje for at informasjonen vi gir ut til ei kvar tid er oppdatert og korrekt, og vi skal vere tilgjengelege.

Vi meiner at du som pasient skal sleppe å leite etter den informasjonen du treng. Vi skal leite for deg, og presentere han for deg på ein lettfatteleg måte. Og lurer du på noko meir, står vi klare til å svare.

Derfor har vi kvitta oss med telefontider på sjukehusa. No kan du ringje til alle avdelingane i heile opningstida deira, og du skal få svar med ein gong.

Derfor har vi laga nye og betre innkallingsbrev. Breva er kortare og enklare å forstå, men inneheld all den informasjon du treng når du skal førebu deg til timen din.

Derfor får du SMS, ikkje berre som påminning rett før timen din, men også i det timen din blir tildelt, slik at du kan leggje han rett i kalenderen din.

Derfor utviklar vi vestlandspasienten.no til å bli enda betre, slik at du får all den informasjonen du treng om timen din og kan kommunisere med sjukehuset akkurat når det passer for deg.

Derfor lager vi ein app, som du kan laste ned på mobilen din, slik at du har all informasjonen du treng om timen din, i di eiga lomme.

Derfor lager vi heilt nye og mykje betre nettsider for alle sjukehusa, slik at du lettare skal kunne finne den informasjonen du treng før, under og etter ei behandling, enten det er informasjon om behandlinga du skal gjennom, om sjukdommen generelt – eller praktisk informasjon, for eksempel om kor du kan parkere.

Og derfor har vi eit godt samarbeid med helsenorge.no, slik at du lett får tilgang til Mine reseptar, Mine vaksiner, Digital dialog med fastlegen, Kjernejournal, og mykje meir…

Det er dette vi meiner med god kommunikasjon. Er du einig?

Les også: Faguttrykk er ingen ressurs for god kommunikasjon

Helsing Bente Aae

Kjernejournal kan redde liv

Gjestebloggeren_210x300_CHISTINEBERGLANDNo har vi utvida utprøvinga av kjernejournal frå fem kommunar i Trondheimsområdet til tre nye i Stavangerområdet.

Av: Christine Bergland, divisjonsdirektør e-helse og IT, Helsedirektoratet
Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet

At kjernejournal blir innført i Stavanger, Sola og Randaberg, betyr at dei 165.000 som bur i desse kommunane no har fått sin kjernejournal. Helsepersonell i same område tar løysinga i bruk litt seinare i vår.

Kjernejournal skal sikre god og trygg behandling, særleg i akutte situasjonar når det hastar for helsepersonell å få tak i viktige og oppdaterte opplysningar. Kjernejournal inneheld blant anna data om kva slags legemiddel vi brukar, kritisk informasjon om alvorlege sjukdommar og allergiar og dei siste kontaktane vi hadde med spesialisthelsetenesta. Informasjonen blir i all hovudsak henta frå sentrale register som NPR og e-reseptløysinga.

Kjernejournal gir pasientane ei ny rolle i helsetenesta. Alle innbyggjarar i Stavanger- og Trondheimsområdet, og vi andre etter kvart, kan leggje inn opplysningar om eiga helse i kjernejournalen. Vi kan registrere nærare 400 førehandsdefinerte sjukdommar med våre eigne korte kommentarar som vi vil at helsetenesta skal vite om. Dette skjer via helsenorge.no/min helse.

I tillegg kan vi som innbyggjarar følgje med på kven som har gjort oppslag i våre opplysningar og velje kven som skal ha tilgang til kva slags opplysningar ved reservasjonsløysingar som er tilgjengelege på helsenorge.no. Dette er etter mi oppfatning noko av det sterkaste personvernet vi kan tilby pasientane i norsk helseteneste.

Det er aukande merksemd rundt betydinga av å involvere pasientane sterkare både før, under og etter behandling. Pasienten som ein ressurs bidrar til auke kvaliteten i tenesta. Tryggleiken som følgjer av det å kunne gi opplysningar om eiga helse til ei felles løysing og moglegheita til å kontrollere tilgang til opplysningane, er ein viktig milepåle i utviklinga av helsetenesta. Eg trur dette er ein forsmak på alle morgondagens løysingar. Særleg er det viktig at kjernejournal gir pasientane tilgang til akkurat den same informasjonen som helsepersonellet har.

Det er alltid spennande å prøve ut nye system. Frå Trondheim har vi gode erfaringar: Legar og sjukepleiarar som bruker det er nøgde, og vi har fått høyre historier om at den nye løysinga har vore med å redde liv.

Vi veit ikkje heilt kva kjernejournal vil bli på lang sikt. Uansett er det krevjande og morosamt i utprøvingsfasane.

Helsing Christine