Teknologi gir auka tryggleik

Johnny HeggestadHelse Vest er fremst i løypa når det gjeld systembygging. Ein ny teknologiplan og gode løysingar skal gi støtte til endå betre sjukehustenester framover.

Av Johnny Heggestad, prosjektdirektør i Helse Vest

Utviklinga av tilbod og behandling i sjukehusa våre er knytt til fleire område, blant anna flinke og engasjerte fagfolk, god drift og satsing på forsking og innovasjon. Teknologi er grunnleggande og viktig for at vi skal lukkast på alle område, og treff oss enten vi er pasientar eller vi arbeider på eit sjukehus.

Teknologi blir ein stadig viktigare del av sjukehuskvardagen. Slik er det og slik må det vere. I mange år har Helse Vest satsa på, og lukkast med, systembygging for sikker pasientbehandling, for å gjere kvardagen enklare, både for pasientar og medarbeidarar. No lanserer vi ein ny regional teknologiplan for satsinga vidare. Planen er utarbeidd med brei deltaking og semje frå sjukehusa på Vestlandet og skal gi retning i teknologiske vegval, val og prioriteringar framover.

Overskriftene ein les i media svartmålar ofte bildet og ein skal ikkje tru alt ein les. Det er ikkje slik at vi køyrer røntgenbilete i taxi, det er ikkje slik at felles system mellom sjukehusa ikkje finst og ikkje blir utvikla. Felles elektronisk pasientjournal er eit eksempel på ei felles løysing på Vestlandet, ei stor satsing dei siste åra. Røntgen og bildelagring er døme på eit av områda der vi førebur felles løysing. E-resept er snart klar til bruk, og fleire løysingar kjem på plass dei kommande åra fram mot 2020.

Teknologi er eit omfattande område. Teknologiplanen vår vidarefører IKT-strategien i Helse Vest ut frå erkjenninga av at ulike teknologiar som informasjonsteknologi, medisinsk-teknisk utstyr, tele, signal og video smeltar meir og meir saman til eit heile. Då er det også viktig å sjå det heile i samanheng, både på Vestlandet og nasjonalt.  Vi skal effektivisere og systematisere verksemda gjennom bruk av betre teknologi og gode løysingar.

Eit viktig utgangpunkt for teknologiplanen vår er Ein innbyggjar, ein journal. Eit heilskapleg pasientforløp betyr at informasjonen om pasienten skal følgje pasienten, same kor ho eller han blir behandla. For å få til dette har vi altså eit felles journalsystem og arbeider med eit felles bildearkiv kor røntgenbilete ligg. På den måten blir det enklare for pasienten, sidan journalane og bilda finst i eitt register. Det blir også lettare for personen som behandlar pasienten, enten ho arbeider i kommune eller sjukehus. Informasjonen blir lettare tilgjengeleg for dei som skal ha han.

Over tid kan slike system også brukast på nasjonalt nivå. Ein føresetnad for å bruke systema på nasjonalt nivå, er at det først fungerer bra på regionalt nivå. Ein meir overordna teknologiplan kan vere med på å auke kvaliteten i behandlinga, i tillegg til tryggleiken for pasienten. Er systema effektive og gode, gir dette gevinst både for pasient og sjukehus.

Innovasjon er eit eige tema i planen som no er lagt fram. Det er stort potensial for å tenke nytt. Her må vi trekke på all god kunnskap hos medarbeidarane våre, men innovasjon og utvikling føreset også godt samarbeid med omverda.  Dette gjeld blant anna ved nye anskaffingar. Vi vil ikkje lykkast framover utan leverandørar som forstår dei behova vi har og som evnar å levere.

Helse Vest ligg fremst i løypa når det gjeld systembygging og med planen som no er lagt fram har vi ein god strategi å følgje for vegen vidare.

Ha ein fin dag vidare!

Johnny Heggestad

Blogg_i_Vest_116x116