Er det eit problem at vi planlegg godt?

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

Pågåande pasientforløp er ein konsekvens av at pasientar har ulike behov i sjukehusa. Somme har korte, andre har lange forløp. Det bør derfor ikkje vere eit problem at vi har mange pågåande pasientforløp. Tvert om er det manglande planlegging og etterleving av det som er planlagt vi må til livs.

Av Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi, Helse Vest RHF

Det er med undring eg les debatten om den usynlege interne sjukehuskøen som har florert i ulike medium og tidsskrifter den siste tida. Vi har tillit til dei vurderingane legane gjer, kvar dag, når dei vurderer nye tilvisingar. Kvar einaste tilvising til spesialisthelsetenesta blir vurdert og behandla i tråd med gjeldande prioriteringsrettleiarar. Når ein har hatt første konsultasjon blir det beslutta vidare forløp. Enten det er behov for vidare utgreiing, eller at ein har fått avklart det som var nødvendig.

Vi må vere trygge på at dei slutningane som blir tekne, er dei rette for den einskilde pasienten. Det betyr, som eg òg har påpeikt tidlegare, at vi eigentleg ikkje har sjukehuskø i Noreg, men fagleg prioritert planlegging. Det er omgrep vi har nytta når vi no har gått i gjennom alle arbeidsprosessar for tildeling av timar for poliklinikk og dagbehandling i Helse Vest. Det gjeld enten det er utgreiing, behandling eller kontrollar. Det har òg vore viktig å leggje til rette for god planlegging og oppfølging i arbeidsprosessane for dei pasientane som skal i eit vidare behandlingsforløp for døgnbehandling.

Pakkeforløp for kreft er eit eksempel på at sjukehuset planlegg mange ulike aktivitetar og ikkje tar endeleg beslutning om vidare tiltak før ein er trygg på at det er det rette, eller at ein planlegg kirurgiske inngrep før alle nødvendige kliniske undersøkingar og vurderingar føreligg, sjølv om også dette går raskt for mange pasientar.

Det er synd at vi igjen skal ha ein debatt om at vi ikkje har fagleg prioritert planlegging i sjukehusa, enten det gjeld dag, døgn eller poliklinikk. Det har vore ein uting at ein planlegg med tentative timar, det er vi alle samde om. Det fører berre til mange planleggingsprosessar for kvart einskilt tiltak eller pasient. Vi har jobba mykje med dette dei siste åra gjennom programmet «Alle møter». Saman med fagmiljøa har vi støtta opp om nye arbeidsprosessar der det sjølvsagt er lagt premissar for korleis og korleis vi må planleggje for å unngå dette.

Det er lagt ned eit omfattande utviklingsarbeid og vi gler oss over at vi no nesten er i mål. Det er ikkje slik at det er tusenvis av pasientar der dato for kontakt har passert. Per i dag har vi 1 364 kontaktar der planlagt tidspunkt er passert, for alle fag og omsorgsnivå. Dette tar vi på alvor og målet er at ingen pasientar skal oppleve dette. Det er heller ikkje slik at vi har titusenvis av pasientar som ikkje har fått tildelt konkret tidspunkt for kontakt, men for dei det gjeld, er det svært viktig.

Akkurat i dag pågår det planlegging for om lag 5 000 pasientar. Dette talet må sjåast i samanheng med kor mange nye tilvisingar vi får kvar månad. Når vi får om lag 23 000 nye tilvisingar kvar månad, er det ikkje gjort på éin dag å planleggje for alle. At vi akkurat i dag har om lag 5 000 pasientar det pågår panlegging for speglar ganske så bra volumet av tilvisingar som blir mottekne kvar veke. I snitt tek det tre dagar frå vi mottek tilvisinga til ho er vurdert, medianen er éin dag. Nær 90 prosent får tildelt ein konkret time for første kontakt innan få dagar etter at tilvisinga er vurdert, med sms om time og informasjon om timen på Vestlandspasienten.no.

Det er etter kvart eit lite omfang i bruk av tentative timar. Det har vore omfattande analysar av ventetid, der mange pasientar som har opplevd at dato har passert, der mange som har tentativ time, enten det er for elektiv døgn, dag eller poliklinikk. Vi finn ikkje grunnlag for å seie at det finst skjulte interne ventelister, men at det kontinuerleg er ein del av befolkninga på Vestlandet som har planlagd kontakt med sjukehusa.

Vi har ønske om å vere opne om alle tal og kva vi skal bli betre på, men vi må òg evne å gi ros til medarbeidarar og leiarar som har stått på for at det på Vestlandet er utvikla ein god kultur for oppgåveplanlegging, som gir stor verdi for pasientane. Vi skal ikkje skjemmast over at vi har 270 000 pågåande pasientforløp. Det vil alltid vere ein del av befolkninga som har eit pasientforløp i sjukehusa. Det viktige er at det er oversikt og kontroll på at alle pasientane får den utgreiinga, behandlinga og oppfølginga dei skal ha, til rett tid og med rett kvalitet.

Eg er stolt over den innsatsen, engasjementet og tilslutnaden kring god planlegging som er i føretaka. Vi er på veg ned til null fristbrot og ingen tildeling av tentative timar. Pasientar skal heller ikkje oppleve at dato for tiltak er passert. For oss betyr det like mykje at vi planlegg alt like godt uavhengig om det gir fristbrot eller ikkje.

Dei 270 000 pasientane som til ei kvar tid har kontakt med sjukehusa på Vestlandet har for dei aller fleste planlagde forløp som blir følgde til punkt og prikke. At vi har mange pågåande pasientforløp er altså ikkje eit problem. Det er eit uttrykk for godt planlagd sjukehusdrift. Vi må vere samde om kva omgrep vi nyttar og kva som er gode mål. Berre slik kan vi ha ei god tilnærming til kva dette eigentleg handlar om. Fagmiljøa er opptekne av at vi må kommunisere tala, no har eg gjort det. Eg håpar at vi kan nytte planlagd prioritert planlegging og pågåande pasientforløp som omgrep, der alle kan leggje fram tal om kor mange pasientar som har tentativ time og kor mange pasientar der dato for tiltak er passert – på same måte som for fristbrot. Først då kan vi diskutere om planlegginga er god eller kva som må til for at det skal bli betre.

Hilde Christiansen

Dette blogginlegget har også stått på trykk i Dagens medisin og på nettsidene dagensmedisin.no

Tryggare pasientar, tryggare klinikarar

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Dette er eit løft ikkje berre for pasientane, men òg for klinikarane. Dette betyr nemleg også at det blir opna for tilgang på tvers av føretaka, noko som gjer at klinikarane kan stille betre førebudde til møtet med pasienten.

Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får tilgang til journaldokument, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang blir gitt gjennom sikker pålogging på vestlandspasienten.no, som er kopla til helsenorge.no.

For pasientar innanfor somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innanfor rus og psykisk helsevern er datoen 19. september. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 1. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

Kvifor gjer vi dette? Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til journaldokument, og i løpet av året sjukehusjournalen, vil pasientane vere meir oppdaterte og dermed kunne vere meir delaktige i eiga helse og eiga behandling. Det er òg nyttig når pasientane har kontakt både med spesialisthelsetenesta og fastlegane, eller mellom sjukehus. Dette er i tråd med Stortingsmelding 9 (2012-13)» Éin innbyggjar-éin journal», som tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til journalen sin.

Journaldokument vil framleis vere arbeidsverktøyet for behandlaren. Sjukehusjournalen skal fortsatt vere behandlar sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endre på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg. Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlar skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der.

Når pasientane sjølve har moglegheit til å følgje opp saka si, betyr det auka pasienttryggleik og ein generell kvalitetsheving av tenesta. Helsetenesta på si side, kan frigjere ressursar som no blir brukte til mange andre viktige oppgåver og dermed styrkje anna kommunikasjon og dialog med pasientane.
Ta for eksempel pasientar som er inkluderte i eit pakkeforløp for kreft. Det gjeld for over 70 prosent av kreftpasientane i Helse Vest. Personar som har hyppig kontakt med helsetenesta har ofte behov for tilgang til journalen sin, moglegheit for å følgje opp tilvisingar og prøvesvar, og gjere nye avtalar. Det skapar tryggleik å kunne følje behandlingsplanen sin på denne måten.

Oversikt. Når ein pasient er del av eit pakkeforløp betyr det mellom anna at pasienten får oppnemnd ein eigen forløpskoordinator ved behandlingsstaden. Forløpskoordinatoren er pasienten sin kontakt på sjukehuset så lenge han eller ho er under utgreiing. I tillegg til at journalen no blir tilgjengeleg på nett vil pasienten også få tilgang til kven som er deira forløpskoordinator, få oversikt over når undersøking og behandling skal skje og få moglegheit til digital dialog med forløpskoordinatoren sin via vestlandspasienten.no.

Dersom pasienten har utgreiing og behandling i fleire føretak vil dei få oppnemnd forløpskoordinator i kvart av sjukehusa som alle blir viste med kontaktinformasjon på vestlandspasienten.no Vi har fått gode innspel frå brukarpanela våre at dette vil vere ei kjærkommen teneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen, kan pasientane vere reelle samarbeidspartnarar med helsetenesta.

Tilgang på tvers av helseføretaka. Samtidig med at pasientane får tilgang til journaldokument på nett, får også behandlarane tilgang til journalen til pasientane på tvers av helseføretaka. Det vil seie at om ein pasient frå for eksempel Helse Førde kjem til Helse Bergen for vidare behandling, vil behandlaren kunne få digital tilgang til dei opplysningar og dokument som gjeld det vidare pasientforløpet. Før blei desse dokumenta sende i posten, og ein måtte ringje til kvarandre for å varsle og ta opp vidare pasientforløp. Vi trur framleis legane vil ha dialog med kvarandre, men det er viktig at alle prosessar er godt planlagde, går raskt og trygt og er til det beste for pasienten.

Dette er ei viktig og rett utvikling. Vi skal ikkje setje behandlar i forlegenheit ved at pasienten har betre tilgang til journaldokument enn det behandlaren har. Derfor har det vore viktig å få på plass denne tilgangen samtidig med at vi opnar for digital visning av journaldokument for pasientane.

Tryggleik. Og sjølvsagt er dette tilgangsstyrt. Det er berre sjukehuspersonell som behandlar pasienten som har tilgang til å sjå journalen. All innsyn i journal blir logga og denne loggen er tilgjengeleg for pasienten på førespurnad. Det er òg verd å merkje seg at vi framleis vil betene pasientane på skikkeleg vis dersom dei ønskjer innsyn i heile journalen. På sikt skal heile journalen bli tilgjengeleg via nett, men til vi er der må pasientar kontakte sjukehuset om dei skal ha innsyn i heile journalen.

Vi skal skunde oss trygt til å få heile journalen på nett. For pasientane og medarbeidarane i sjukehusa våre betyr dette betre samhandling og auka pasienttryggleik. Ein trygg pasient gir ein trygg klinikar.

Hilde Christiansen, Direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Dette blogginnlegget har tidlegare stått i Dagens medisin, både i trykka versjon og på nett.

2015: Pasienten i sentrum

Bloggivest_860x400_Terje_Vareberg

 

 

 

 

 

 

2015 var eit år med gode resultat både når det gjeld kvalitet og økonomi, to viktige føresetnader for trygge og gode helsetenester. Satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging har prega året, og har for alvor bidrege til å styrkje pasientens helseteneste.

At vi har fått dette til, er det alle dei dyktige medarbeidarane i føretaksgruppa som skal ha æra for. Kvar dag gjer dei sitt yttarste for å sikre pasientane på Vestlandet den beste behandlinga vi kan gi. I 2015 fekk fleire pasientar enn nokon gong behandling ved sjukehusa i Helse Vest. Det skjer samtidig som ventetidene er korta og talet på fristbrot er redusert. Det er tydeleg at satsing på kvalitet, systembygging og gode tekniske løysingar har gitt resultat.

For pasientane har dette ført til fleire og betre digitale løysingar, som gjer at dei enklare får informasjon om og kan medverke i eiga behandling. Det er lagt til rette for betre dialog med sjukehuset som, for eksempel, kurs for klinikarar i betre kommunikasjon, ringesenter, varsel om sjukehustimen på SMS og moglegheit til tovegskommunikasjon mellom pasient og sjukehus via vestlandspasienten.no. Frå mai 2016 vil pasientane òg få tilgang til journalen sin på nett. Vi har innført pakkeforløp for kreft, auka kapasiteten innanfor rusbehandling og psykiatri og innført fritt val av behandlingsstad.

For medarbeidarane i sjukehusa har dette betydd betre arbeidsprosessar, lengre planleggingshorisontar og betre arbeidsstøtte. Vi har i 2015 lagt eit godt planarbeid for innføring av nye og betre elektroniske støtteprosessar. Elektronisk kurve og legemiddelsamstemming, digitalt mediearkiv og støtte til samhandling med fastlegar og kommunehelsetenesta, vil gi betydelege gevinstar for medarbeidarane i form av meir brukarvennlege og effektive arbeidsverktøy.

Vi ser ein framgang i alle helseføretaka og i IKT-selskapet. For pasientane betyr eit positivt økonomisk resultat at sjukehusa har handlingsrom til å investere i tiltak som gir betre behandling. Det er lagt ambisiøse planar for utbygging i alle helseføretaka. Dei største prosjekta er nytt sjukehusbygg i Stavanger, vidare arbeid med barne- og ungdomssjukehuset i Bergen, og større utbyggingsprosjekt i Førde og Fonna. Når drifta er god og kvaliteten på tenestene vi leverer er god, gir det inspirasjon til organisasjonen. Medarbeidarane ser at dei får noko igjen for all innsatsen og arbeidet som er lagt ned. Vi ser betre kvalitet og pasienttryggleik i praksis i form av sjekklista for trygg kirurgi, måling av urinvegsinfeksjonar og trykksår, for å nemne nokre av initiativa som gir synlege resultat og er til inspirasjon for andre.

Så er det kjekt å sjå at vi har eit rekordlågt sjukefråvær i organisasjonen. Vi er på linje med landssnittet for alle næringar og er betydeleg betre enn for helse- og sosialsektoren samla. Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for god pasienttryggleik. Eit godt arbeidsmiljø må aldri takast for gitt. Det er noko det må arbeidast med kvar dag. Alle har eit ansvar, men leiinga må gå i front. Det er ein siger som må vinnast kvar dag.

At vi lukkast i det arbeidet vi gjer, speglar seg òg i pasienten si oppleving av sjukehustilbodet. Resultatet frå befolkningsundersøkinga på Vestlandet er klar: Innbyggjarane er godt nøgde med sjukehuset sitt og har styrkt tillit til at dei får den behandlinga dei skal ha når dei treng det. Det er dette som er den eigentlege testen. Det er her vi ser om vi lukkast eller ei. La oss halde fram det gode arbeidet i året som kjem.

Terje Vareberg
Styreleiar

Frå synsing til kunnskap

Eva C. backer

 

 

 

 

 

 

Av Eva C. Backer, rådgivar i Helse Vest IKT, sjukepleiar og medforfattar av fagboka «Klinisk kommunikasjon i praksis», Universitetsforlaget 2013.

Journalen er først og fremst behandlarens sitt verktøy – men er det verkeleg til hinder for at pasienten blir gitt tilgang på nettet til eigne helseopplysningar?

Eit eksperiment: I 2012 fekk 13 500 pasientar ved tre store helsesenter i USA tilgang til journalen sin på internett [1]. Pasientane logga seg på ein nettportal som tok vare på tryggleiken til sensitiv informasjon tilsvarande vår portal helsenorge.no.

Funna er verde å merkje seg: Dei fleste pasientane brukte moglegheita og las minst eitt journalnotat. Av dei over fem tusen pasientane som svarte på spørjeskjemaet, svarte mellom 77-87 prosent (avhengig av kva for eit legesenter dei høyrde til) at tilgangen gav dei ei oppleving av auka kontroll over eiga helse. Berre 1-8 prosent rapporterte om forvirring, uro eller harme. 60-78 prosent rapporterte at dei i større grad tok medisinane som var skrive ut til dei.

Og kva erfarte legane? Dei fleste legane fortalde at dei ikkje erfarte nokre endringar i arbeidet sitt i dei 12 månadane eksperimentet varte. Pasientane tok svært sjeldan opp tema frå «eigenlesinga» med legen. I snitt rapporterte 20 prosent av legane at konsultasjonane vart meir effektive. 82 prosent meinte at løysinga kan vere nyttig for rettleiing og kommunikasjon med pasientar. 85-91 prosent av legane synest tilgang på nettet for pasientar var ein god idé, og ingen av legane tok imot tilbodet om å avslutte deltakinga etter at studiet var over.

Pasientar forstår meir enn vi trur: I ein norsk studie kor deltakarane var personar som hadde bede om å få tilsendt utskrift av journalen sin, vart deltakarane spurde om dei fann svaret på det dei lurte på ved å lese journalen. Av 108 personar sa heile 85 prosent at dei fann svaret, 12 prosent at dei ikkje fann det.

Sjølv om deltakarane rett nok ikkje forstod alt som stod i han, var dei generelt nøgde. Sitat frå undersøkinga:

«Det er klart det er nokre uttrykk eg ikkje forstår, men eg forstår dei ut frå samanhengen, og uansett, eg skjønar jo fagutrykka som er mest relevante for meg.» [2]

Pasientar ønskjer tilgang til nettet: Svært få pasientar bruker moglegheita dei har i dag til å lese sin eigen journal som krev skriftleg søknad, ventetid og levering i post. Ved spørsmål om kvifor ikkje, seier pasientar at dei ikkje ønskjer å verke mistenksame eller misnøgde. Om datatryggleiken er god, er tilgang til journalen på internett noko dei aller fleste spurde ønskjer [4].

Ikkje lenger på eksperimentstadiet: I Danmark har innbyggjarane hatt tilgang til journalen på nett sidan 2007, og Sverige rullar ut ei løysing no. Erfaringane er gode. Stortingsmelding 9 gir klare forventingar til sjukehusa i vårt eige land om å kome i gang. Er du pasient i Helse Nord skal du få tilgang til sjukehusjournalen din i løpet av hausten 2015. Helse Vest har enkel tilgang til eigne helseopplysningar for pasientar som tiltak i strategi- og handlingsplanar, og diskusjonar med tanke på å skape ei god løysing er i gang.

Openheit skapar tryggleik: Mange studiar støttar funna som er beskrivne i døma over. Meir openheit vil truleg verken skape meirarbeid for legane eller vesentleg frykt hos pasientane. I eit svensk forstudium [3] finn vi derimot ei anna rapportert uro frå pasientar, nemleg at tilgang til journalen på nett skal føre til at helsepersonell trur at dei bør endre journalskrivinga for å skåne pasientane, som til dømes å dokumentere i mindre klartekst og å etablere rutinar og system for meir hemmeleghald.

For pasientar vil tilgang på nettet til eigne helseopplysingar vere eit viktig tiltak for eit helsevesen som arbeider hardt for å oppnå likeverd mellom system og pasient, og som ønskjer kunnskapsrike pasientar som i auka grad meistrar eiga helse.

  1. Inviting Patients to Read Their Doctors’ Notes: A Quasi-experimental Study and a Look Ahead, Tom Delbanco MD m.f, Annals of Internal Medicine 2012; 157(7):461470.
  2. Clinical Documentation as a Source of Information for Patients – Possibilities and Limitations
    Torunn Wibe, Mirijam Ekstedt, Ragnhild Hellesø, Karl Øyri, Laura Slaughter. MEDINFO 2013
  3. Delrapport 1 forstudien «Din journal på nätet» av selskapet Inera, på oppdrag av svenske helsemyndigheiter
  4. Undersøkingar frå Kreftforeningen, Teknologirådet, Helse Nord. Sjå også referanse 2.

2014 – Eit godt år

Bloggivest_860x400_Terje_Vareberg

 

 

 

 

 

 

Av Terje Vareberg, styreleiar i Helse Vest RHF

Aldri før har vi behandla fleire pasientar i sjukehusa på Vestlandet. At dette skjer samtidig som ventetidene blir kortare er svært gledeleg. Det er tydeleg at satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging gir resultat.

Det er først og fremst på kvaliteten på tenestene og pasienten si oppleving av desse at vi skal målast. Kvar dag gjer omlag 27 300 medarbeidarar ein strålande jobb og resultata frå dei nasjonale brukarerfaringsundersøkingane viser at vi skorar høgare på brukaropplevd kvalitet no enn tidligare. Satsinga på pasienttryggleiksarbeid viser tydelege resultat. Talet på pasientskadar går ned og vi ser at det ofte ikkje er mykje som skal til for at det skal ha ein effekt. Risikovurdering og bruk av sjekklister er eksempel på slike tiltak, og er god motivasjon til vidare forbetringsarbeid.

Satsinga på pasienttryggleik og arbeidet med HMS (helse, miljø og sikkerheit) er tett knytt saman. Eit godt og trygt arbeidsmiljø er avgjerande for å kunne tilby pasientane våre tenester av høg kvalitet. I 2014 gjennomførte vi ein omfattande medarbeidarundersøking i sjukehusa og resultata er oppløftande. Dette speglar seg også i sjukemeldingstala. Ved utgangen av året var det gjennomsnittlege sjukemeldte sjukefråværet i føretaksgruppa 5,4 prosent. Det er betre enn landssnittet til NAV for alle næringar og betydeleg betre enn det sjukemeldte sjukefråværet innanfor helse- og sosialtenester, som var på 7,6 prosent.

Det er likevel urovekkjande å sjå at talet på valdshandlingar retta mot medarbeidarane våre aukar. Dette må vi ta på alvor. For å kunne gjere ein god jobb er det viktig at vi kjenner oss trygge, både på veg til jobb, på jobb og på veg heim. Dette er eit viktig område vi må arbeide målretta med for å kunne møte behovet for gode pasienttenester i åra som kjem.

Helse Vest står ovanfor mange svært omfattande utbyggings- og renoveringsprosjekt ved alle dei største sjukehusa. Solid drift gir oss eit godt grunnlag for å gjennomføre nødvendige investeringar i, for eksempel, utstyr og bygg. Slik kjem det positive økonomiske resultatet pasientar og medarbeidarar til gode. For å kunne investere i framtida må vi oppretthalde solid drift og vise til positive økonomiske resultat også i åra som kjem.

Sjølv om vi i 2014 kunne hauste godt av det langsiktige arbeidet som er gjort både innanfor IKT-utvikling og systemstøtte er det framleis store oppgåver som skal løysast på ein god måte. Dette gjeld blant anna i arbeidet med å skape pasientens helseteneste, ta i bruk mangfaldet ved å innføre fritt behandlingsval, sørgje for raskare diagnose og redusert ventetid for kreftpasientar, og auke kapasiteten innanfor rus og psykiatri. Vi er godt på veg innanfor alle desse områda og 2015 vil gjere det mogleg for oss å vise at vi også her kan vise til gode resultat.

Eg vil nytte høvet til å takke alle dei engasjerte og arbeidsame medarbeidarane som jo har æra for dei gode resultata vi har sett i 2014. Gjennom det arbeidet som er gjort, har vi lagt eit godt grunnlag for året som kjem. Med felles innsats er eg ikkje i tvil om at vi vil nå dei måla vi har sett oss.

Terje Vareberg
Styreleiar

Nye nettsider, kva synest du?


Bloggivest_BenteAae_860x400Sjukehusa på Vestlandet lanserer no nye nettsider. Sidene er utvikla med solid innsats frå flinke fagfolk og betre kunnskap om kva du ønskjer å finne på sidene. Klikk innom, og fortel oss kva du meiner!

Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF

Dei aller, aller fleste av oss er på nett, og vi veit alle at nettbruken er noko som utviklar seg heile tida. Nettsidene våre er ikkje lenger berre ein kanal for å leggje ut informasjon. Dei er for dei fleste sjølve informasjonsstaden og ein sjølvsagt del av kontakten med sjukehuset, på lik linje med samtalar og besøk elles.

Derfor legg vi vekt på å vere like tilgjengelege på mobil og nettbrett som på PC, vi forenklar og gjer informasjonen tydelegare, vi legg vekt på kva du som brukar av nettsidene til ei kvar tid vil ha og, saman med vestlandspasienten.no, legg vi til rette for betre dialog med sjukehuset på nett.

God kunnskap er ein føresetnad for å lage nye, gode nettsider. Sjukehusa på Vestlandet, Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT og Helse Vest RHF har til saman over 3 millionar besøk på nettsidene på eitt år. Over 50 prosent av dei som besøkjer oss her allereie brukar mobil eller nettbrett når dei går inn på sidene.

Vi har hatt samtalar med både pasientar og pårørande, helsepersonell og andre, for å finne meir ut kven det er som brukar sidene, kva dei ønskjer å finne på sidene våre og kva tenester dei vil ha. Brukarane har altså lagt premissa for dei nye løysingane.

Vi lovar å følgje med i utviklinga framover og stadig legge til rette for den gode kommunikasjonen. For oss handlar det først og fremst om å vere tilgjengeleg for deg, når du treng informasjon frå, og kommunikasjon med, oss.

Det handlar om å kunne gi pasientar og pårørande, jobbsøkjarar og studentar, journalistar og fagfolk i eller utanfor sjukehusa, den best moglege informasjonen. Det handlar om å vere til stades 24 timar i døgnet. Og så handlar det om universell utforming, å gjere nettsidene tilgjengelege for alle.

Frå 1. juli 2014 må alle nye nettsider følgje forskrifta om universell utforming. Det vil seie at alle skal ha lik tilgang på informasjon og tenester på nett. Universell utforming er heilt nødvendig for nokre personar – og nyttig for alle. Her snakkar vi om at sidene er enkle å lese, at synshemma kan sjå alle bokstavar og skjøne kva som blir vist i eit bilde, at sidene skal vere tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsevna. Og som nemnd, dei er også tilpassa mobil og nettbrett. Det er kanskje det du brukar når du les dette?

Tidlegare i år lanserte vi Vestlandspasienten, der kan du logge deg på for å finne utvalde timeavtalar du har ved sjukehuset. Du kan sende ei elektronisk melding til sjukehuset dersom du ønskjer å endre time, eller om du har andre spørsmål. Den elektroniske kvardagen vår endrar seg heile tida.

Velkommen til å ta ein titt på http://www.helse-vest.no. Der finn du også lenkjer til sjukehusa våre og til Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest IKT.

Test oss! Og om du vil si oss meininga di, ser vi fram til å høyre frå deg.

Bente Aae
Vil du lese meir om trendar på nett anbefalar vi eit besøk på baksida av helsenoreg.no

Paradigmeskifte i helsevesenet

ErikHansen_Gjestebloggeren_210x300Skal helsepersonell kunne yte behandling av god kvalitet, må de ha tilgang til all relevant helseinformasjon om pasienten. Med lovendringen som er på trappene kan helsevesenet moderniseres.

Av Erik M. Hansen, administrerende direktør i Helse Vest IKT

Jeg utfordret våre politiske myndigheter, blant annet, gjennom en kronikk om helsefarlig informasjonssvikt i Dagens Næringsliv 29. mai 2012. Informasjonen må følge pasienten på ferden gjennom de ulike virksomhetene i helsevesenet. I dag er dette ikke tilfellet på grunn av gjeldende lovgivning. Gapet mellom hvilken informasjon pasientene forventer at helsepersonell har tilgang til, og hvilke opplysninger helsepersonell faktisk har tilgang til, er stort og økende. Dagens oppstykkede løsning med mange lokale IKT-systemer som kommuniserer dårlig med hverandre er en stor trussel mot pasientsikkerheten i helsevesenet og et enormt ressurssluk. Stortinget må nå velge: Enten endre lovverket eller organiseringen av helsevesenet – eller akseptere at moderniseringen av samhandlingen i helsevesenet stanser opp.

I 2012 ble Stortingsmelding nr. 9 (2012 – 2013) om «En innbygger – en journal» lagt frem. Meldingen anbefalte en bred gjennomgang av Helseregisterloven, slik at pasienten settes i sentrum for informasjonen, ikke virksomhetene, som i dag. Stortinget gav, ved sin behandling av meldingen i mars 2013, en bred tilslutning til hovedtrekkene anbefalingen. Det lover bra!

Stortingsmeldingen ble i juni 2013 fulgt opp med to nye lover sendt ut på høring; Pasientjournalloven og ny helseregisterlov.

I forslag til lov om pasientjournaler foreslår nå helse- og omsorgsdepartementet at to eller flere virksomheter (§ 9) kan samarbeide om behandlingsrettede helseregistre (elektronisk pasientjournalsystem). Dette er mest aktuelt innad i helseregionen, all tid de aller fleste pasientene behandles i egen region. Det kan for eksempel være alle helseforetakene i en helseregion eller det kan være samarbeid mellom helseforetak og kommunene i helseforetakets område om elektronisk pasientjournal. Aktørene i samarbeidet kan være privateide virksomheter, så vel som offentlige virksomheter, fastleger og avtalespesialister.

Det er også foreslått en ny bestemmelse i loven (§ 19) som åpner for tilgang på tvers av juridiske enheter. Dette åpner altså igjen for en mer effektiv samhandling elektronisk. Disse lovendringene vil være et paradigmeskifte for den digitale moderniseringen av helse- og omsorgssektoren.

Overlege Eivind Solheim ved Haukeland Universitetssykehus sier til magasinet D:mag i mai 2013 at sykehusleger må etterforske seg frem til livsviktig informasjon fra journaler fra andre sykehus. «All tilgjengelig informasjon får du neppe noen gang. Men det er frustrerende at det er jussen som skal hindre oss i å gjøre en bedre jobb. Selvsagt skal du ikke få lese en pasientjournal med mindre du er behandler, og det er helt riktig at kontrollen over hvem som kan lese hva skal være streng. Men pasientene tar det som en selvfølge at vi har fått samme informasjon som det legene på lokalsykehuset har. De forstår ikke hvorfor ikke vi får oppdatere oss i den elektroniske journalen før vi skal behandle dem.»

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet skriver i Dagens Næringsliv 14. august 2013 om «Personvernutfordringer i kø». Han peker på at «En innbygger – en journal» kan løse noen av de utfordringene helse- og omsorgssektoren står over for. Direktøren i Datatilsynet forutsetter; «svært høy sikkerhet, god tilgangsstyring, logging av oppslag i journal, logganalyse og innsyn i hvem som har gjort oppslag». Disse forutsetningene er jeg helt enig i! Dette er løsninger som sektoren benytter og som sektoren vil innarbeide også for en innbygger – en journal.

Departementet har tatt viktige grep for å gi helsepersonell tilgang til nødvendig informasjon for å yte god helsehjelp. Følger den nye regjeringen dette opp og vedtar Stortinget disse viktige lovendringene vil pasienten endelig settes i sentrum for informasjon om egen helse.

Helse Vest arbeider nå med å samle 2 millioner pasientjournaler, med mer enn 50 millioner journaldokumenter i et pasientjournalsystem med god tilgangsstyring og logging av oppslag. Samtidig samles alle medisinske bilder i et digitalt mediearkiv, og disse bildene kobles til pasientjournalene. Dermed vil vi i Helse Vest sørge for «En Vestlending – en sykehusjournal». Dette blir et viktig bidrag til arbeidet frem mot «En innbygger – en journal».

Hilsen Erik Hansen

Dette blogginnlegget blei første gong publisert 8. november 2013. Tilvising til paragrafer er oppdaterte 25.04.2014, jf. forslag til Stortinget.