Betre oversikt med vestlandspasienten.no

Hilde ChristiansenFrå 28. april tilbyr alle føretaka i Helse Vest nettløysinga vestlandspasienten.no. Då kan alle pasientar i Helse Vest sjå oversikt over timane sine på nett. Nokon har venta på dette lenge!

Birthe Sivertsen er mor til ein 19 år gammal, multihandikapa gut. Han treng mykje behandling på sjukehus. Han er på mange forskjellige poliklinikkar og avdelingar fleire gonger i året, ofte fleire gonger same veka. Han må gjennom konsultasjonar, prøvetakingar og mange operasjonar.

Då Birthe fekk moglegheita til å sitje i brukarpanelet til Alle møter-prosjektet takka ho ja, blant anna på grunn av Vestlandspasienten; ei ny digital kommunikasjons- og nettløysing som skal gjere det litt lettare å halde styr på timane ein skal ha på sjukehuset. Birthe har venta på ei slik løysing i mange år. Ho veit at dette er ein reiskap som kan gjere livet hennar litt enklare.

På Vestlandspasienten vil Birthe få ein oversikt over alle timane til sonen sin i kronologisk rekkjefølgje, og ho vil lett sjå når nokre timar kolliderer med kvarandre. Då kan ho sende ei elektronisk melding til sjukehuset og be om ei endring. Ho får svar på telefon innan to arbeidsdagar. Ho kan leggje timane inn i kalenderen sin og ho kan bekrefte at ho og sonen kjem til timen.

På Vestlandspasienten kan ho også sende ei melding om det er noko ho lurer på i forbindelse med timen sonen skal ha. Dette kan ho gjere på kveldstid. Ho er ikkje lenger avhengig av kontortid.

Dei fleste av oss har ikkje dei same utfordringane som Birthe og sonen hennar. Men eg er heilt sikker på at fleire vil setje pris på ei løysing som vestlandspasienten.no, som tilbyr oversikt over timane ein skal på sjukehuset og ein heilt ny måte å kommunisere med sjukehuset på.

Vestlandspasienten er starten på noko stort: Ei løysing for heile pasientforløpet ditt! I framtida vil du kunne logge deg inn via vestlandspasienten.no og sjå status på tilvisinga di, så snart fastlegen din har sendt han til sjukehuset. Det kan spare deg for unødig uro i ventetida. Du vil også få opp ein elektronisk versjon av innkallingsbrevet og andre dokument som er relevant for behandlinga di, og du vil kunne kommunisere toveis med sjukehuset på nett.

Vestlandspasienten er fortsatt eit pilotprosjekt, og vi er ikkje heilt i mål ennå. Du kan ikkje sjå timar du skal ha til røntgen og radiologi. Dette arbeider vi på spreng for å fikse. Er du usikker, får du framleis innkallingsbrevet i posten. Der står alt du treng å vite om timen din.

Vi håper du vil vere med å teste ut løysinga saman med oss.

 

Helsing

Hilde Christiansen
Personal- og organisasjonsdirektør

Om alle møtte…

Hilde ChristiansenSjukehusa på Vestlandet hadde det siste året 82 000 avtalar som pasientane ikkje møtte til. Kva om alle møter eller melder frå i god tid? Kva om vi i sjukehusa organiserer oss betre? Då kan planlegginga bli både enklare og betre og ventetidene kortare.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør, Helse Vest

I Helse Vest er vi i gang med eit grundig arbeid knytt til korleis vi kan korte ventetidene og unngå fristbrot for pasientane i sjukehusa. I løpet av året skal ventetidene vere under 65 dagar i gjennomsnitt og vi skal ikkje ha fristbrot. Når vi no veit at vi har 82 000 avtalar som det ikkje blir møtt til i poliklinikkane våre på eit år og at vi må planlegge om 430 000 gonger, gir det oss eit grunnlag for å sjå kor og korleis vi kan bli betre. For ordens skuld, poliklinikkar er dei avdelingane kor du får time for utgreiing og behandling utan at du blir lagt inn på sjukehuset.

Vi må betre kommunikasjonen mellom sjukehusa og pasientar og pårørande. Informasjonen du får frå oss skal vere god, enkel og forståeleg, enten det dreier seg om kva vi seier eller kva vi skriv. Vi skal sende både brev og SMS i tide, og i ein form kor du lett forstår kva innkallinga og informasjonen elles tyder.

Som pasient skal sjukehusa møte deg på same måte, likt og føreseieleg på heile Vestlandet, uavhengig av kva sjukehus du blir tilvist og får avtale ved. For oss som arbeider i helsetenesta ligg det store moglegheiter i å dele kompetanse, læring og ressursar på tvers i helseregionen vår.

Og så må vi sjå på korleis vi organiserer oss med god planlegging og god leiing. God planlegging betyr at du kan møte det same helsepersonellet ved kontrollar, at du får time ved tilvising og ny time til neste kontakt før du går frå sjukehuset, enten du blir skriven ut etter innlegging eller har vært på poliklinikken. Målet er klart og ikkje så langt frå oss. Du skal få time den første gongen du blir tilvist og godt innanfor fristen fagfolka set for utgreiing og behandling.

Mykje godt arbeid blir gjort allereie i dag, men endrar vi ikkje tilnærminga vår til korleis vi planlegg, får vi ikkje bukt med utfordringane. Ein kan ofte lese kritikk frå fagfolk som meiner ein har for lite tid til pasientbehandlinga. Organiserer vi oss godt kan medarbeidarane våre få eit større handlingsrom og konsentrere seg om deira møte med pasientane.  Målet med å fokusere innsatsen på det som kan nytte er klart: Vi blir endå betre rusta for å vareta pasientane sine behov og dei helsefaglege fristane. God organisering av arbeidet er også nødvendig for at sjukehusa skal kunne møte det venta auka behovet for tenester, utan at vi kan vente ei tilsvarande auking i ressursar.

Om vi samtidig fornyar oss i kommunikasjonen med deg som pasient kan vi, saman, unngå å måtte planlegge på nytt for så mange avtalar.  Får vi dette til, vil ventetidene bli betydeleg reduserte og fristbrota kvitta.

I fall du lurer på omgrepa vi brukar ofte i sjukhusa, slik som ventetider og fristbrot: Dei aller fleste som kjem inn på sjukehusa treng øyeblikkeleg hjelp, landet over er talet her om lag 70 prosent. Desse får sjølvsagt hjelp med ein gong. Ventetider blir då rekna for dei 30 prosenta som blir tilviste frå fastlege eller andre institusjonar. Når det gjeld fristbrot, oppstår dette når du er lova ein time innan ein gitt frist frå sjukehuset og du ikkje kjem til innan fristen.

Vi jobbar raskt med fokusområda for å nå måla for ventetider og fristbrot. Vi legg fram fleire tiltak for styret i Helse Vest før sommaren.

Så kva trur du? Kva meiner du sjukehusa kan gjere for at du skal hugse timen din?

Hilde Christiansen
Personal-  og organisasjonsdirektør

Er sjukmelding svaret?

Hilde ChristiansenDei fleste av oss opplever ei krise ein eller annan gong i livet. Då treng vi gode kollegaer og ein trygg arbeidsplass som kan bidra i den situasjonen vi er i.

Av Hilde Christiansen, Personal- og organisasjonsdirektør Helse Vest RHF

Eg trur nemlig ikkje sjukemelding alltid er svaret. Nokre gonger er svaret at det beste er å jobbe litt, om det blir lagt til rette for det. Både for ein sjølv og verksemda. Nokre gonger er det ikkje så mykje som skal til, kanskje få bytte nokre vakter eller få permisjon for å løyse praktiske ting som skal til.

For ei tid sida gjekk arbeidsminister Anniken Huitfeldt ut i media og oppmoda til debatt:

Når ein møter veggen, er då den beste løysinga å gå frå maksimalt engasjement ned til null, ellers kan det ofte vere betre å meistre noko jobb, om det så berre er litt?

Dette utspelet ønskjer vi velkommen, det er bra å få ein open debatt og dialog om dette temaet, ikkje berre i media, men på kvar enkelt arbeidsplass, mellom kollegaer. Ein god diskusjon og debatt om dette emnet før nokon står i det, kan også vere ei god førebuing på kva vi sjølve vil gjere om dette treff oss. Vi bør alle reflektere over utsegna til statsråden og vi bør alle heller inspirere med dei hyggelege orda som betyr noko, «Håper eg ser deg i morgon» eller «Håper du er her litt», enn å distansere oss eller oppmode til sjukemelding.

Mens dei fleste årsakene til legemeldt sjukefråvær flater ut eller går ned, er det framleis ei årsak som aukar i omfang. Statistikk viser at ei viktig årsak til ein del av sjukefråværet er lettare psykiske lidingar. Ifølgje tal frå NAV, har det legemeldte sjukefråværet på grunn av lettare psykiske lidingar auka med 145 prosent frå 2000 til 2011. Lettare psykiske lidingar er så mangt.

Som kollegaer og verksemder kan vi gi støtte til å meistre livssituasjonar som er vanskelege. Ofte kan trygge og føreseielege kollegaer utgjere forskjellen til å meistre sjølv dei vanskelegaste krisane ein kan oppleva. Det er ikkje reint ofte ein finn at det nettopp var gode kollegaer som gjorde at ein kom seg gjennom krisa, sjølvsagt også med støtte frå sine næraste.

Helse Vest har hatt ein god dialog med NAV på Vestlandet om det ikkje er på tide at vi vågar å setta nokre situasjonar på dagsorden og stille dei vanskelege spørsmåla.  Vi er einige alle som ein, både NAV, tillitsvalde og vernetenesta, at det er akkurat det vi må våge å gjere. Kva om vi stiller oss spørsmål om samlivsbrot er ein sjukdom? Vi er einige i at det er ei krise og påkjenning. Er sjukemelding eit rett tiltak når krisa ved samlivsbrot er på sitt vanskelegaste, eller er svaret at det er nettopp då ein god arbeidsplass kan bidra til å meistre situasjonen?  Kan det vere betre å få bytta nokre vakter, nytta nokre dagar permisjon når praktiske ting skal løysast? Kva er rett innsats?

Eg er opptatt av at vi tar dette temaet på alvor og at vi skaper ein dialog oss kollegaer imellom om kva haldningar vi har til å meistre, støtte og motivere om vi opplever ein vanskelege periode, som for eksempel samlivsbrot, og korleis vi ønskjer å ha det.

I denne samanhengen er det også viktig å skape verdighet rundt det fråværet som i utgangspunktet ikkje er sjukdom, i dei tilfella kor det verkeleg finst betre og meir fleksible løysingar. Ei løysing er bruk av dei etablerte, gode permisjonsordningane vi har.  Leiarskap og medarbeidarskap er viktige element her, vi har alle eit ansvar for å bidra. Det er ikkje verdig å skape behov for sjukemelding heller, om vi ikkje er 100 prosent.  Vi kan ta vare på kollegaer som møter kriser i livet på ein god måte med å vere imøtekomne og fleksible.

Kanskje kan god støtte på jobben i enkelte tilfelle erstatte ei sjukmelding? Kva trur du? Korleis kan du og eg vere med å snu trenden?

Hilde Christiansen
Personal- og organisasjonsdirektør Helse Vest RHF

Skjerpa avhald – til pasienten sitt beste

Hilde ChristiansenPilotar gjer det. Yrkessjåførar gjer det. No er tilsvarande rusreglar innført for alt helsepersonell: Pliktig avhald frå åtte timar før arbeidstida begynner.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Helsepersonell sin bruk av rusmiddel kan i verste fall skade pasientar.

Dei siste 15 åra har omsetnaden av alkohol auka med nær 40 prosent i Noreg – og mye av inntaket er knytt til gråsoner kring arbeidslivet. Kvart år blir eit stort tal tilsynssakar sett i verk for bruk av rusmiddel blant helsepersonell i Noreg. 

Følgene av rusmisbruk råkar oss alle: Pasienten risikerer mangelfull behandling. Kollegaen opplever at tilliten blir svekt. For den som rusar seg er misbruket ofte symptom på store og samansette personlege utfordringar No er strengare reglar innført for å gjere det tryggare å vere pasient.

Pliktmessig avhald for alle medarbeidarar i sjukehusa – også dei som ikkje er direkte involvert i pasientbehandlinga – er no innført frå åtte timar før arbeidstida tek til.

Same reglar har lenge gjeldt for pilotar og yrkessjåførar. Det seier seg sjølv at krava som gjeld i luftrommet og på vegane også bør gjelde i sjukehusa der ein hyppig tek avgjerder som gjeld liv og død. På sjukehusa er vi no inne i ei storstila kvalitetssatsing der vi ser på alle mogelegheiter for å auke tryggleiken for pasientane, og rus og pasientbehandling går berre ikkje i lag.

”Rus og pasientbehandling
går berre ikkje i lag”

Om lag 60 prosent av helseautorisasjonane som har blitt inndregne i Noreg dei tre siste åra, skuldast misbruk av alkohol, narkotika og/eller piller. I Helse Vest vil vi sterkt oppmode til auka merksemd og diskusjon blant medarbeidarar om bruk av rusmidlar. Reint konkret lyder den nye forskrifta at helsepersonell i arbeidstida ikkje må ha ein høgare konsentrasjon av rusmidlar i blodet enn kva som svarar til 0,2 promille alkohol. Dette omfattar også narkotika og piller, og svarar til grensa som gjeld for promillekøyring med bil. Så no er det neste promillekontroll på arbeid? I yttarste konsekvens: Ja.

Den nye forskrifta opnar for at medarbeidarar som verkar å vere rusa ved oppmøte, kan bli testa på arbeidsplassen. Helseføretaka førebur no dialogen med tillitsvalde og vernetenesta og vil gå gjennom og eventuelt etablere nye rutinar for slik testing.

Oppi alt alvoret vil eg gjerne runde av med å minne om at promillegrensa ikkje er noko hinder for normal omgang med alkohol – så sant ein sørgjer for å runde av i tilstrekkjeleg tid før arbeidet tek til.

Har du lyst til å utfordre deg sjølv og venene dine til meir bevisst bruk av alkohol? Klikk inn på Helsedirektoratet sin ”kvite veker”-stafett.

Helsing Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest.

For mange byråkratar i spesialisthelsetenesta?

Hilde ChristiansenVi høyrer stadig påstandar om at spesialisthelsetenesta snart består av fleire byråkratar enn personell som driv med pasientbehandling. Men er det slik?

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Svaret er eit klart og tydeleg NEI.

2011 var det beste sjukehusåret nokon gong. Pasientbehandlinga er nær dobla sidan 2002. Det skjer samtidig som ventetidene er reduserte til ein tredjedel og resultata er snudde frå underskot til positivt resultat med som gjer det mogleg å investere i endå betre tenester.

Det er sant at vi er blitt fleire tilsette sidan 2002, men auken i administrativt personell på leiarsida har vore stabil. Fleire nye oppgåver, slik som rusbehandling, pasientreiser og gjestepasientoppgjer, gjer at andre yrkesgrupper enn helsepersonell må til. God organisering må vere på plass for at dyktige medarbeidarar skal få gjort oppgåvene sine utan hindringar. Det betyr at det er oppgåver andre yrkesgrupper enn helsepersonell skal og må gjere for at oppgåvene skal bli løyste på ein best mogleg måte.

Definisjonen på administrasjon/personell/byråkratar er ikkje klar i statistikkane som Statistisk sentralbyrå legg fram, og det kan synast som om alle leiarar, anten dei er avdelingssjukepleiarar eller merkantile tilsette innanfor IKT, blir oppfatta som byråkratar. Nokre av dei oppgåvene som ofte blir lagte under administrative stillingar, og som blir omtala som byråkrati, er

  • reingjering av senger og tøy – og dagleg reinhald av fleire hundre tusen kvadratmeter
  • sterilisering av operasjonsutstyr
  • matforsyning til sjukehusa
  • daglege og viktige vaktmeisteroppgåver
  • medisinforsyningar til sjukehusa (levert av Sjukehusapoteka Vest)
  • behandling og betaling av meir enn 230 000 inngåande fakturaer
  • planlegging av omlag 3,9 millionar vakter og utbetaling av lønn
  • planlegging og oppfølging av ulike investeringsprosjekt med ei budsjettramme på 1,6 milliardar kroner

Dette er eit lite knippe av oppgåver vi ikkje finn att i ein grovmaska statistikk for yrkeskategoriar. Statistikkane seier ingen ting om oppgåvene som blir løyste. Men dei er særs viktige for at sjukehusdrifta skal fungere. Når det er sagt, så er det faktisk slik at 83 prosent av alle tilsette i føretaksgruppa har direkte oppgåver knytt til pasientbehandlinga.

Vi er stolte av medarbeidarane og leiarane våre som kvar på sine felt har medverka til resultata som er nådde. Det er faktisk viktig for god pasientbehandling at helsepersonellet i brei forstand får konsentrert seg om det viktigaste: God og kvalitativ pasientbehandling. Til det treng dei leiarar og andre kollegaer som legg til rette for og utfører oppgåver for at dei skal få nytte mest mogleg av si tid til pasientbehandling.

Vi er på veg i utviklinga av ein endå betre spesialisthelseteneste på Vestlandet!

Beste helsing Hilde Christiansen

Gode medarbeidarar gir gode helsetenester

Hilde ChristiansenKvart einaste døgn, året rundt, leverer nærare 30 000 medarbeidarar i Helse Vest helsetenester som befolkninga er heilt avhengig av. Alle syter for at viktige oppgåver blir utførte, slik at vi har eit best mogleg helsetilbod.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør

Derfor er det viktig for oss i føretaka i Helse Vest å støtte medarbeidarane våre i å løyse oppgåvene dei har. Vi har lagt ein god strategi for å møte utfordringane mot 2020. Prosessar og system skal fungere og leiinga skal vere god. Dette er også viktig med tanke på utfordringane vi vil møte i arbeidet med å dekke eit stort behov for nye medarbeidarar i tida som kjem.

I strategien vår, Helse 2020, seier vi at Helse Vest skal sørgje for at pasientane får eit så kvalitativt godt tilbod som mogleg. Oppgåvene skal løysast på ein måte som sikrar pasientane trygg, effektiv og likeverdig behandling av høg kvalitet. Det er dette vi arbeider for, kvar dag. Og eit steg på vegen er å gi pasientane eit godt helsetilbod gjennom medarbeidarar og leiing som opplever at dei har attraktive og motiverande arbeidsgivarar.

I Helse Vest er vi avhengige av medarbeidarar og leiarar som kan og vil spele på lag. Ingen styringssystem kan nokon gong erstatte tilliten vi som arbeider her har til kvarandre. Det finst heller ikkje system som kan fjerne behovet for individuell handlekraft og personlege initiativ i møtet med pasientane. Leiarar kan berre bli gode i eit fellesskap der kvar enkelt medarbeidar ser seg sjølv som ein viktig og naturleg del av ein større heilskap.

Vi har store forventningar og mål for kvar enkelt medarbeidar: Fridomen under ansvar er og skal vere stor for kvar enkelt av dei som arbeider hos oss. Medarbeidarar og leiarar må derfor vite kva som er venta av dei og dei må vere trygge på kva for sosiale og faglege normer som skal vere styrande. Kvar enkelt medarbeidar må kjenne seg stolt i forhold til organisasjonen ho eller han representerer. Medarbeidarane skal kjenne seg stolte over å representere ein profesjonell organisasjon og målet på suksess blir uttrykt i møtet med andre medarbeidarar, pasientar og andre samfunnsaktørar.

Ein sak er klar: Arbeidet med å vidareutvikle ein stor organisasjon som Helse Vest vil aldri vere avslutta. Me må jamleg revidere svara på korleis me rekrutterer og korleis me legg til rette for læring og organisasjonsutvikling.

Utvikling av kompetanse må skje på tvers av faggrupper, aldersgrupper, etnisitet og organisatoriske skiljelinjer. Føretaka må samarbeide om å lage modellar som dekkjer eit breitt spekter av kompetansebehov. Denne typen samarbeid krev at alle tar eit solidarisk ansvar for heilskapen og bidreg til at andre føretak og grupper lukkast med å rekruttere medarbeidarane dei treng. Samhandlingsreforma krev også i stor grad kompetanseutveksling mellom spesialist- og primærhelsetenesta, der det må utviklast modellar som sikrar rett kompetanse og god oppgåvedeling på rett nivå og til rett tid.

Føretaksgruppa Helse Vest er ein viktig og naturleg arbeidsgivar for ei rekkje faggrupper. Samla sett er Helse Vest ein av dei største arbeidsgivarane på Vestlandet. I det store mangfaldet av oppgåver og fagmiljø som er representerte i dei ulike føretaka finst det gode karrieremoglegheiter hos oss i Helse Vest.