Er det eit problem at vi planlegg godt?

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

Pågåande pasientforløp er ein konsekvens av at pasientar har ulike behov i sjukehusa. Somme har korte, andre har lange forløp. Det bør derfor ikkje vere eit problem at vi har mange pågåande pasientforløp. Tvert om er det manglande planlegging og etterleving av det som er planlagt vi må til livs.

Av Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi, Helse Vest RHF

Det er med undring eg les debatten om den usynlege interne sjukehuskøen som har florert i ulike medium og tidsskrifter den siste tida. Vi har tillit til dei vurderingane legane gjer, kvar dag, når dei vurderer nye tilvisingar. Kvar einaste tilvising til spesialisthelsetenesta blir vurdert og behandla i tråd med gjeldande prioriteringsrettleiarar. Når ein har hatt første konsultasjon blir det beslutta vidare forløp. Enten det er behov for vidare utgreiing, eller at ein har fått avklart det som var nødvendig.

Vi må vere trygge på at dei slutningane som blir tekne, er dei rette for den einskilde pasienten. Det betyr, som eg òg har påpeikt tidlegare, at vi eigentleg ikkje har sjukehuskø i Noreg, men fagleg prioritert planlegging. Det er omgrep vi har nytta når vi no har gått i gjennom alle arbeidsprosessar for tildeling av timar for poliklinikk og dagbehandling i Helse Vest. Det gjeld enten det er utgreiing, behandling eller kontrollar. Det har òg vore viktig å leggje til rette for god planlegging og oppfølging i arbeidsprosessane for dei pasientane som skal i eit vidare behandlingsforløp for døgnbehandling.

Pakkeforløp for kreft er eit eksempel på at sjukehuset planlegg mange ulike aktivitetar og ikkje tar endeleg beslutning om vidare tiltak før ein er trygg på at det er det rette, eller at ein planlegg kirurgiske inngrep før alle nødvendige kliniske undersøkingar og vurderingar føreligg, sjølv om også dette går raskt for mange pasientar.

Det er synd at vi igjen skal ha ein debatt om at vi ikkje har fagleg prioritert planlegging i sjukehusa, enten det gjeld dag, døgn eller poliklinikk. Det har vore ein uting at ein planlegg med tentative timar, det er vi alle samde om. Det fører berre til mange planleggingsprosessar for kvart einskilt tiltak eller pasient. Vi har jobba mykje med dette dei siste åra gjennom programmet «Alle møter». Saman med fagmiljøa har vi støtta opp om nye arbeidsprosessar der det sjølvsagt er lagt premissar for korleis og korleis vi må planleggje for å unngå dette.

Det er lagt ned eit omfattande utviklingsarbeid og vi gler oss over at vi no nesten er i mål. Det er ikkje slik at det er tusenvis av pasientar der dato for kontakt har passert. Per i dag har vi 1 364 kontaktar der planlagt tidspunkt er passert, for alle fag og omsorgsnivå. Dette tar vi på alvor og målet er at ingen pasientar skal oppleve dette. Det er heller ikkje slik at vi har titusenvis av pasientar som ikkje har fått tildelt konkret tidspunkt for kontakt, men for dei det gjeld, er det svært viktig.

Akkurat i dag pågår det planlegging for om lag 5 000 pasientar. Dette talet må sjåast i samanheng med kor mange nye tilvisingar vi får kvar månad. Når vi får om lag 23 000 nye tilvisingar kvar månad, er det ikkje gjort på éin dag å planleggje for alle. At vi akkurat i dag har om lag 5 000 pasientar det pågår panlegging for speglar ganske så bra volumet av tilvisingar som blir mottekne kvar veke. I snitt tek det tre dagar frå vi mottek tilvisinga til ho er vurdert, medianen er éin dag. Nær 90 prosent får tildelt ein konkret time for første kontakt innan få dagar etter at tilvisinga er vurdert, med sms om time og informasjon om timen på Vestlandspasienten.no.

Det er etter kvart eit lite omfang i bruk av tentative timar. Det har vore omfattande analysar av ventetid, der mange pasientar som har opplevd at dato har passert, der mange som har tentativ time, enten det er for elektiv døgn, dag eller poliklinikk. Vi finn ikkje grunnlag for å seie at det finst skjulte interne ventelister, men at det kontinuerleg er ein del av befolkninga på Vestlandet som har planlagd kontakt med sjukehusa.

Vi har ønske om å vere opne om alle tal og kva vi skal bli betre på, men vi må òg evne å gi ros til medarbeidarar og leiarar som har stått på for at det på Vestlandet er utvikla ein god kultur for oppgåveplanlegging, som gir stor verdi for pasientane. Vi skal ikkje skjemmast over at vi har 270 000 pågåande pasientforløp. Det vil alltid vere ein del av befolkninga som har eit pasientforløp i sjukehusa. Det viktige er at det er oversikt og kontroll på at alle pasientane får den utgreiinga, behandlinga og oppfølginga dei skal ha, til rett tid og med rett kvalitet.

Eg er stolt over den innsatsen, engasjementet og tilslutnaden kring god planlegging som er i føretaka. Vi er på veg ned til null fristbrot og ingen tildeling av tentative timar. Pasientar skal heller ikkje oppleve at dato for tiltak er passert. For oss betyr det like mykje at vi planlegg alt like godt uavhengig om det gir fristbrot eller ikkje.

Dei 270 000 pasientane som til ei kvar tid har kontakt med sjukehusa på Vestlandet har for dei aller fleste planlagde forløp som blir følgde til punkt og prikke. At vi har mange pågåande pasientforløp er altså ikkje eit problem. Det er eit uttrykk for godt planlagd sjukehusdrift. Vi må vere samde om kva omgrep vi nyttar og kva som er gode mål. Berre slik kan vi ha ei god tilnærming til kva dette eigentleg handlar om. Fagmiljøa er opptekne av at vi må kommunisere tala, no har eg gjort det. Eg håpar at vi kan nytte planlagd prioritert planlegging og pågåande pasientforløp som omgrep, der alle kan leggje fram tal om kor mange pasientar som har tentativ time og kor mange pasientar der dato for tiltak er passert – på same måte som for fristbrot. Først då kan vi diskutere om planlegginga er god eller kva som må til for at det skal bli betre.

Hilde Christiansen

Dette blogginlegget har også stått på trykk i Dagens medisin og på nettsidene dagensmedisin.no

Tryggare pasientar, tryggare klinikarar

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Dette er eit løft ikkje berre for pasientane, men òg for klinikarane. Dette betyr nemleg også at det blir opna for tilgang på tvers av føretaka, noko som gjer at klinikarane kan stille betre førebudde til møtet med pasienten.

Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får tilgang til journaldokument, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang blir gitt gjennom sikker pålogging på vestlandspasienten.no, som er kopla til helsenorge.no.

For pasientar innanfor somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innanfor rus og psykisk helsevern er datoen 19. september. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 1. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

Kvifor gjer vi dette? Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til journaldokument, og i løpet av året sjukehusjournalen, vil pasientane vere meir oppdaterte og dermed kunne vere meir delaktige i eiga helse og eiga behandling. Det er òg nyttig når pasientane har kontakt både med spesialisthelsetenesta og fastlegane, eller mellom sjukehus. Dette er i tråd med Stortingsmelding 9 (2012-13)» Éin innbyggjar-éin journal», som tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til journalen sin.

Journaldokument vil framleis vere arbeidsverktøyet for behandlaren. Sjukehusjournalen skal fortsatt vere behandlar sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endre på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg. Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlar skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der.

Når pasientane sjølve har moglegheit til å følgje opp saka si, betyr det auka pasienttryggleik og ein generell kvalitetsheving av tenesta. Helsetenesta på si side, kan frigjere ressursar som no blir brukte til mange andre viktige oppgåver og dermed styrkje anna kommunikasjon og dialog med pasientane.
Ta for eksempel pasientar som er inkluderte i eit pakkeforløp for kreft. Det gjeld for over 70 prosent av kreftpasientane i Helse Vest. Personar som har hyppig kontakt med helsetenesta har ofte behov for tilgang til journalen sin, moglegheit for å følgje opp tilvisingar og prøvesvar, og gjere nye avtalar. Det skapar tryggleik å kunne følje behandlingsplanen sin på denne måten.

Oversikt. Når ein pasient er del av eit pakkeforløp betyr det mellom anna at pasienten får oppnemnd ein eigen forløpskoordinator ved behandlingsstaden. Forløpskoordinatoren er pasienten sin kontakt på sjukehuset så lenge han eller ho er under utgreiing. I tillegg til at journalen no blir tilgjengeleg på nett vil pasienten også få tilgang til kven som er deira forløpskoordinator, få oversikt over når undersøking og behandling skal skje og få moglegheit til digital dialog med forløpskoordinatoren sin via vestlandspasienten.no.

Dersom pasienten har utgreiing og behandling i fleire føretak vil dei få oppnemnd forløpskoordinator i kvart av sjukehusa som alle blir viste med kontaktinformasjon på vestlandspasienten.no Vi har fått gode innspel frå brukarpanela våre at dette vil vere ei kjærkommen teneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen, kan pasientane vere reelle samarbeidspartnarar med helsetenesta.

Tilgang på tvers av helseføretaka. Samtidig med at pasientane får tilgang til journaldokument på nett, får også behandlarane tilgang til journalen til pasientane på tvers av helseføretaka. Det vil seie at om ein pasient frå for eksempel Helse Førde kjem til Helse Bergen for vidare behandling, vil behandlaren kunne få digital tilgang til dei opplysningar og dokument som gjeld det vidare pasientforløpet. Før blei desse dokumenta sende i posten, og ein måtte ringje til kvarandre for å varsle og ta opp vidare pasientforløp. Vi trur framleis legane vil ha dialog med kvarandre, men det er viktig at alle prosessar er godt planlagde, går raskt og trygt og er til det beste for pasienten.

Dette er ei viktig og rett utvikling. Vi skal ikkje setje behandlar i forlegenheit ved at pasienten har betre tilgang til journaldokument enn det behandlaren har. Derfor har det vore viktig å få på plass denne tilgangen samtidig med at vi opnar for digital visning av journaldokument for pasientane.

Tryggleik. Og sjølvsagt er dette tilgangsstyrt. Det er berre sjukehuspersonell som behandlar pasienten som har tilgang til å sjå journalen. All innsyn i journal blir logga og denne loggen er tilgjengeleg for pasienten på førespurnad. Det er òg verd å merkje seg at vi framleis vil betene pasientane på skikkeleg vis dersom dei ønskjer innsyn i heile journalen. På sikt skal heile journalen bli tilgjengeleg via nett, men til vi er der må pasientar kontakte sjukehuset om dei skal ha innsyn i heile journalen.

Vi skal skunde oss trygt til å få heile journalen på nett. For pasientane og medarbeidarane i sjukehusa våre betyr dette betre samhandling og auka pasienttryggleik. Ein trygg pasient gir ein trygg klinikar.

Hilde Christiansen, Direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Dette blogginnlegget har tidlegare stått i Dagens medisin, både i trykka versjon og på nett.

La dyktige kvinner gjere jobben!

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

 

 

 

 

 

 

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF

I ein sektor der fleirtalet av medarbeidarane er kvinner, er det eit paradoks at berre 38 prosent av toppleiarane er kvinner. Erkjenner vi at det skjer noko på dette området?

UTFORDRINGA blei omtalt av helse- og omsorgsminister Bent Høie i sjukehustalen tidlegare i år. Kvinnedelen i norske sjukehus tyder, som Høie seier, på at alt for mange dyktige kvinner ikkje blir toppleiarar. Vi må alle bidra til å sikre rekruttering av dyktige kvinnelige leiarar. Høie sjølv tok ansvaret for dette ved å sikre at to av dei fire styreleiarane i dei regionale helseføretaka no er kvinner.

Vi i føretaksgruppa i Helse Vest har hatt stor glede av å lytte til, og høyre om, opplevingar frå Noregs første kvinnelege kirurg, Sigrun Solberg. Det var ei glede å sjå programmet Datoen på NRK1 der Sigrun opent formidla sine opplevingar. Vi har hylla Sigrun for den posisjonen ho valde, vi gremmes av kva ho opplevde. Vi har takka Sigrun for at ho har valt å dele historia si med oss for mange år sidan.

KVINNELIGE KIRURGAR. Berre 13 prosent av dei kvinnelege kirurgane er i aldersgruppa 50-69 år. Det fortel oss at historia blant kvinnelege kirurgar er ein sann historie. Det har ikkje vore så mange kvinnelege kirurgar, som Sigrun Solberg, men no kjem kvinnene etter. Det er kome mange dyktige kvinnelege kirurgar på Vestlandet. Tala viser no at 87 prosent av alle kvinnelege kirurgar er yngre kirurgar. Samanliknar vi med mannlege kirurgar, er det 66 prosent yngre mannlege kirurgar og 34 prosent i aldersgruppa 50-69 år.

Det er lagt til rette for god rekruttering av både kvinnelege og mannlege kirurgar på Vestlandet. Tala lyg ikkje. Blant dei yngre kirurgane utgjer kvinnelege kirurgar no 43 prosent. Det er ikkje så verst, når vi ser at delen av yngre kvinnelege kirurgar har auka. Vi må glede oss med denne utviklinga, passe på at vi tenker klokt, opptrer trygt og føreseieleg. Det er ønskjeleg at vi får fleire kvinnelege kirurgar, men det må òg vere bra at vi har dyktige mannlege kirurgar.

GRAVIDE LEGAR. Eg treffer mange yngre legar i møte med fagmiljøa i føretaksgruppa. Det er alltid ei glede å slå av ein prat når eg møter gravide kollegaer, men eg heier óg på dei mannlege medarbeidarane som tar sin del av foreldrepermisjonen. Vi må skikka oss vel alle saman, løfte fram den haldninga vi vil skal prege arbeidsmiljøert vårt.

Eg kan seie det, for eg er kvinne sjølv og har opplevd korleis det var å vere ung leiar, som blei gravid. Eg hugsar godt kva sjefen min sa til meg: «Kva har du tenkt å gjere med det?»

UTVIKLINGA. Mannen min fekk heller ikkje fri den dagen eg skulle heim frå sjukehuset med det vetle nurket. Dette er ikkje ei historie frå sjukehusa, min historie er frå industrien. Takk for at samfunnet har utvikla seg. Det er ein føresetnad for at vi skal kunne praktisere og ikkje berre snakke om likestilling.

Om nokon trur at vi ikkje tilset gravide legar, så gjer vi det. Vi har óg i det regionale helseføretaket gjort tilsetting av ein ganske så godt gravid medarbeidar, ho var så dyktig at det ikkje var tvil om at det var rett tilsetting sjølv om det ikkje var lange stunda før ho gjekk i permisjon, knapt to månader.

Det leiinga vil at arbeidsmiljøet skal vere prega av, må dei også stå for sjølve. Det vi seier, må vere det vi gjer.

KVINNELEGE LEIARAR. Så til kvinnelege leiarar: Klart vi kan bli betre, klart vi må freiste dyktige kvinnelege kollegaer til å gå inn i leiarrolla på alle nivå, også som toppleiar.
Vi har i dag 67 prosent kvinnelege leiarar. 38 prosent av dei er kvinnelege toppleiarar – klinikkdirektørar og divisjonsdirektørar – og til sist 70 prosent kvinnelege mellomleiarar. Vi har 38 prosent kvinnelege toppleiarar.

Vi må sjå tala litt i samanheng. Når det er mange kvinnelege toppleiarar, er det mange som gjer seg klare til nye utfordringar. Mobilisering av leiartalent har vore, og er, eit innsatsområde. Helse Stavanger gjennomførte i 2015 eit eige internt mobiliseringsprogram: Det er vel inga hemmelegheit at det her var få menn og mange kvinner. Helse Bergen skal gjennomføre det same programmet i 2016.

TOPPLEIARPROGRAM. Vi har også nasjonalt toppleiarprogram. Der er målet at vi skal ha representasjon frå somatikk, psykiatri og rus. Det har vi greidd. Det neste er at det skal vere ein god balanse mellom kvinner og menn. Eg har møtt dei som har delteke og eg er stolt av dei alle saman. Svært mange har fått nye og utfordrande leiarstillingar i ettertid. Mange av dei har vore kvinner, men det har òg vore mange dyktige menn.

Eg meiner vi har sendt toppleiarkandidatar det står all respekt av, anten dei har vore kvinner eller menn. Etter ti år i si rolle i Nasjonalt toppleiarprogram ga Paul Hellandsvik uttrykk for at kandidatane står i ein særklasse.

Eg vil gje ein appell til oss alle: Kunne vi ikkje løfta fram dei dyktige kvinnelege leiarane og latt dei få dele sine erfaringar? Så får vi gripe fatt i dei enkeltopplevingane som ikkje har vore gode – og ta dei på alvor. La oss gjere det rette, og gjere det mogleg for fleire kvinnelege medarbeidarar å utvikle seg som toppleiarar i helsesektoren.

Hilde Christiansen

Dette blogginnlegget har stått på trykk i Dagens Medisin 8. mars 2016.

Nye rettar til det betre for pasientane

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen

 

 

 

 

 

 

Nye pasient- og brukarrettar er eit løft for pasientane og er ønskt velkomne frå fagmiljøa. Men, dei byr òg på utfordringar. Slik er det alltid i ein overgang. Det er krevjande å forlate noko for å etterleve nye reglar.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest

Dei nye pasient- og brukarrettane trer i kraft frå 1. november 2015. Dei inneber blant anna at nye tilvisingar skal vurderast innan ti dagar. Samtidig skal dei pasientane som blir vurderte til å ha rett til helsehjelp, få informasjon med konkret oppmøtetid. Ved hjelp av vestlandspasienten.no får pasientane denne informasjonen med ein gong timen er tildelt. Dette er til det beste for pasientane, pårørande og for fagfolka.

Det er ikkje slik at det er motstand mot dette i dei kliniske fagmiljøa, men det må vere lov å løfte blikket, og stemmen, og seie at for mange blir dette ein krevjande overgang. Vi har rett nok fått anledning til å trene på dette, men det er framleis nokre utfordringar vi må kna på plass for at dei nye rettane skal fungere optimalt for pasientane.

Dersom tilvisingane ikkje er tydelege nok, eller manglar viktig informasjon, er helseføretaka plikta til å hente inn supplerande opplysingar. Dette kan ta tid og kan gjere at tidagarsfristen for å vurdere tilvisinga ikkje let seg halde. For å nå kravet er det derfor kritisk at tilvisingane er så utfyllande og opplysande som mogleg, slik at klinikararane våre kan gjere ei god og fagleg forsvarleg prioritering og planlegging.

Eit eksempel:

Dersom samtidig parallell tilvising blir sendt til helseføretak og privat røntgenleverandør, manglar det informasjon for klinikarane som skal vurdere tilvisinga.  Pasienten har framleis ikkje teke nødvendige røntgenundersøkingar.  Tidagarsfristen gjekk, og kollegaene våre i sjukehusa fortviler over situasjonen. Dei har faktisk bede oss innstendig om å peike på at dei blir sette sjakk matt i dei tilfella der det skjer parallelle samtidige tilvisingar.

Resultatet blir ei dårleg løysing for pasientane. For, som klinikarane seier;  for å vere heilt sikre på at vi ikkje gjer feil, så gir vi pasienten time på poliklinikken sjølv om resultatet av undersøkinga ikkje er klar. For mange pasientar vil dette vere eit heilt unødig møte med spesialisthelsetenesta og dei vil oppleve det som om vi ikkje har kontroll på det vi gjer. I tillegg fører det til at ventetida for andre pasientar ikkje er så kort som det ho kunne ha vore.

Eg vil sende ei stor takk til klinikarane våre i sjukehusa som faktisk deler viktig informasjon  med «Alle møter»-prosjektet.  Berre ved å få desse utfordringane lagt på bordet kan vi jobbe fram konkrete løysingar, til det betre for pasientane.

Det er gjort solide førebuingar i sjukehusa for å møte krava som ligg i dei nye pasient- og brukarrettane. Våre kollegaer har endra arbeidsprosessar og tilnærma seg den «nye verda» med stort engasjement. Og alt no ser vi resultat.

Tilvisingane blir vurderte fortløpande ved mottak.  Gjennomsnittleg vurderingstid frå vi tek imot tilvisingane til dei er vurderte, er no  4,2 dagar, medianen er på 2 dagar.  Det er langt under kravet, men viktig og rett for å støtte andre delar av arbeidsprosessane.

Skal vi få til god og langsiktig planlegging må alle oppgåver gjerast kvar dag. Skippertak ein gong i veka vil berre føre til at også andre oppgåver blir hengande etter.

I tillegg får pasientane i større grad enn før tildelt time til poliklinikk i det første brevet dei får frå sjukehuset. Dette gjeld for mellom 80 og 90 prosent av tilvisingane, og det er no før kravet trer i kraft 1. november 2015.  Dette har bidrege til at det no er mellom to og tre tusen fleire pasientar som møter til timane sine, kvar månad.

Så er det nokre utfordringar som framleis står att. Men det er vår oppgåve å hjelpe til og bidra med det vi kan for å løyse desse. Vi har stor tru på at dei kliniske fagmiljøa våre gjer sitt yttarste for leve opp til forventningane og krava som ligg i dei nye pasient- og brukarrettane.  Og jammen skal vi hjelpe til så godt vi kan frå alle leiarnivå.

«Alle møter»-prosjektet har hatt gleda av gode møte i alle helseføretaka i haust. Gode møte der det er nok høgde under taket til å løfte fram det som går bra og det som er krevjande.  Først med tillitsbaserte relasjonar er det mogleg å bane veg, saman. Til det betre for pasientane våre.

Denne kronikken sto på trykk i Dagens Medisin 22. oktober 2015.

Nøgde medarbeidarar yter betre pasientbehandling

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen

 

 

 

 

 

 

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest

For at medarbeidarane i sjukehusa skal kunne gi pasientane trygge og sikre helsetenester av høg kvalitet, er det avgjerande at dei har eit godt og trygt arbeidsmiljø. Satsinga på pasienttryggleik og arbeidet med HMS (helse, miljø og sikkerheit) er knytt tett saman, og må sjåast på som to sider av den same saka.

I Helse Vest har vi lang erfaring med å tenkje på HMS og på pasienttryggleik, men ikkje ein så lang tradisjon for å sjå dei to i samanheng. I strategien vår for føretaksgruppa i vest, Helse 2030, ønskjer vi no å etablere ein langsiktig HMS-strategi der pasienttryggleik og HMS til saman gir viktige bidrag til oppbygging av ein trygg og utviklande arbeidskultur.

Dersom ein medarbeidar ikkje kjenner seg trygg på jobb, eller at teamet han eller ho arbeider i er prega av konfliktar og dårleg kommunikasjon, vil dette vere ein risiko for pasienttryggleiken. Sjansen for at viktige beskjedar kan gå tapt er stor, noko som igjen kan føre til uønskte hendingar.

Førebygging skal prioriterast av alle. Pasienttryggleik og HMS skal vere ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. Det er ikkje eit ansvar som ligg til enkelte roller eller yrkesgrupper. Det er eit ansvar kvar og ein av oss har. Vi legg vekt på engasjement og medverknad der alle ser pasienttryggleik og HMS som ein viktig del av ein større heilskap. Det handlar om kva vi sjølve kan gjere, og korleis vi kan bidra til å oppnå eit betre arbeidsmiljø og ein betre tryggleikskultur.

Arbeidsmiljølova legg til grunn eit medverkingsansvar og medverknadsplikt, der leiarar og medarbeidarar spelar på lag, i tillegg til at vernetenesta og tillitsvalde har sine respektive posisjonar med rettar og pliktar. Målet er at vi alle bidrar aktivt i prosessar og tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit HMS-ansvar der dei må mobilisere til medverknad frå alle medarbeidarar. Systemet for HMS skal vere føretaksgruppa sin viktigaste reiskap for å skape ein trygg, sikker og triveleg arbeidsplass der ingen blir utsette for skade eller sjukdom som følgje av forhold på arbeidsplassen.

For å få dette til er det viktig med eit godt meldesystem, og ein god meldekultur, der alle tør å melde i frå om dei ser avvik. Saman må vi halde oversikt over farar i arbeidsmiljøet, vi må vurdere risikoen for helseskadar og ulykker, vi må setje i gang aktivitetar og tiltak for å førebyggje og redusere risiko og ikkje minst må vi følgje opp, rette opp og forbetre dei feila og manglane som blir rapporterte.

I Helse Vest blir det årleg gjennomført HMS-kartleggingar i kvart av helseføretaka. Desse kartleggingane skjer på kvar eining. Helseføretaka har organisert vernetenesta med føretaks-AMU og klinikk-/divisjons-AMU. Dette gir grunnlag for brei involvering og medverknad og ikkje minst tydeleg leiaransvar for HMS. Ut frå desse kartleggingane blir det laga lokale handlingsplanar.

Kartlegginga kan avdekke forhold som kan vere utfordrande på arbeidsplassen, fysisk eller psykisk. Risikovurdering er eit hjelpemiddel for å belyse kva som kan vere skadeleg, kva som kan skape utryggheit og kva som kan utsetje medarbeidarar for skade, truslar og vald. Alle desse områda blir vurderte i samspelet mellom leiarar, medarbeidarar og verneomboda.

I Helse Vest skal vi ha brukarvennlege system som skal vere lett tilgjengelige for leiarar og medarbeidarar. Både leiarar og medarbeidarar må involvere seg og ha høg merksemd på HMS, for å unngå uønskte hendingar, skadar, vald og truslar. Erfaringar har vist at det er først når medarbeidarar og leiarar i fellesskap er engasjerte og tar eigarskap til HMS, at vi oppnår gode resultat.

Ved hjelp av målretta systematiske tiltak kan vi unngå sjukdom og/eller skade som følgje av arbeidet i verksemdene. Førebygging må vere det berande prinsippet for eit vellykka HMS- og pasienttryggleiksarbeid. HMS-systemet må vere lett tilgjengeleg og brukarvennlig. HMS skal vere ein integrert del av det daglege arbeidet, og krav i lov og forskrifter skal ivaretakast. HMS skal vere organisert slik at ansvaret er klart definert for leiarar og medarbeidarar, men vi må også fokusere på å nå fram til kvar enkelt medarbeidar.

Vi ønskjer ein kultur der HMS og pasienttryggleik er ein del av same sak, der begge til saman speglar kvalitetskulturen i føretaksgruppa.

I Helse Vest ønskjer vi å vere leiande innanfor HMS-arbeid, og førebygging skal prioriterast av alle. Føretaka i Helse Vest skal vere blant dei fremste blant offentleg eigde verksemder på systematisk førebyggjande HMS-arbeid. For å få dette til treng vi di hjelp. Som medarbeidar i sjukehusa treng vi at du har pasienttryggleik og HMS fremst i hjernebarken. Du skal ha det godt på jobb. Utan at du har det kan vi heller ikkje forvente at du skal kunne yte det beste for pasientane.

Hilde Christiansen

Denne saka har stått på trykk i papirutgåva av Dagens Medisin, 21. mai 2015.

HMS – ein naturleg del av arbeidsdagen!

Hilde ChristiansenDet er ikkje berre i oljebransjen ein er oppteken av helse, miljø og sikkerheit/tryggleik. Det er vi også i sjukehusa. Vi har klare målformuleringar og visjonar for HMS-området og denne tankegangen skal vere ein naturleg del av arbeidsdagen til medarbeidarane i sjukehusa. Men gjer vi det vi seier? Og seier vi det vi gjer?

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF

I oljeindustrien har dei klare retningslinjer når det gjeld HMS. Dei målar. Rapporterer og skriv avviksmeldingar. Det gjer vi også i sjukehusa. Føretaksgruppa Helse Vest har etablert konkrete strategiar gjennom brei deltaking og forankring. Fundamentet blei i hovudsak lagt i 2005 med etablering av klare målformuleringar og visjonar for HMS-området. Det føregår i tillegg eit viktig arbeid både nasjonalt og regionalt i regi av program for pasienttryggleik. Her er tryggleik og openheit viktige premissar. Vi er opptekne av ein open og god meldekultur både når det gjeld pasienttryggleik, HMS og kvalitet. Men gjer vi det vi seier, og seier vi det vi gjer? Det ligg lite læring i rapportering av enkelthendingar om ein ikkje følgjer opp og sikrar at strategiane og måla verkeleg er ein naturleg del av kvardagen.

For å registrere uønskte hendingar nyttar føretaksgruppa i Helse Vest eit felles rapporteringssystem med namnet Synergi. Her skal alle hendingar, enten det er pasienthendingar eller HMS-hendingar og skadar, rapporterast. Systemet opnar for omfattande rapportering og analysemoglegheiter. I Helse Vest gjennomfører vi analysar for HMS-området kvart kvartal og samla for året. Analysen blir nytta til utvikling av felles tiltak for kommande år, saman med vernetenesta og verksemdene. Vi går inn på ulike perspektiv, ikkje avgrensa til HMS, men i ein heilskap for om mogleg å finne samanhengar der det er læringsoverføring. I tillegg ser vi HMS-rapporteringa i samanheng med anna rapportering på medarbeidarområdet, til dømes sjukefråvær, heiltidskultur, kompetansetiltak, IA-arbeidet og anna.

Det er viktig å dra lærdom frå analysearbeidet. Enten hendingane har skjedd i føretaksgruppa eller det er hendingar skjedd utanfor spesialisthelsetenesta. Eksempel på dette er rapporten etter 22. juli-hendinga og hendingar på akuttmottak i Danmark. Desse hendingane har vore tema på toppleiarsamlingar og samlingar for tillitsvalde og vernetenesta. Ser vi inn på hendingar og analysar i eigen organisasjon, ser vi for eksempel at talet på registrerte avviksmeldingar i Synergi aukar. Det er skadar på medarbeidar som går på vald og spark, og truslar om vald som aukar mest. Dette er alvorleg. Vi er opptekne av at medarbeidarane i sjukehusa skal ha trygge arbeidsforhold og ein trygg arbeidsdag.

Kva gjer vi så med denne informasjonen? Det at talet på avviksmeldingar aukar er positivt i den forstand at det vitnar om ein større openheit og ein god meldekultur. Men kva gjer vi for å hindre at denne typen uønskte hendingar skjer igjen? Ut frå kunnskapsgrunnlaget blei det satt i verk tiltak for betre tryggleikskompetanse der medarbeidarane fekk trening i korleis dei skal handtere vald og truslar. Alle helseføretaka har gjennomført opplæringa. Helse Bergen er tildelt «Årets HMS-pris» for dette tiltaket.

Analysen for 2013 vil vere ferdigstilt i løpet av kort tid og vil bli del av rapporteringa til styret. Det er viktig at HMS-arbeidet er forankra på øvste hald i organisasjonen. Vi har arbeidd systematisk saman med vernetenesta, både regionalt og nasjonalt. Vi har fokusert på helse, miljø og sikkerheit på leiarnivå for å sikre at vi utviklar ein god læringskultur av uønskte hendingar. Det er eit felles ansvar å halde på og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø for alle medarbeidarane. Vi er opptekne av at alle skal ha det bra på arbeidsplassen, fordeling av arbeidstid, meldekultur og så vidare.

Helse Vest var først ute med å innføre vernerundar i alle einingar kvar veke. Vernerunda tek omlag 10 minutt og involverer ulike medarbeidarar i tillegg til verneomboda. Det er òg gjennomført ei nasjonal pasienttryggleikskulturundersøking blant alle pasientnære medarbeidarar i sjukehusa, der medarbeidarane blei bedne om å seie si meining om tryggleikskulturen der dei arbeider.

Gjennom prosjektet Alle møter arbeider vi i Helse Vest saman med legar og andre klinikarar der vi utviklar støtte for nye og betre arbeidsprosessar. Dette sparer legar og andre kollegaer på poliklinikkane for mykje frustrasjon og er dermed med på å betre arbeidsmiljøet. Sjølvsagt skal prosjektet også bidra til at vi får kortare ventetider og ein nullvisjon for fristbrot.

Sjølv om det skjer mykje godt innanfor HMS-området er det ikkje dermed sagt at vi er der vi skal vere. Det vil vi nok aldri. Men ein kombinasjon av auka fokus og betre innstilling til HMS-perspektivet har gitt ei god utvikling dei siste ti åra. Analysane våre tyder også på at det er samsvar melom det vi seier og det vi gjer – noko som er eit svært godt utgangspunkt for vidare forbetring og godt HMS-arbeid.

Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF

Dette blogginnlegget stod på trykk i Dagens Medisin 5. juni 2014

Betre oversikt med vestlandspasienten.no

Hilde ChristiansenFrå 28. april tilbyr alle føretaka i Helse Vest nettløysinga vestlandspasienten.no. Då kan alle pasientar i Helse Vest sjå oversikt over timane sine på nett. Nokon har venta på dette lenge!

Birthe Sivertsen er mor til ein 19 år gammal, multihandikapa gut. Han treng mykje behandling på sjukehus. Han er på mange forskjellige poliklinikkar og avdelingar fleire gonger i året, ofte fleire gonger same veka. Han må gjennom konsultasjonar, prøvetakingar og mange operasjonar.

Då Birthe fekk moglegheita til å sitje i brukarpanelet til Alle møter-prosjektet takka ho ja, blant anna på grunn av Vestlandspasienten; ei ny digital kommunikasjons- og nettløysing som skal gjere det litt lettare å halde styr på timane ein skal ha på sjukehuset. Birthe har venta på ei slik løysing i mange år. Ho veit at dette er ein reiskap som kan gjere livet hennar litt enklare.

På Vestlandspasienten vil Birthe få ein oversikt over alle timane til sonen sin i kronologisk rekkjefølgje, og ho vil lett sjå når nokre timar kolliderer med kvarandre. Då kan ho sende ei elektronisk melding til sjukehuset og be om ei endring. Ho får svar på telefon innan to arbeidsdagar. Ho kan leggje timane inn i kalenderen sin og ho kan bekrefte at ho og sonen kjem til timen.

På Vestlandspasienten kan ho også sende ei melding om det er noko ho lurer på i forbindelse med timen sonen skal ha. Dette kan ho gjere på kveldstid. Ho er ikkje lenger avhengig av kontortid.

Dei fleste av oss har ikkje dei same utfordringane som Birthe og sonen hennar. Men eg er heilt sikker på at fleire vil setje pris på ei løysing som vestlandspasienten.no, som tilbyr oversikt over timane ein skal på sjukehuset og ein heilt ny måte å kommunisere med sjukehuset på.

Vestlandspasienten er starten på noko stort: Ei løysing for heile pasientforløpet ditt! I framtida vil du kunne logge deg inn via vestlandspasienten.no og sjå status på tilvisinga di, så snart fastlegen din har sendt han til sjukehuset. Det kan spare deg for unødig uro i ventetida. Du vil også få opp ein elektronisk versjon av innkallingsbrevet og andre dokument som er relevant for behandlinga di, og du vil kunne kommunisere toveis med sjukehuset på nett.

Vestlandspasienten er fortsatt eit pilotprosjekt, og vi er ikkje heilt i mål ennå. Du kan ikkje sjå timar du skal ha til røntgen og radiologi. Dette arbeider vi på spreng for å fikse. Er du usikker, får du framleis innkallingsbrevet i posten. Der står alt du treng å vite om timen din.

Vi håper du vil vere med å teste ut løysinga saman med oss.

 

Helsing

Hilde Christiansen
Personal- og organisasjonsdirektør