Det umoglege var mogleg!

Bloggivest_860x400_Herlof_Nilssen

 

 

 

 

 

 

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest RHF

Sjekkliste for trygg kirurgi har redusert kirurgiske komplikasjonar med 42 prosent. Innføring av pasienttryggingstiltak har gitt 100 dagar utan trykksår og 155 dagar utan urinvegsinfeksjonar. For eit år sidan hadde dei fleste sagt at dette var umogleg. Det er gledeleg å sjå at satsinga på pasienttryggleik gir resultat.

Pasienttryggleik er eit av dei viktigaste satsingsområda i sjukehusa. Sjukehustenestene vi gir skal vere trygge og sikre og ansvaret for pasienttryggleiken ligg til alle rollene i sjukehusdrifta. Det er eit ansvar du har som portør, som farmasøyt, som helsefagarbeidar, kirurg, anestesisjukepleiar, jordmor, psykolog, avdelingsleiar eller administrerande direktør.  Alle dei 27 300 medarbeidarane i føretaksgruppa i Helse Vest har ansvar for å bidra til ein god pasienttryggleikskultur og til at talet på pasientskadar går ned.

Kor viktig pasienttryggleiksarbeidet er, viser forskinga som er gjennomført i Helse Bergen og Helse Førde på innføring av sjekkliste for trygg kirurgi. I studieperioden kunne dei dokumentere ein nedgang av komplikasjonar  på heile 42 prosent! I ein leiarartikkel i det amerikanske tidsskriftet Annals of Surgery kallar verdsleiande forskarar innanfor pasienttryggleik  studien for  «uvurderleg» og «eit eksempel for kirurgiske team overalt».  Men forbetringar kjem ikkje av seg sjølv – det krev merksemd og systematisk arbeid over tid.

I 2010 blei 14 prosent av pasientane i Helse Vest skada på sjukehuset. I 2013 var talet redusert til 12,5 prosent. Det er ei gledeleg utvikling, men vi er framleis ikkje i mål.  Det er klart at moderne utgreiing og behandling er kompleks og at dette aukar faren for uønskte hendingar som kan føre til skade på pasienten – men med betre rutinar og system, høgare kompetanse og tettare samarbeid, går det an å gjere noko med dei. Det er ein tommelfingerregel at halvdelen av dei skadane som skjer, kan forhindrast. Eg trur at vi ved systematisk arbeid kan skyve denne grensa ytterlegare.

Blant dei hyppigaste skadane i norske sjukehus er infeksjonar og komplikasjonar i samband med kirurgiske inngrep,  urinvegsinfeksjonar, fall og liggjesår. Gjennom det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet I trygge hender 24/7  og det regionale programmet for pasienttryggleik i Helse Vest, er det sett i gang målretta tiltak mot dei områda der skadar er hyppige eller særleg viktige å ta tak i.  Fleire av desse tiltaka gir no gir målbare resultat.

Ved geriatrisk eining ved Haugesund sjukehus kunne dei nyleg markere at det hadde gått 100 dagar utan at pasientane i avdelinga hadde utvikla  trykksår. Dette etter at dei starta med å vurdere alle pasientar for risiko for å falle og for å utvikle trykksår. I april-mai 2013 gjekk det under 10 dagar mellom kvart nye trykksår i avdelinga og det var vel liten tru på at  det var mogleg å nå 100-dagarsmålet. Risikovurderingar for fall og trykksår blir rulla ut i alle relevante einingar og avdelingar ved alle sjukehus i Helse Vest.

Eit anna område kor vi òg ser gode resultat er førebygging av urinvegsinfeksjonar i samband med bruk av urinvegskateter. Pasientar med blærekateter har høgare risiko for å få urinvegsinfeksjonar. Jo lenger kateteret ligg inne, jo større er faren for infeksjon. Vi vil redusere urinvegsinfeksjonar ved å hindre unødig bruk av blærekateter. Nyleg nådde medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus det ambisiøse målet om 150 dagar utan urinvegsinfeksjonar. Dei kan no skilte med heile 155 dagar utan urinvegsinfeksjonar ved avdelinga.

Når vi ser slike positive resultat vil eg sende ei stor takk til alle gode medarbeidarar som kvar dag legg inn innsats for stadig å gjere pasienttryggleiken og pasientbehandlinga endå betre. Målet med Program for pasienttryggleik er å halvere talet på dei pasientskadane vi kan unngå innan utgangen av 2018 og byggje varige strukturar for pasienttryggleik. Skal vi få det til er det viktig at ansvaret er forankra på alle nivå i organisasjonen.

Hugs at arbeidet med pasienttryggleik startar med deg. Berre gjennom felles innsats kan vi gjere sjukehusa endå tryggare.

Helsing

Herlof Nilssen

Gode resultat gir motivasjon

Bilde av adm.dir. Herlof NilssenOpenheit om kvaliteten på helsetenestene våre er viktig for både pasientar, pårørande og helsetenesta sjølv. Og det gir oss motivasjon til å bli betre.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

For eit par veker sidan, då den siste kvalitetsmålinga av norske sjukehus blei lagt ut, kunne vi lese følgjande i ei pressemelding frå Helsedirektoratet:

«Helse Vest fortsetter sin positive utvikling med flest indikatorer med best resultat, og med en positiv eller stabil utvikling på flest indikatorer.»

Det var sjølvsagt hyggeleg lesing. Men kva betyr dette?
Dei nasjonale kvalitetsindikatorane gjer ein peikepinn om kvaliteten på områda som blir målte. Formålet er å gi alle, og særleg pasientar, pårørande, helsepersonell, leiarar og politikarar, informasjon om kvaliteten på tenestetilbodet innanfor helsetenesta. Her blir vi målte på alt i frå behandling og overleving knytt til spesifikke diagnosar, pasienterfaringar ved sjukehusopphaldet, sjukehusinfeksjonar, ventetid, fristbrot innanfor rusbehandling og psykisk helsevern og graviditet og fødsel for å nemne nokre. Openheit rundt kvalitet er ein føresetnad for forbetring.

Vi behandlar stadig fleire, og det gjer vi med stadig betre resultat. Forventningane befolkninga har til behandlinga i sjukehusa er ei tillitserklæring og til stor inspirasjon for oss. Offentliggjering av dei nasjonale kvalitetsindikatorane gjer at du sjølv kan følgje med, at du kan sjå oss i korta og at det er openheit rundt arbeidet vi driv. Det er eit døme på pasientens helseteneste at du kan følgje oss slik. Du kan til og med velje sjukehus basert på kvalitet.

I Helse Vest kjem vi altså best ut på flest indikatorar. Det er hyggeleg, og det ligg mykje godt arbeid bak. Men teiknar vi berre glansbilete? Eg synest vi må kunne seie høgt at mykje er bra. Samtidig er det mykje som kan bli endå betre. Slike målingar er ein del av grunnlaget i det vidare forbetringsarbeidet vårt.

Den store innsatsen vi nå legg inn på å kvitte fristbrot og korte ventetidene, kjem til å halde fram. Sidan 2002 og til i dag har vi redusert ventetidene frå 214 dagar til 67 dagar og vi skal bli betre. Vi må få bukt med bruk av korridorplassar. Meir av kreftutgreiinga må skje raskare. Eg forventar at programmet vårt for pasienttryggleik skal gi betre kvalitret og redusere talet på pasientskadar framover. At vi er på god veg viser innføringa av trygg kirurgi, kor bruk av sjekkliste under operasjon har gitt ein nedgang på heile 42 prosent på alle typar komplikasjonar.

Sjølv om vi er best på mange område så er det altså nokre område kor vi ikkje kjem så godt ut som vi skulle ønskje. Her er det viktig at vi ikkje skjuler oss bak dei gode resultata men faktisk grip fatt i dei oppgåvene vi må løyse.

Når vi får slik positiv omtale vil eg sende ein stor takk til alle gode medarbeidarar som kvar dag legg inn innsats for stadig å gjere pasientbehandlinga endå betre. Heile tida. Med flinke og engasjerte medarbeidarar ser vi at sjukehusa, målt på kvalitet, pasientane si oppleving av pasienttryggleik og møtet med helsepersonell og legar, alltid skårar høgt.

Gode resultat er inspirasjon og motivasjon for oss alle i arbeidet vidare!

Herlof Nilssen
Administrerande direktør Helse Vest RHF

Godt nytt år!

Herlof Nilssen 210x500_til tekst– 2014 blir eit krevjande og spennande år, sa statsråd Bent Høie i sin tale til oss i sjukehusa sist tysdag. Han la fram seks punkt for å forbetre og utvikle sjukehusa. Kva står vi framfor i 2014?

2013 var eit godt år for Helse Vest. Vi har mange dyktige og engasjerte medarbeidarar på alle nivå i organisasjonen. Vi har auka aktiviteten i 2013, med om lag 50 000 nye konsultasjonar. Ei vidareføring av auken tidlegare år. Det betyr at stadig fleire pasientar får hjelp raskt. I 2014 skal vi byggje vidare på det gode arbeidet vi er inne i – og samtidig ta grep der det er behov for det.

Av dei seks løysingane helseministeren skisserer, er det noko vi allereie er godt i gong med. Anna er nytt. Nytt er fritt behandlingsval. Pasientane har i dag allereie rett til å velje behandling blant dei offentlege sjukehusa og dei private som har avtale med det offentlege. Det nye er at pasientar skal kunne velje fritt blant dei private tilboda. Den nye retninga som regjeringa peikar ut, betyr i det store og heile at vi vil sjå auka bruk av private, både ideelle og kommersielle aktørar.

Og sjølv om vi i mange år har sett ruspasientar og psykisk helsevern i høgsetet, så er det no, med statsrådens signal i bakhovudet, behov for eit ytterlegare løft for desse sårbare pasientgruppene. Vi skal finne dei beste løysingane og halde fokus på dei ambisiøse måla som er sett.

Det er også gledeleg at helseministeren er oppteken av raskare kreftbehandling, pasienttryggleik og IKT. Dette er område vi har jobba intenst med dei siste åra. Det forventar vi å sjå gode resultat av i 2014. Det gjeld ikkje minst Helse Vest sine tre satsingsområde: program for pasienttryggleik, prosjektet «Alle møter» og systembygginga innanfor IKT og teknologi.

Gode resultat på alle desse områda er ein føresetnad for å betre kvaliteten på tenestene våre, redusere ventetidene og tryggje pasientane. Og ikkje minst, leggje forholda godt til rette for pasientinformasjon og –involvering.

Helse Vest er godt rigga for å møte det nye året.

Eg ønskjer deg eit framgangsrikt år!

Herlof Nilssen

Overskot for framtida

Herlof Nilssen 210x500_til tekstHelse Vest hadde i fjor eit overskot på 565 millionar kroner. Er overskot rett og nødvendig? Kan ikkje pengane gå til behandling av pasientane? Svaret er jo, det gjer dei!

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

Sidan eg starta i jobben for 10 år sidan, har eg hatt eitt einaste fokus: Å jobbe målretta kvar einaste dag for at pasientane på Vestlandet får best mogleg behandling.  Dei gode medarbeidarane vi har og ein sunn økonomi er avgjerande for dette. I fjor leverte Helse Vest RHF det beste resultatet nokon gong, og vi kan notere oss 565 millionar kroner i pluss. Dette er pengar vi har god bruk for til dei store satsingane som kjem i sjukehusa på Vestlandet.

For å drive ein moderne helseteneste treng vi gode bygg, nytt og moderne medisinteknisk utstyr og gode IT-system som gir pasientane tilgjengelig informasjon når dei kjem til behandling. Om vi skal klare å levere alt dette, må vi ha overskot for å få det til. Overskot er garantien for å gi best mogleg behandling av god kvalitet, i dag, i morgon og i åra framover. Jo betre vi driv, jo meir kan vi investere. Jo større overskot, jo meir kan vi sikre svake område som vi ser treng meir.

Helse Vest er det regionale helseføretaket i landet med størst overskot. Det er fordi vi er stabile, har arbeidd langsiktig, og har god drift med gode system og gode IT-løysingar. Når det er sagt, behandlar vi fleire pasientar enn nokon gong. Dei siste 10 åra har vi hatt ein kraftig auke i pasientbehandlingar – frå 780.000 konsultasjonar i 2002 til 1,2 millionar i 2012, og ventetida har totalt sett gått kraftig ned i denne perioden.

Om nokon trur at desse pengane ligg hos oss i administrasjonen i Helse Vest og ikkje blir brukt fornuftig, veit nok dei fleste at det er feil. Pengane går sjølvsagt rett tilbake til sjukehusa, enten som lån til investeringar eller direkte til styrking av pasientbehandlinga. Overskotet frå 2012 går rett til investering i 2013, og vi bruker dei på dei felta som treng det mest.

Nokre område treng å bli styrkte utover dei midla vi har fått frå staten.  Både på område som rus, rehabilitering, psykiatri og behandling av fedme har vi behov for ytterlegare midlar. Her legg vi i år inn 350 millionar kroner ekstra for å gi eit betre tilbod til desse pasientgruppene. Utan god drift ville vi ikkje kunne gjere dette.

Den store satsinga framover er pasienttryggleik. Målet er å halvere talet på skadar som kunne vore unngått. Det skjer 69 skadar per dag i Helse Vest. Undersøkingar visar at om lag halvparten av desse kan unngåast. Eg har store forventningar til at det arbeidet som no blir sett i gong innanfor området pasientbehandling og pasientkvalitet, skal gi gode resultat og færre pasientskadar.

Ambisiøse helsemål – tidlegare blogginnlegg om pasienttryggleik

God økonomistyring gir ikkje dårlegare pasientbehandling. Det gir berre moglegheiter, og godt grunnlag for framtidig god pasientbehandling!

Vennleg helsing Herlof Nilssen

Brukaren veit best

Herlof Nilssen 210x500_til tekstDet er berre ved å lytte, at ein blir betre. Og kven veit betre kor skoen trykker enn brukaren sjølv?

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest RHF

Vi arbeider stadig for å betre kvalitet på sjukehustenestene på Vestlandet. Dialog og samhandling med brukarane er difor særs viktig for denne utviklinga.

I desember vedtok styret i Helse Vest eit forslag til felles mål og strategiar for brukarutvala i heile regionen. Forslaget skal no behandlast i alle styra i helseføretaka. Ambisjonen er klar: At alle føretaka skal tenke likt når det gjeld brukarutvala. Dialogen med pasientar og brukarar eller brukarorganisasjonar er viktige verkemiddel for å utvikle tilbodet ved sjukehusa vidare.

Brukarutvala skal sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseføretaka får viktige innspel frå brukarane av tenestene. I brukarutvala sit det representantar frå ulike pasientorganisasjonar. Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid, og er pådrivarar for tiltak som kanskje elles ikkje ville bli utført. Organisasjonane driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane landet over.

Når kreftpasientar fortel at dei slit med å ta inn all informasjonen som kjem, eller når tidlegare rusavhengige ikkje kjenner seg ivaretatte etter behandling, fortel dei ulike reaksjonane meg at brukarutvala er viktigare enn nokon gong. Dette er bakgrunnen for at Helse Vest har laga ein felles strategi som skal styrke brukarutvala si betyding overfor helseføretaka. Til dømes legg vi vekt på at brukarane si erfaringskompetanse skal sidestillast med fagkompetanse. For å seie det kort:  På personnivå skal brukaren ha innverknad på tilbodet for eigen behandling. Vidare skal brukarane sine erfaringar bli tatte med i utviklinga av helsetenestene.

For å sikre at måla våre med brukarmedverknad blir innfridde, er det avgjerande korleis brukarmedverknaden er forankra og sett i system. I Helse Vest legg vi til rette for eit heilskapleg menneskesyn, der kompetente og motiverte medarbeidarar møter pasientar og brukarar med respekt. Brukaren skal òg få tilbod om medverknad både i planlegging og gjennomføring av tiltak og tenester.

I brukarutvala har pasientane ei viktig stemme i dei rådgivande organa for føretaka i Helse Vest. No er vi godt på veg mot ei brukarmedverknad som er meir lik og samstemt i heile regionen, og den nye strategien vil no styrke kontakten og samarbeidet mellom brukarutvala på regionalt og lokalt nivå. Slik at vi kan bli enda betre.

Vennleg helsing Herlof Nilssen

Ambisiøse helsemål

Herlof Nilssen10 år etter innføringa av helsereforma, er sjukehusa på Vestlandet best drifta i landet. Eit ypparleg utgangspunkt for å legge lista på øvste hakk for kvaliteten på pasientbehandlinga.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør

Eitt tal er viktigare å ha med seg enn alle andre frå sjukehusåret vi har lagt bak oss.

14 prosent.

Så stor del  av behandlingane ved sjukehusa på Vestlandet fører til skade på pasienten grunna behandling eller mangel på behandling. Omrekna betyr det 69 pasientskadar kvar dag. Ifølgje fagfolk kunne halvparten – 35 skadar kvar dag – vore unngått. Tiltaka kjenner vi: Betre rutinar, høgare kompetanse og tettare samarbeid.

Lukkelegvis har ingen region betre føresetnader enn Helse Vest for å lukkast.

Sjukehusa på Vestlandet er samla sett anten best, eller blant dei aller fremste, på ventetider, fristbrot,  behandlingsaktivitet, sjukefråvær, forsking, IKT, investeringar og økonomisk drift.
Desse prestasjonane gir oss eit unikt fundament for å nå vårt verkeleg hårete mål for åra fram mot 2020: Ei storstilt satsing på heving av kvaliteten på behandlinga – til pasientane på Vestlandet sitt beste.

Etter å ha vore i emning i nokre år, blir kvalitetssatsinga i Helse Vest rulla ut på brei front i 2012. Ei lang rekkje forskingsbaserte tiltak er utprøvd og no klare for å bli sette i verk på sjukehus frå Egersund i sør til Eid i nord.

Kva målet er? Gitt den imponerande framgangen sjukehusa på Vestlandet har oppnådd dei siste 10 åra, meiner eg at vi – 26.000 medarbeidarar – bør ha sjølvtillit til å utfordre kvarandre på følgjande:

  • Klarer vi innan fem år å halvere talet på alle pasientskadar som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi innan fem år å heilt unngå pasientdødsfall som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi samtidig å gjera alle ventetider til historie, og i staden skape eit system der pasienten får oppgitt konkret behandlingsdato i det han eller ho blir tilvist til sjukehus?

Sjølv veit eg at vi har medarbeidarane, kompetansen, driftssystema og pasientfokuset til å lukkast med vårt ambisiøse mål: Å unngå 17 pasientskadar kvar dag – 6.500 kvart år.

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva saman med alle medarbeidarane!

Vennleg helsing Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest RHF.

Tidlegare publisert 14. mars 2012

Ambisiøse helsemål

Herlof Nilssen10 år etter innføringa av helsereforma, er sjukehusa på Vestlandet best drifta i landet. Eit ypparleg utgangspunkt for å legge lista på øvste hakk for kvaliteten på pasientbehandlinga.

Av Herlof Nilssen, administerande direktør

Eitt tal er viktigare å ha med seg enn alle andre frå sjukehusåret vi har lagt bak oss.

14 prosent.

Så stor del  av behandlingane ved sjukehusa på Vestlandet fører til skade på pasienten grunna behandling eller mangel på behandling. Omrekna betyr det 69 pasientskadar kvar dag. Ifølgje fagfolk kunne halvparten – 35 skadar kvar dag – vore unngått. Tiltaka kjenner vi: Betre rutinar, høgare kompetanse og tettare samarbeid.

Lukkelegvis har ingen region betre føresetnader enn Helse Vest for å lukkast.

Sjukehusa på Vestlandet er samla sett anten best, eller blant dei aller fremste, på ventetider, fristbrot,  behandlingsaktivitet, sjukefråvær, forsking, IKT, investeringar og økonomisk drift.
Desse prestasjonane gir oss eit unikt fundament for å nå vårt verkeleg hårete mål for åra fram mot 2020: Ei storstilt satsing på heving av kvaliteten på behandlinga – til pasientane på Vestlandet sitt beste.

Etter å ha vore i emning i nokre år, blir kvalitetssatsinga i Helse Vest rulla ut på brei front i 2012. Ei lang rekkje forskingsbaserte tiltak er utprøvd og no klare for å bli sette i verk på sjukehus frå Egersund i sør til Eid i nord.

Kva målet er? Gitt den imponerande framgangen sjukehusa på Vestlandet har oppnådd dei siste 10 åra, meiner eg at vi – 26.000 medarbeidarar – bør ha sjølvtillit til å utfordre kvarandre på følgjande:

  • Klarer vi innan fem år å halvere talet på alle pasientskadar som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi innan fem år å heilt unngå pasientdødsfall som kunne vore forhindra?
  • Klarer vi samtidig å gjera alle ventetider til historie, og i staden skape eit system der pasienten får oppgitt konkret behandlingsdato i det han eller ho blir tilvist til sjukehus?

Sjølv veit eg at vi har medarbeidarane, kompetansen, driftssystema og pasientfokuset til å lukkast med vårt ambisiøse mål: Å unngå 17 pasientskadar kvar dag – 6.500 kvart år.

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva saman med alle medarbeidarane!

Vennleg helsing Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest RHF.