Vi bygger for framtida

skisser-haugesund-sjukehus-1_860x400

Å bygge nytt sjukehus er viktig for pasientane, for oss som arbeider her og for samfunnet vi bur i. Sjukehusa skapar sterk identitet.

Av Olav Klausen, administrerande direktør i Helse Fonna HF

Styret i Helse Vest RHF vedtok 4. mai  år at sjukehuset i Haugesund skal byggast ut mot vest og strekke seg ytterlegare mot havet, slik som Helse Fonna gjorde eit liknadne vedtak i april. Dagens areal ved sjukehuset skal fram mot 2032 nær doblast, og det vil bli lagt til rette for fortsatt god pasientbehandling. Meir enn hundre medarbeidarar har deltatt i arbeidet med å teikne framtidas sjukehus i Haugesund.

Det er kjekt å få vere med på ei reise kor ein kan utvikle sjukehusa for pasientar og medarbeidarar. Medan vi i Haugesund kan sjå ut på ei maritim næring i krapp sjø er det ein tryggleik å vite at vi kan utvikle oss og skape arbeidsplassar for langt fleire enn dei som til dagleg går i kvitt. Ved å utvikle sjukehusbygga våre skapar vi òg tryggleik for arbeidsplassar. Alle helseføretaka på Vestlandet har konkrete planar om nye sjukehusbygg dei næraste åra.

For å sikre sysselsetting lokalt er det tildelt sysselsettingsmidlar via Helse Vest. Desse pengane blir i Helse Fonna brukt til å oppgradere Stord sjukehus, eit arbeid som er i gang.

I Haugesund er det planar om å bygge 30.000 kvadratmeter fordelt på to byggetrinn. Bygget som er teikna legg til rette for standardisering, elastisitet og fleksibilitet. Det vil seie at ein raskt kan endre bruken av bygget etter kvart som behov blir endra. Eg sluttar aldri å bli imponert over kor sterke endringsagentar brukarane er, og korleis dei får oss til å sjå med nye auge på moglegheitene som finst.

Ser vi fram mot 2040 kan vi vere heilt sikre på at både behova og samfunnet vil endre seg. Det viktigaste er at vi lærer av kvarandre, og saman skapar felles tryggleik for helsa vår og samfunnet vi bur i. Då vinn vi alle.

Helsing
Olav Klausen

Bloggivest_860x400_Olav_Klausen