Ville du kjent deg trygg som pasient her?

Anne Grimstvedt KvalvikDet er eitt av spørsmåla i den landsomfattande undersøkinga om pasienttryggleik som i desse dagar går føre seg i norske sjukehus. Det er medarbeidarane som skal svare, dei medarbeidarane som pasientane møter.

Undersøkinga blir sendt ut på e-post. Målet er å få eit realistisk bilete av pasienttryggleikskulturen i sjukehusa, slik at vi på beste viset kan verne pasientane mot skadar på grunn av helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar.

Vern av pasienttryggleiken er ikkje noko vi skal drive med på si – det må vere ein integrert del av arbeidskvardagen og det skal prege måten vi gjer ting på der vi arbeider. Pasienttryggleikskulturen seier noko om i kva grad det daglege arbeidet blir prega av haldningar, handlingar, prioriteringar og rutinar som førebyggjer uønskte hendingar og pasientskadar.

I den kulturundersøkinga som skjer i føretaka no, blir medarbeidarane spurde om dette. Teamsamarbeid og spørsmål om korleis medarbeidarane oppfattar at leiinga prioriterer pasienttryggleiken, inngår også i skjemaet. Ved å studere svara i einingane, kan vi starte diskusjonar som kan stimulere til vidare utvikling av dei sterke sidene i einingane. Resultatet av målinga kan og bli brukt i vurderinga av om det er behov for å endringar.

Det første spørsmålet i undersøkinga kan vere provoserande; Ville du kjent deg trygg som pasient her? Det er ille om helsearbeidarar må svare nei på eit slikt spørsmål. Vi har dyktige, engasjerte og motiverte medarbeidarar i sjukehusa, men systemet dei arbeider i er komplekst, og kompleksitet ber i seg risiko. Dette krev at vi byggjer sikringstiltak inn i systema våre.

Det kan bety at slangar som ikkje skal koplast saman, ikkje kan koplast saman. At injeksjonspreparat med same namn, men ulik styrkje, ikkje blir lagra ved sidan av kvarandre og at ampullane får ulik farge. Vi må byggje dette tenkjesettet inn i rutinane våre:

  • Kva for risiko har denne pasienten når han eller ho blir lagt inn på sjukehus?
  • Er det snakk om risiko for å falle?
  • For å utvikle trykksår/liggesår?
  • Eller for å få infeksjonar?
  • Vi veit at urinvegskateter fører med seg risiko for urinvegsinfeksjonar – er det sikkert at pasienten treng kateteret? – og treng han det framleis?
  • Korleis reagerer vi når uønskte hendingar opptrer og kva gjer vi for å hindre at det skjer igjen?

Program for pasienttryggleik i Helse Vest handlar om korleis vi kan identifisere type og omfang av pasientskadar som kjem i samband med behandling – og korleis vi kan kome fram til effektive tiltak for å verne pasientane mot skade. Vi ønskjer å byggje varige strukturar for pasienttryggleik. For å få det til er det viktig at ansvaret er forankra på alle nivå i organisasjonen.

Dersom ikkje styret og leiinga er med og kjenner eit ansvar for dette er det nesten umogeleg å oppnå gode resultat. Resultata når det gjeld tryggleik og kvalitet er minst like naturlege parametrar å måle og rapportere på som dei om økonomi og driftsresultat. Men leiarfokus åleine er ikkje nok. Her må alle – kvar og ein av oss – vere med å dra lasset.

Det er no to år sidan den første undersøkinga av pasienttryggleikskulturen ved norske sjukehus blei gjennomført. Svarprosenten var særs bra i Helse Vest og svara gav oss nyttige innspel til det vidare forbetringsarbeidet. No treng vi medarbeidarane sine synspunkt og erfaringar igjen. Så jobbar du i sjukehusa – hugs å opne e-posten din og svare på undersøkinga. Du kan gjere ein forskjell og bidra i arbeidet med å skape ei endå tryggare helseteneste.

Helsing Anne

Trygge sjukehustenester

Anne Grimstvedt KvalvikHelsetenestene skal vere trygge og sikre. Likevel skjer det at pasientar blir skadd i samband med behandlinga. Ei omfattande satsing er sett i gang i Helse Vest for å redusere talet på, og omfanget av, pasientskadar. 

Av Anne Grimstvedt Kvalvik,
leiar for Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest

Pasientskadar kan vere grunna i risiko som er knytt til behandlinga, eller det kan vere fordi det blir gjort feil. Det er vanleg å tenke at om lag halvdelen av desse skadane kan førebyggjast. Her må og skal vi gjera forbetringar.

Med utgangspunkt i ei kartlegging for 2010 blei det vurdert at det dagleg skjer om lag 69 skadar som kunne vore unngått berre på Vestlandet. Målet er å halvere dette talet på unngåelege pasientskadar i løpet av fem år.

Moderne helseinstitusjonar er samansette og komplekse organisasjonar der du som pasient møter mange helsearbeidarar. Helsearbeidarane må vere både kunnskapsrike og aktsame, det må vere gode rutinar og ein god kultur for pasienttryggleik. Særleg merksemd må vi ha på skiftet frå ein behandlingsstad til ein annan.

I 2011 starta den nasjonale pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”. Kampanjen har som mål å betre tryggleiken i helsesektoren. Gjennom kampanjen er det starta fleire prosjekt på felt kor det er særskilt viktig å betre kvaliteten og pasienttryggleiken. Dei fleste tiltaka blei sett i gong i 2011 og 2012, nokre startar opp i 2013. Her er mykje godt arbeid i gang:

Det er blant anna innført sjekkliste til bruk ved operasjonar, og her er det særleg merksemd på å hindre infeksjonar etter operasjonar.

I tillegg er det blant anna sett i verk tiltak for å:

  • Redusere infeksjonar som kjem i samband med bruk av venekateter.
  • Hindre urinvegsinfeksjonar
  • Redusere utvikling av trykksår
  • Redusere risikoen for at pasientar fell i helseinstitusjonar
  • Sikre at beste behandling blir gitt til pasientar som får hjerneslag
  • Redusere risiko for sjølvmord
  • Førebyggje overdose etter utskriving frå rusinstitusjonar
  • Sikre at pasientar får rett medisin

For å forstå kvifor og korleis uønskte hendingar skjer og korleis vi kan hindre at det same skjer igjen, har alle sjukehusa i regionen likt system for å registrere uønskte hendingar. Vi må tørre å stille spørsmål og vi må lære av alt vi gjer, heile tida. Slik regional systembygging er avgjerande for pasienttryggleiken. Bygging av kompetanse hos medarbeidarane – og hos pasientane sjølve – er blant dei aller viktigaste tiltaka for å sikre den gode behandlinga. Vidare må moderne teknologi og heilskapleg tenking leggje til rette for god praksis. Dette gjeld journalsystem, kurveløysingar, laboratorie- og røntgensystem, reseptløysingar og arbeidsplanleggingssystem.

Undersøking av pasienttryggleikskulturen viser at helsepersonell har stor tiltru til eigen arbeidsplass og at dei ville vore trygge om dei fekk behandling der sjølv. Heldigvis. Arbeidet med pasienttryggleikskulturen er viktig. Leiinga og medarbeidarane må arbeide for og dele kultur for god pasienttryggleik. Berre då vil visjonen om trygge tenester leve vidare. Det vil sikre ikkje berre dei spesifikke tiltaka som blir sett i verk, men alle tenestene som helsevesenet yter.

Anne Grimstvedt Kvalvik,
leiar for Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest

Ti råd til deg som pasient

Anne Grimstvedt KvalvikUtan di stemme, utan dine spørsmål og utan at du fortel om deg sjølv, kan det av og til vere vanskeleg for helsepersonell å vite kva som til ei kvar tid er den rette behandlinga for deg. Derfor har vi utarbeidd ti råd til deg som pasient.

Klikk her for å lese råda, bruk dei og snakk med oss på sjukehusa!

Av Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar i Helse Vest

No om dagen kan det vere at du bli uroa av alle dei negative historiane du høyrer og ser i media om det å ligge på sjukehus. Stort sett er det trygt å få behandling på norske sjukehus, det må det ikkje vere tvil om. Men vi kan alltid bli betre, og du kan sjølv hjelpe til.

Du skal vere sikker på at du får rett behandling til rett tid på sjukehusa våre. God kvalitet på behandlinga på sjukehusa er viktig både for deg, dine pårørande og helsepersonell. Mottak og behandling skal skje etter gode rutinar, slik at vi kan gjere ein god jobb og slik at du kan kjenne deg trygg. Av og til er det faktisk du som er den aller beste til å bidra til kvaliteten på behandlinga du får, blant anna ved å følge råda vi gir deg.

Dei gode helsetenestene vi har kan alltid bli betre. Når vi arbeider med kvalitet i helsetenesta, snakkar vi ofte om at kunnskap er grunnlaget for all fagleg verksemd og for eit godt og helsefremjande tilbod til pasientane. Den kunnskapen du sjølv eig, er også ein viktig del av den samla kompetansen vår. Kunnskap blir skapt gjennom forsking, utdanning og den erfaringa som helsepersonell får gjennom rettleiing og i samspelet med deg og dine pårørande.

Fordi du – og samspelet med deg – er så viktig, oppmodar eg deg til å bruke desse råda og snakke med personalet når du er pasient: Ta alltid med deg liste over medisinane du bruker. Be fastlegen din skrive ut liste til deg når du er der og be om medisinliste når du blir skriven ut frå sjukehus. Då har du allereie starta godt med punkt 1 på lista!

Med ønske om ei fin veke!

Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar dr.med, Helse Vest

Ta kunnskapen i bruk!

Anne Grimstvedt KvalvikI spesialisthelsetenesta er vi gode til å finne ny og betre kunnskap. Vi er mindre flinke til å ta han i bruk.

Av Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar Helse Vest RHF

I år 1601 oppdaga sjømannen James Lancaster ein verdssensasjon. På denne tida førte mangelsjukdommen skjørbuk til at sjøfolk døydde som fluer på lengre reiser. Då Lancaster sette segl med fire skip i retning India, var det som å spele russisk rulett med liva til matrosane ombord.

Engelskmannen sin genistrek var at han baud mannskapet på eitt av skipa litt sitronjuice kvar dag: Halvveges til India var 110 av 278 sjøfolk på dei tre andre skipa daude av skjørbuk – av dei som fekk sitronjuice, var alle i live. Botemiddelet mot skjørbukens forbanning var oppdaga.

Og her kjem eg til poenget: Trass i Lancaster si oppdaging, skulle det gå 194 år før sitrusfrukt blei innført som del av dietten i den britiske marinen. Ytterlegare 70 år før den britiske handelsflåta følgde etter. Effekten av sitrusfrukt hadde då vore kjend i 264 år.

Så kva har vi lært av Sir James Lancaster? At sjølv livreddande kunnskap i seg sjølv ikkje utløyser endring eller kvalitetsforbetring. Slik forbetring består ofte i å fylle gapet mellom det vi veit at vi bør gjere, og handlingane vi faktisk utfører.

Her heime har journalgransking nyleg vist at kvar sjuande pasient på norske sjukehus blir påført skade grunna helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar. Ikkje alle skadane kan hindrast – effektiv behandling fører jo ofte med seg risiko. Men vi reknar at halvparten av skadane er mogleg å unngå.

No tek spesialisthelsetenesta affære, gjennom kvalitetssatsinga og pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”. Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Vi har prosjekt kring riktig bruk av legemiddel, tiltak for å lære av feil, rutinar for å sikre god handhygiene, og opplæring i litteratursøk for å kome fram til nye retningsliner for behandling. Mange medarbeidarar legg ned ein stor innsats, mange fleire tiltak er undervegs.

Vidunderleg medisinsk forsking flytter grensene for kva som er mogleg. Men vi treng også kompetanse om korleis vi skal omsetje kunnskapen til praksis – jamfør historia om Sir James Lancaster og sitronjuicen. Slike problemstillingar inngår i økonomi- og leiingsfaga, men ikkje i helsefagutdanninga. I Kvalitetssatsinga inngår derfor skolering av helsepersonell i endringsleiing.

Vi kan jo ikkje vente i 264 år.

Ha ei god kvalitetsveke!