Betre oversikt med vestlandspasienten.no

Hilde ChristiansenFrå 28. april tilbyr alle føretaka i Helse Vest nettløysinga vestlandspasienten.no. Då kan alle pasientar i Helse Vest sjå oversikt over timane sine på nett. Nokon har venta på dette lenge!

Birthe Sivertsen er mor til ein 19 år gammal, multihandikapa gut. Han treng mykje behandling på sjukehus. Han er på mange forskjellige poliklinikkar og avdelingar fleire gonger i året, ofte fleire gonger same veka. Han må gjennom konsultasjonar, prøvetakingar og mange operasjonar.

Då Birthe fekk moglegheita til å sitje i brukarpanelet til Alle møter-prosjektet takka ho ja, blant anna på grunn av Vestlandspasienten; ei ny digital kommunikasjons- og nettløysing som skal gjere det litt lettare å halde styr på timane ein skal ha på sjukehuset. Birthe har venta på ei slik løysing i mange år. Ho veit at dette er ein reiskap som kan gjere livet hennar litt enklare.

På Vestlandspasienten vil Birthe få ein oversikt over alle timane til sonen sin i kronologisk rekkjefølgje, og ho vil lett sjå når nokre timar kolliderer med kvarandre. Då kan ho sende ei elektronisk melding til sjukehuset og be om ei endring. Ho får svar på telefon innan to arbeidsdagar. Ho kan leggje timane inn i kalenderen sin og ho kan bekrefte at ho og sonen kjem til timen.

På Vestlandspasienten kan ho også sende ei melding om det er noko ho lurer på i forbindelse med timen sonen skal ha. Dette kan ho gjere på kveldstid. Ho er ikkje lenger avhengig av kontortid.

Dei fleste av oss har ikkje dei same utfordringane som Birthe og sonen hennar. Men eg er heilt sikker på at fleire vil setje pris på ei løysing som vestlandspasienten.no, som tilbyr oversikt over timane ein skal på sjukehuset og ein heilt ny måte å kommunisere med sjukehuset på.

Vestlandspasienten er starten på noko stort: Ei løysing for heile pasientforløpet ditt! I framtida vil du kunne logge deg inn via vestlandspasienten.no og sjå status på tilvisinga di, så snart fastlegen din har sendt han til sjukehuset. Det kan spare deg for unødig uro i ventetida. Du vil også få opp ein elektronisk versjon av innkallingsbrevet og andre dokument som er relevant for behandlinga di, og du vil kunne kommunisere toveis med sjukehuset på nett.

Vestlandspasienten er fortsatt eit pilotprosjekt, og vi er ikkje heilt i mål ennå. Du kan ikkje sjå timar du skal ha til røntgen og radiologi. Dette arbeider vi på spreng for å fikse. Er du usikker, får du framleis innkallingsbrevet i posten. Der står alt du treng å vite om timen din.

Vi håper du vil vere med å teste ut løysinga saman med oss.

 

Helsing

Hilde Christiansen
Personal- og organisasjonsdirektør

Godt nytt år!

Herlof Nilssen 210x500_til tekst– 2014 blir eit krevjande og spennande år, sa statsråd Bent Høie i sin tale til oss i sjukehusa sist tysdag. Han la fram seks punkt for å forbetre og utvikle sjukehusa. Kva står vi framfor i 2014?

2013 var eit godt år for Helse Vest. Vi har mange dyktige og engasjerte medarbeidarar på alle nivå i organisasjonen. Vi har auka aktiviteten i 2013, med om lag 50 000 nye konsultasjonar. Ei vidareføring av auken tidlegare år. Det betyr at stadig fleire pasientar får hjelp raskt. I 2014 skal vi byggje vidare på det gode arbeidet vi er inne i – og samtidig ta grep der det er behov for det.

Av dei seks løysingane helseministeren skisserer, er det noko vi allereie er godt i gong med. Anna er nytt. Nytt er fritt behandlingsval. Pasientane har i dag allereie rett til å velje behandling blant dei offentlege sjukehusa og dei private som har avtale med det offentlege. Det nye er at pasientar skal kunne velje fritt blant dei private tilboda. Den nye retninga som regjeringa peikar ut, betyr i det store og heile at vi vil sjå auka bruk av private, både ideelle og kommersielle aktørar.

Og sjølv om vi i mange år har sett ruspasientar og psykisk helsevern i høgsetet, så er det no, med statsrådens signal i bakhovudet, behov for eit ytterlegare løft for desse sårbare pasientgruppene. Vi skal finne dei beste løysingane og halde fokus på dei ambisiøse måla som er sett.

Det er også gledeleg at helseministeren er oppteken av raskare kreftbehandling, pasienttryggleik og IKT. Dette er område vi har jobba intenst med dei siste åra. Det forventar vi å sjå gode resultat av i 2014. Det gjeld ikkje minst Helse Vest sine tre satsingsområde: program for pasienttryggleik, prosjektet «Alle møter» og systembygginga innanfor IKT og teknologi.

Gode resultat på alle desse områda er ein føresetnad for å betre kvaliteten på tenestene våre, redusere ventetidene og tryggje pasientane. Og ikkje minst, leggje forholda godt til rette for pasientinformasjon og –involvering.

Helse Vest er godt rigga for å møte det nye året.

Eg ønskjer deg eit framgangsrikt år!

Herlof Nilssen