Saman gjer vi sjukehusa betre!

Korleis er arbeidsmiljøet i sjukehusa? Er det rom for å seie i frå om kritikkverdige forhold? Korleis er leiarskåpen? No skal svara på slike spørsmål nyttast til å gjere sjukehusa endå betre.

Hilde Britt Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi Helse Vest RHF

I februar 2018 vil alle medarbeidarar i landet sjukehus og institusjonar få muligheit til å svare på undersøkinga ForBedring. Undersøkinga kartlegg forhold ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS (helse, miljø, sikkerhet), som kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar, eller verke negativt på tenesta si kvalitet og medarbeidarane si helse og engasjement.

Arbeidsmiljø og pasienttryggleikskultur
Uønskte hendingar påverkar både arbeidsmiljø og pasienttryggleikskultur. På den andre sida må vi anta at risikoen for uønskte hendingar kan reduserast ved å forbetre arbeidsmiljøet og pasienttryggleikskulturen, samt at god pasienttryggleik bidreg til godt arbeidsmiljø.

Kulturen på arbeidsplassen seier noko om i kva grad det daglege arbeidet er prega av rutinar og prioriteringar som førebyggjer uønskte hendingar og pasientskadar. Kulturen er kort sagt måten vi gjer ting på og den praksisen vi har her hos oss. Kultur varierer mellom einingar, og kan også forklare noko av variasjonen i førekomst av pasientskader mellom behandlingseiningar.

I ForBedring blir arbeidskulturen målt ved at medarbeidarane gir sine synspunkt på korleis dei opplever at uønskte hendingar og forhold som kan gi pasientskadar blir handterte og snakka om på arbeidsplassen. Undersøkinga er ei heilskapleg kartlegging av arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS, og er i så måte eit konkret bidrag for å identifisere tiltak for å betre tryggleiken i helsetenesta – både for pasientar og medarbeidarar.

Oppfølging og forbetring
Resultata frå undersøkinga ForBedring vil gi leiarar og medarbeidarar eit felles kunnskapsgrunnlag som skal nyttast i eit systematisk forbetringsarbeid for å redusere risiko for uønskte hendingar, blant anna ved å forbetre lokalt arbeidsmiljø og tryggleikskultur. Resultata skal drøftast tverrfagleg i kvar eining for å finne forbetringsområder og tiltak, som må følgjast opp. Det skal utarbeidast ein skriftleg handlingsplan med målbare tiltak knytt til identifiserte forbetringsområde.

For at resultata skal bli så presise som mulig er det viktig at alle svarer på undersøkinga. I Helse Vest er undersøkinga elektronisk og tek i underkant av 10 minutt å svare på. Alle svara blir behandla konfidensielt. Vi nytter digitale verktøy som medarbeidarar og leiarar alt er kjende med og bruker systemroboten Robbie Vest til å sende ut påminning til dei som ikkje har svart på undersøkinga. Dette for igjen for å understreke at ForBedring er ein trygg og konfidensiel undersøking.

Resultata frå undersøkinga vil vere tilgjengelege for leiarar, verneombod og tillitsvalde med ein gong undersøkinga er gjennomført. Saman med sine kollegaer skal dei nytte resultata i sitt forbetringsarbeid. Ein så open tilgang til resultata er vald for å underbyggje at samspel, respekt, tryggleik og kvalitet skal bidra til ei god utvikling.

Resultata av ForBetring skal òg nyttast av toppleiarane i helseføretaka både lokalt, regionalt og nasjonalt. Undersøkinga skal gjennomførast ein gong i året for å understreke at forbetring av arbeidsmiljø og pasienttryggleikskultur er eit kontinuerleg arbeid på lik linje med andre leiingsprosessar. Undersøkinga skal vere ein integrert del av verksemdsstyringa og bidra til kontinuerleg evaluering av kor vidt forbetringstiltak har ønska effekt.

ForBedring er eit samarbeid mellom dei fire regionale helseføretaka (Helse Nord, Helse Midt, Helse Vest og Helse Sør-Øst), Pasientsikkerhetsprogrammet I trygge hender 24/7 og Helsedirektoratet.

Ei felles kartlegging i alle norske sjukehus og institusjonar gir eit bredt datagrunnlag og informasjon om organisasjonane som bidrar til overordna styringsinformasjon. Undersøkinga skal følgjast over tid og er eit kunnskapsverktøy som vil vere ein nyttig peikepin for leiinga når det gjeld val av strategi og tiltak for å forbetre arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken i organisasjonen.

Vi håper så mange medarbeidarar som mulig vil svare på undersøkinga. Slik skal vi gjere sjukehusa betre både for pasientane og for medarbeidarane våre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s