Høyrer vi nok på pasientane?

 

Vi må ta eit oppgjer med oss-og-dei-tankegangen og komme mykje tettare på pasientane sine ønske og behov.

Av Pål Iden, ass. fagdirektør, Helse Vest RHF

I alle menneskelege relasjonar, er gjensidig tillit og respekt utgangspunktet for eit godt forhold. Det gjeld òg mellom pasient og behandlar. Også innanfor psykisk helsevern.

Har vi med oss det perspektivet?

Før sommaren sette NRK fokus på skjerming og isolasjon av psykisk sjuke pasientar. Det er beskrive forhold ved nokre institusjonar som gir assosiasjonar til glattceller i fengsel.

Det er ikkje eit vakkert bilete som blir teikna av forholda for dei psykisk sjukaste i landet vårt.

Kva med skjerming?

Brukt riktig, kan skjerming vere greitt. Når ein pasient blir innlagd, er det fordi livet utanfor er blitt for komplisert og vanskeleg med for mange inntrykk og krav. Pasienten treng å vere ein stad der han kan vere trygg. Skjerming kan då vere eit verkemiddel som gir ro. Men det skal vere i pasienten si interesse, og ikkje brukast som sanksjon.

Frå 1. september trer ei lovendring i kraft. Etter dette må ein spørje pasienten i forkant, og dersom dei ikkje ønsker skjerming, må ein gjere eit vedtak.

Eg ønskjer denne lovendringa velkommen. Noreg som nasjon kan ikkje leve med skuldingar om brot på menneskerettane og lovstridig behandling av ei av dei mest sårbare pasientgruppene vi har.

I tillegg til ei lovendring, er det behov for å gjere ei rekkje tiltak på heilt ulike plan. Her i vest må vi skaffe oss betre oversikt over kor mykje skjerming som blir brukt i våre sjukehus, og få på plass ei felles forståing av når det er nyttig og nødvendig med skjerming – og når det er uakseptabelt.

Mykje av den omstridde behandlinga innanfor psykisk helsevern kjem av kulturen på avdelinga, og vi veit at kompetanseheving, erfaringsdeling og etisk refleksjon er viktige verktøy for å bli betre.

Ikkje alle psykiatriske sengepostar bruker skjerming som behandling i særleg grad. I andre avdelingar er det svært vanleg. I Helse Vest viser tal at det samla sett er høg bruk av skjermingstiltak, men nokre avdelingar trekk opp mens andre har tal under snittet. Her må vi i fellesskap finne fram til ein skjermingspraksis som er tenleg for pasientane.

Korleis er synet vårt på pasientar i psykisk helsevern i 2017?

Er det eit skeivt maktforhold mellom pasient og behandlar? Har vi ei ovanfrå-og-ned-haldning til pasientane? Er det oss mot dei? Spør vi pasientane «i fredstid» korleis vi kan hjelpe dei om dei skulle bli svært urolege eller aggressive? Korleis tek vi imot pasientane når dei blir innlagde? Skal dei rutinemessig bli kroppsvisiterte og skanna av metalldetektorar eller har vi andre, mindre fengselsprega metodar for å ivareta sikkerheita? Har vi husreglar som innskrenkar fridomen til heile pasientgruppa, eller blir det gjort ei vurdering for kvar enkelt? Snakkar vi med pasienten om behandlinga eller blir dette berre diskutert i lukka behandlarmøte?

Svara på desse spørsmåla kan avdekkje mykje om kulturen på avdelinga og kva ein bør jobbe meir med.

Idealet om pasienten si helseteneste inneber at pasienten skal medverke i behandlinga, bli høyrt og teken med på råd. Eit grunnleggjande spørsmål er «Korleis ville vi organisert behandlinga viss pasienten fekk bestemme?».

Dette skal sjølvsagt også liggje til grunn innanfor psykisk helsevern.

Skjerming og bruk av tvang er vanskelege tema for både pasientar og medarbeidarar. Men vi treng debatten om kulturen i psykiatrien. Eg veit at dei som jobbar innanfor psykisk helsevern verkeleg ønsker å gjere ein god jobb. Og dei sit med nøkkelen til korleis vi kan skape gode behandlingskulturar som er prega av gjensidig respekt, tillit og samarbeid. Eg vil ha alle med i arbeidet med å få vekk «oss-og-dei-tankegangen». Vi må mykje tettare på pasientane sine ønske og behov, og her må vi jobbe målretta saman.

Helsing Pål

 

Dette er skjerming
Pasientar kan skjermast dersom dei er til fare for seg sjølv eller andre, eller som behandling. Skjerming er ikkje definert som tvang, men det må fattast eit vedtak dersom pasienten blir skjerma over 12 eller 24 timar. Døra skal ikkje vere låst eller sperra, og det skal vere personell til stades i rommet under skjerminga.

 

Illustrasjonsfoto øverst: Kjetil Alsvik