Bruk av unødig tvang er uakseptabelt

Person sett bakgra, ser ut over flott blå himmel med litt skyer.

Det er eit leiaransvar at dei mest sårbare pasientane våre får trygg og god behandling – og at tenestene spelar på lag med pasienten.

Av Herlof Nilssen, adm.dir. Helse Vest RHF

VG set i fleire ferske artiklar fokus på bruk av tvang mot pasientar i psykisk helsevern. Dette er også vi opptekne av.

For store forskjellar
Bruk av tvang i behandlinga av psykisk sjuke har lenge vore på dagsordenen hos oss. Ikkje minst sidan vi gjennomførte ein internrevisjon i 2014. Den viste at det er store forskjellar i praksis mellom føretaka våre og at tvangsbruken er for høg i dei største føretaka.

Ønske om å beskytte
Så korleis har det seg at vi bruker tvang mot nokre av dei mest sårbare pasientane våre? Ifølgje lova kan det berre brukast tvang viss pasienten elles vil få forverra sine utsikter til å bli frisk, få forverra sjukdomstilstanden sin eller viss det er fare for liv og helse for pasienten sjølv eller andre. Utgangspunktet er altså eit ønske om å beskytte, og terskelen skal vere høg, ved at frivillig helsehjelp først skal prøvast så langt dette er mogleg.

Av og til går vi for langt i ønsket om å beskytte og då kan tvangsbehandlinga bli eit overgrep. Spørsmålet er kHerlof Nilssen, portrett. Foto.orleis vi kan klare å balansere bruken av tvang, slik at det berre blir brukt når det er heilt nødvendig.

Kompetanse
Det finst ikkje eitt enkelt svar på det. Problemstillinga er samansett. Det handlar om kor mange pasientar avdelingane har ansvar for og kor sjuke dei er. Det handlar om mengda personell, men aller mest om kompetanse og erfaring. Vi veit at bruken av tvang aukar i sommarferien når den faste bemanninga er på ferie og mindre erfarent personell har ansvaret. Det handlar om utforminga på behandlingsavdelingane og kulturen blant dei som jobbar der. Fagfolka sin aksept for tvang som verkemiddel kan variere. Og ja, helseminister Bent Høie har rett når han seier at det i aller høgste grad handlar om leiarskap på alle nivå.

Gode behandlingskulturar
I Helse Vest har vi sett i gang eit regionalt arbeid, der alle sjukehus er med. Her er målet å auke kompetansen hos leiarar i psykisk helsevern på rett lovforståing og godt fagleg arbeid som kan hindre unødig tvangsbruk. Tanken er og at avdelingar med høg tvangsbruk skal lære av dei med lågare tvangsbruk. Det dreier seg om å skape gode behandlingskulturar som spelar på lag med pasienten og som lar pasient og pårørande medverke i den helsehjelpa dei får.

Ulik terskel
Ein del av det regionale arbeidet har vore å gjennomgå rutinane våre for registrering av tvang. Vi har hatt for dårleg kvalitet på registreringa av tvangsbruk. Dette er no i ferd med å bli langt betre, og vi har betre data på variasjon i tvangsbruk mellom sjukehus og enkeltavdelingar. Dette gir eit godt grunnlag for samanlikning mellom våre institusjonar. Ugrunna variasjon tyder på at det er ulik lovforståing og terskel for tvangsbruk. Dette må leiarar gripe fatt i. Unødig og ulovleg tvangsbruk skal ikkje førekomme i helseføretaka i Helse Vest.

Foto: Øverst: Eivind Senneset. Portrett Herlof Nilssen: Kjetil Alsvik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s