Øving gjer meister, eller?

I slutten av august 2016 blei avdeling 5E på Stavanger universitetssjukehus fullstendig røyklagt, som del av ei storskala brannøving, der både brann, politi og naudmeldesentralane deltok. Stavanger universitetssjukhus var med dette det første store sjukehuset i Noreg som arrangerte ei fullskala brannøving. Kva lærer vi av øving på beredskap, i og utanfor sjukehusa?

Av Ingvill Skogseth, seniorrådgievar og beredskapsansvarleg i Helse Vest RHF

beredskapsovelse_hst_3

Dramatisk brannøving
Beredskap er noko vi alltid tek på alvor. Når ulykker, kriser og katastrofar rammar, er det avgjerande at sjukehusa kan handtere dei helsemessige konsekvensane for befolkninga, og sikre at dei får nødvendig medisinsk behandling, pleie og omsorg.

Og dette gjer sjukehusa bra. I Gjørv-rapporten som tok føre seg erfaringane etter hendingane 22. juli, fekk helsesektoren positiv omtale for å ha gode beredskapsplanar som fungerte, sjølv under ein katastrofe som overgikk det meste vi kunne sjå for oss.

Men det er ikkje nok å ha gode beredskapsplanar og gode rutinar på papiret. God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og ei klar rolleforståing. Alle må vite kva rolle dei har i situasjonen, og kunne handle i tråd med den utan å nøle. For å få til dette må ein øve, og enda viktigare, ein må læra av øvingane.

Øving gjer ikkje alltid meister
Dette høyrast kanskje sjølvsagt ut, men faktum er at mange verksemder øver på dei same tinga år etter år etter år, fordi dei ikkje evner å følgje opp det som kom fram i øvinga, på ein god måte.
Som Yngve Dyrøy skriv i bloggen sin om læringsutbytte frå storskala øvingar:

– For å oppnå læringsutbytte kreves det at organisasjonen er forberedt på å ta til seg lærdommen fra en øvelse. Uten denne kompetansen vil dere bare gå i sirkel.

beredskapsovelse_hst_2

Korleis øver vi?
Naudetatane i Sør-Rogaland har, som dei første i landet, gått saman om å utarbeide ei øvingshandbok, nettopp med det mål å sikre at øvingane er grundig planlagde og forankra i leiinga, at dei har tydelege øvingsmål, avklarte ansvarsforhold og riktig ressursbruk, og at øvingane blir evaluerte etterpå, med tydelige aksjonspunkt som faktisk blir følgt opp (det hjelper ikkje stort å evaluere ei øving om evalueringa blir liggjande i ei skuff).

Klarer ein å oppfylle dette, vil øvingane vere nyttige, og dei vil drive verksemda framover. Det vil på sikt styrkje organisasjonen si evne til å takle både små og store hendingar.

Små eller store øvingar?
Gode og nyttige øvingar er ikkje nødvendigvis berre dei store fullskala øvingane der alle naudetatane deltek. Det kan vere like viktig med mindre øvingar og anna ferdigheitstrening. Det er ofte i detaljane vi snublar, og det kan få store konsekvensar. Mindre tabletop-øvingar (øvingar kor ein snakkar seg gjennom heile scenarioet), eller små, men hyppige øvingar, kor ein for eksempel berre trener på varslingsrutinar eller ei spesifikk oppgåve, kan vere veldig nyttig, både i seg sjølv, og som førebuing til ei større øving.

beredskapsovelse_hst_1Brann på Stavanger universitetssjukehus!
På øvinga i Stavanger var ingenting overlate til tilfeldigheitene. I forkant av øvingane blei det gjennomført seks tabletop-øvingar for alle vaktlag i Seksjon for vakt og sikring på sjukehuset. Dette resulterte blant anna i revisjon av lokal brannvernplan. Ein hadde òg oppfølgingspunkt frå tidlegare øvingar på psykiatrisk divisjon, som blei teke med inn planlegginga. Alle deltakarane blei dessutan oppmoda om å gjennomgå E-læringsprogrammet for brannvern.

Ein slik grundig gjennomgang før sjølve øvinga er viktig for å luke ut misforståingar og usikkerheit, og for at alle deltakarane skal vite nøyaktig kva ein øver på og kvifor. Ein vil ikkje bruke den kostbare tida ein har til rådighet i ei storskala øving til å diskutere detaljar.

Øvinga blei gjennomgått straks etter avslutning av den praktisk delen, og deltakarane fylte ut evalueringsskjema, som blei samla inn. Arbeidet med å setje saman og systematisere observasjonane knytte til mål for øvinga og forslag til forbetringstiltak, starta allereie same veke som øvinga blei halde. Inntrykka og observasjonane var då ferske, og ein kom svært raskt i gang med evalueringsprosessen.

I etterkant av øvinga blei det laga ein evalueringsrapport med ei aksjonsliste for kva som må følgjast opp, i tillegg til tidspunkt for når det skal vere følgt opp. Denne aksjonslista er forankra i leiinga på sjukehuset.

Kriser er meir enn katastrofar og blålys_6ka0409_
Ei krise kan vere så mangt, og det er ofte vanskeleg å førestille seg på førehand kva som kan bli ein beredskapssituasjon. Snøstorm i Eigersund, slik at ambulansane ikkje kjem seg fram? Mobilnettet nede, slik at folk ikkje klarer å ringje 113? Tekniske problem på sjukehusa, som gjer at viktige digitale løysingar er ute av drift? Streik blant vaskeritilsette, som gjer at kleda på sjukehusa ikkje blir vaska?

I øvingane øver ein på å følgje nedfelte planar og rutinar, uansett kva som er bakteppet for hendinga. Sjølvsagt vil det vere variasjonar frå ei hending til ei anna, men har ein gode beredskapsplanar, så skal dei kunne fungere i alle hendingar.

Brannøvinga på 5E i Stavanger må seiast å vere ein suksess, nettopp fordi dei fekk avdekt ting som ikkje var optimale. Med den grundige evalueringa øvinga hadde etterpå, og med rutinane dei har på Stavanger universitetssjukehus for å følgje opp øvingar, rutinar som er nedfelt i øvingshandboka, veit eg at dette vil bli teke tak i, og at sjukehuset no er eit endå tryggare sted å vere, enn før dei øvde.

Helsing Ingvill

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s