Vi forstår frustrasjonen

Bloggivest_860x400_Pål_Iden

Av Pål Iden, assisterande fagdirektør Helse Vest RHF

Fastlege Kirsten Rokstad set fingeren på fleire problemstillingar knytt til private psykologar og psykiatrar i sitt innlegg i Bergens Tidende 20. september. Dette er problemstillingar som utfordrar både pasientar, fastlegar, dei private psykologane og psykiatrane – og oss som er øvste ansvarlege for behandlingstilbodet dei leverer.

Dei private psykologane og psykiatrane som driv sin praksis gjennom avtale med Helse Vest leverer eit viktig tilbod til pasientar på Vestlandet. Dette er dyktige fagfolk som gjer sitt beste for pasientane. Men det betyr ikkje at det ikkje er rom for utvikling.

Rokstad påpeikar blant anna at det er lang ventetid hos desse spesialistane. Det kan vere fleire grunnar til det. Ei mogleg årsak kan vere at det ikkje er god nok kapasitet på behandlingstilbodet ut frå behovet i befolkninga. At det rett og slett er for få psykologar og psykiatrar, og at ventetida difor blir lang. Dette er noko vi i Helse Vest vil dykke nærmare inn i. I desember vil vi levere ei vurdering til styret vårt, der vi blant anna må sjå på om vi må utvide behandlingstilbodet.

Rundt årsskiftet blei det inngått nye rammeavtaler mellom dei regionale helseføretaka og Legeforeningen (for psykiatrar) og Psykologforeningen. Desse gir håp om auka samarbeid og betre oversikt. Her ber vi nemlig spesialistane om å inngå samarbeidsavtalar med det lokale føretaket, i praksis det distriktspsykiatriske senteret: «Samarbeidsavtalen kan gjelde hensiktsmessig arbeidsdeling (pasientflyt/strømmer), håndtering av ventelister, fristbrudd, faglig samarbeid mellom HF avdelinger og psykolog, utveksling av informasjon om kapasitet, utveksling av informasjon om felles prosedyrer og kliniske retningslinjer, deltakelse i kompetanseutvikling, rutiner for kontakt mellom psykologen og helseforetaket.»

Nasjonalt blir det no sett i gang eit arbeid med å utvikle pakkeløp for pasientar innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avtalespesialistar står for omkring 30 prosent av den polikliniske psykiatriske behandlinga i spesialisthelsetenesta. Skal pakkeløpa bli vellukka må også avtalespesialistane trekkast inn i denne satsinga.

Når det gjeld Rokstad sitt poeng om at det er vanskeleg å skaffe seg oversikt over kapasiteten og ventetidene til psykologane, så deler vi den oppfattinga. Også det er ei samansett problemstilling som vi må ta tak i, og få system for å handtere.

Som øvste ansvarlege for spesialisthelsetenestene på Vestlandet, har vi eit ansvar for å leggje til rette for at dette fungerer. Samtidig er psykologane og psykiatrane sjølvstendig næringsdrivande som har eit sjølvstendig ansvar for sin praksis.

Vi må sjå på om det er moglegheiter som kan utnyttast på systemsida, slik at vi kan få journalsystem som snakkar saman mellom fastlegar, sjukehus og dei privatpraktiserande spesialistane. Dette ville i så fall gi betre oversikt over kapasitet og ventetid.

Sidan 2009 har vi to koordinatorar i regionen som handterer og prioriterer dei tilvisingane som kjem inn til dei privatpraktiserande psykologane og psykiatrane. Dette skjer i samarbeid med dei psykiatriske klinikkane. Målet er ei meir effektiv og einsarta vurdering av pasientane, og dermed ei meir rettferdig prioritering der dei som treng det mest skal få hjelp først.

Alt i alt er det gjort fleire tiltak som skal gi betre oversikt og kortare ventetid. Men vi er ikkje i mål, og må intensivere innsatsen skal vi få eit tilbod på dette feltet som svarer til forventningane hos både fastlegar og pasientar – og oss sjølve.

Helsing Pål

2 tanker på “Vi forstår frustrasjonen

  1. Saken er ganske enkelt at det er for få spesialister. Underlig hvordan dere byråkrater alltid prøver å vri dere unna dette forholdet. Ordningen som Helse Vest «innførte» i 2009, delvis under påtrykk fra fastlegene, praktiseres kun av 10-20 % av allmennlegene, resten gir blaffen i ordningen, eller har aldri hørt om den. Det er fritt lege-/behandlervalg i Norge (fortsatt), derfor er byråkratisering via DPS’ene i strid med fundamentale pasientrettigheter. Et annet forhold er at flere DPS’er er faglig svært mangelfulle, og gjør dårlige vurderinger (har tallrike eksempler på det). Det blir derfor «bakvendtland» å la DPS’ene administrere en slik ordning. Det er mange ting som kan gjøres for å redusere kapasitetsmangelen, men Helse Vest har hittil vist svært liten interesse for dialog med avtalespesialistene. Det har hittil vært mye «dekreter» fra oven. Skal vi bedre tilgjengelighet/kapasitet må det gjøres i samarbeid med fastleger og avtalespesialister, og vi stiller gjerne opp!!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s