Er det eit problem at vi planlegg godt?

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

Pågåande pasientforløp er ein konsekvens av at pasientar har ulike behov i sjukehusa. Somme har korte, andre har lange forløp. Det bør derfor ikkje vere eit problem at vi har mange pågåande pasientforløp. Tvert om er det manglande planlegging og etterleving av det som er planlagt vi må til livs.

Av Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi, Helse Vest RHF

Det er med undring eg les debatten om den usynlege interne sjukehuskøen som har florert i ulike medium og tidsskrifter den siste tida. Vi har tillit til dei vurderingane legane gjer, kvar dag, når dei vurderer nye tilvisingar. Kvar einaste tilvising til spesialisthelsetenesta blir vurdert og behandla i tråd med gjeldande prioriteringsrettleiarar. Når ein har hatt første konsultasjon blir det beslutta vidare forløp. Enten det er behov for vidare utgreiing, eller at ein har fått avklart det som var nødvendig.

Vi må vere trygge på at dei slutningane som blir tekne, er dei rette for den einskilde pasienten. Det betyr, som eg òg har påpeikt tidlegare, at vi eigentleg ikkje har sjukehuskø i Noreg, men fagleg prioritert planlegging. Det er omgrep vi har nytta når vi no har gått i gjennom alle arbeidsprosessar for tildeling av timar for poliklinikk og dagbehandling i Helse Vest. Det gjeld enten det er utgreiing, behandling eller kontrollar. Det har òg vore viktig å leggje til rette for god planlegging og oppfølging i arbeidsprosessane for dei pasientane som skal i eit vidare behandlingsforløp for døgnbehandling.

Pakkeforløp for kreft er eit eksempel på at sjukehuset planlegg mange ulike aktivitetar og ikkje tar endeleg beslutning om vidare tiltak før ein er trygg på at det er det rette, eller at ein planlegg kirurgiske inngrep før alle nødvendige kliniske undersøkingar og vurderingar føreligg, sjølv om også dette går raskt for mange pasientar.

Det er synd at vi igjen skal ha ein debatt om at vi ikkje har fagleg prioritert planlegging i sjukehusa, enten det gjeld dag, døgn eller poliklinikk. Det har vore ein uting at ein planlegg med tentative timar, det er vi alle samde om. Det fører berre til mange planleggingsprosessar for kvart einskilt tiltak eller pasient. Vi har jobba mykje med dette dei siste åra gjennom programmet «Alle møter». Saman med fagmiljøa har vi støtta opp om nye arbeidsprosessar der det sjølvsagt er lagt premissar for korleis og korleis vi må planleggje for å unngå dette.

Det er lagt ned eit omfattande utviklingsarbeid og vi gler oss over at vi no nesten er i mål. Det er ikkje slik at det er tusenvis av pasientar der dato for kontakt har passert. Per i dag har vi 1 364 kontaktar der planlagt tidspunkt er passert, for alle fag og omsorgsnivå. Dette tar vi på alvor og målet er at ingen pasientar skal oppleve dette. Det er heller ikkje slik at vi har titusenvis av pasientar som ikkje har fått tildelt konkret tidspunkt for kontakt, men for dei det gjeld, er det svært viktig.

Akkurat i dag pågår det planlegging for om lag 5 000 pasientar. Dette talet må sjåast i samanheng med kor mange nye tilvisingar vi får kvar månad. Når vi får om lag 23 000 nye tilvisingar kvar månad, er det ikkje gjort på éin dag å planleggje for alle. At vi akkurat i dag har om lag 5 000 pasientar det pågår panlegging for speglar ganske så bra volumet av tilvisingar som blir mottekne kvar veke. I snitt tek det tre dagar frå vi mottek tilvisinga til ho er vurdert, medianen er éin dag. Nær 90 prosent får tildelt ein konkret time for første kontakt innan få dagar etter at tilvisinga er vurdert, med sms om time og informasjon om timen på Vestlandspasienten.no.

Det er etter kvart eit lite omfang i bruk av tentative timar. Det har vore omfattande analysar av ventetid, der mange pasientar som har opplevd at dato har passert, der mange som har tentativ time, enten det er for elektiv døgn, dag eller poliklinikk. Vi finn ikkje grunnlag for å seie at det finst skjulte interne ventelister, men at det kontinuerleg er ein del av befolkninga på Vestlandet som har planlagd kontakt med sjukehusa.

Vi har ønske om å vere opne om alle tal og kva vi skal bli betre på, men vi må òg evne å gi ros til medarbeidarar og leiarar som har stått på for at det på Vestlandet er utvikla ein god kultur for oppgåveplanlegging, som gir stor verdi for pasientane. Vi skal ikkje skjemmast over at vi har 270 000 pågåande pasientforløp. Det vil alltid vere ein del av befolkninga som har eit pasientforløp i sjukehusa. Det viktige er at det er oversikt og kontroll på at alle pasientane får den utgreiinga, behandlinga og oppfølginga dei skal ha, til rett tid og med rett kvalitet.

Eg er stolt over den innsatsen, engasjementet og tilslutnaden kring god planlegging som er i føretaka. Vi er på veg ned til null fristbrot og ingen tildeling av tentative timar. Pasientar skal heller ikkje oppleve at dato for tiltak er passert. For oss betyr det like mykje at vi planlegg alt like godt uavhengig om det gir fristbrot eller ikkje.

Dei 270 000 pasientane som til ei kvar tid har kontakt med sjukehusa på Vestlandet har for dei aller fleste planlagde forløp som blir følgde til punkt og prikke. At vi har mange pågåande pasientforløp er altså ikkje eit problem. Det er eit uttrykk for godt planlagd sjukehusdrift. Vi må vere samde om kva omgrep vi nyttar og kva som er gode mål. Berre slik kan vi ha ei god tilnærming til kva dette eigentleg handlar om. Fagmiljøa er opptekne av at vi må kommunisere tala, no har eg gjort det. Eg håpar at vi kan nytte planlagd prioritert planlegging og pågåande pasientforløp som omgrep, der alle kan leggje fram tal om kor mange pasientar som har tentativ time og kor mange pasientar der dato for tiltak er passert – på same måte som for fristbrot. Først då kan vi diskutere om planlegginga er god eller kva som må til for at det skal bli betre.

Hilde Christiansen

Dette blogginlegget har også stått på trykk i Dagens medisin og på nettsidene dagensmedisin.no

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s