Kommunale akuttsenger: Kostar dei meir enn dei smakar?

Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

Helse Vest har sponsa kommunale akuttsenger med 230 millionar kroner. Men mange av sengene står tomme og køane til akuttmottaka på sjukehusa har ikkje minka. Vi må få ei grundig evaluering av dei kommunale ø-hjelpssengene så raskt som mogleg. Og spørsmålet er: Kan pasientane få meir igjen for pengane dersom dei blir brukt på ein annan måte?

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Intensjonen var god: «Sjukehusa har stor pågang. Sjukehusa løyser oppgåver som like godt kan løysast av kommunane.» Svaret blei å flytte både pasientane og pengane frå sjukehusa til kommunen.

I teorien er dette glimrande. Det er effektivt og samfunnsøkonomisk klokt å løyse oppgåver på lågast mogleg nivå. Dersom ein allmennlege kan løyse ei oppgåve like godt eller betre, kvifor skal ein spesialist gjere ho? Og kva er vel betre enn at pasientar får hjelp raskare og nærare heimen sin når det er mogleg, samtidig som køane for dei pasientane som verkeleg treng akutt behandling i sjukehusa, blir kortare?

Men så viser ein gjennomgang Helsedirektoratet har fått at sengene i snitt er i bruk 34 prosent av tida. Og det er stor variasjon i bruken i ulike kommunar, mange plassar står sengene tomme. Dessutan veit vi for lite om bruken til å vite om sengene blir brukt til det dei faktisk skulle brukast til.

Ei utviding av ordninga med kommunale ø-hjelpssenger skal omfatte også rusbehandling og psykisk helsevern. Dette er planlagt frå 2017. Er det fornuftig? Kanskje. Men det kan nok vere klokt å få ein grundig gjennomgang av korleis dette fungerer i dag, før ein utvidar ordninga. Her må Helsedirektoratet på bana, det er dei som har fått i oppgåve å ettergå at sengene blir brukt i tråd med formålet.

Ordninga er trappa opp over tid, og årleg blir det no tatt cirka 1,2 milliardar kroner frå sjukehusa og gitt til kommunane. 230 millionar av desse er tatt frå budsjettet til Helse Vest og sjukehusa på Vestlandet. Eg ber ikkje om ei tilbakebetaling her og no. Men dersom ikkje bruken av ø-hjelpssengene tek seg opp, bør ein vurdere å reversere ordninga og tilbakeføre midlane til sjukehusa, slik at dei kan nyttast til det som var intensjonen: pasientbehandling. Viss ikkje framstår ordninga som ei rein effektivisering av spesialisthelsetenesta, der vi har løyst dei same oppgåvene – men fått mindre betalt for det.

Helsing
Herlof Nilssen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s