Tryggare pasientar, tryggare klinikarar

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen_

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Dette er eit løft ikkje berre for pasientane, men òg for klinikarane. Dette betyr nemleg også at det blir opna for tilgang på tvers av føretaka, noko som gjer at klinikarane kan stille betre førebudde til møtet med pasienten.

Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får tilgang til journaldokument, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang blir gitt gjennom sikker pålogging på vestlandspasienten.no, som er kopla til helsenorge.no.

For pasientar innanfor somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innanfor rus og psykisk helsevern er datoen 19. september. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 1. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

Kvifor gjer vi dette? Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til journaldokument, og i løpet av året sjukehusjournalen, vil pasientane vere meir oppdaterte og dermed kunne vere meir delaktige i eiga helse og eiga behandling. Det er òg nyttig når pasientane har kontakt både med spesialisthelsetenesta og fastlegane, eller mellom sjukehus. Dette er i tråd med Stortingsmelding 9 (2012-13)» Éin innbyggjar-éin journal», som tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til journalen sin.

Journaldokument vil framleis vere arbeidsverktøyet for behandlaren. Sjukehusjournalen skal fortsatt vere behandlar sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endre på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg. Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlar skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der.

Når pasientane sjølve har moglegheit til å følgje opp saka si, betyr det auka pasienttryggleik og ein generell kvalitetsheving av tenesta. Helsetenesta på si side, kan frigjere ressursar som no blir brukte til mange andre viktige oppgåver og dermed styrkje anna kommunikasjon og dialog med pasientane.
Ta for eksempel pasientar som er inkluderte i eit pakkeforløp for kreft. Det gjeld for over 70 prosent av kreftpasientane i Helse Vest. Personar som har hyppig kontakt med helsetenesta har ofte behov for tilgang til journalen sin, moglegheit for å følgje opp tilvisingar og prøvesvar, og gjere nye avtalar. Det skapar tryggleik å kunne følje behandlingsplanen sin på denne måten.

Oversikt. Når ein pasient er del av eit pakkeforløp betyr det mellom anna at pasienten får oppnemnd ein eigen forløpskoordinator ved behandlingsstaden. Forløpskoordinatoren er pasienten sin kontakt på sjukehuset så lenge han eller ho er under utgreiing. I tillegg til at journalen no blir tilgjengeleg på nett vil pasienten også få tilgang til kven som er deira forløpskoordinator, få oversikt over når undersøking og behandling skal skje og få moglegheit til digital dialog med forløpskoordinatoren sin via vestlandspasienten.no.

Dersom pasienten har utgreiing og behandling i fleire føretak vil dei få oppnemnd forløpskoordinator i kvart av sjukehusa som alle blir viste med kontaktinformasjon på vestlandspasienten.no Vi har fått gode innspel frå brukarpanela våre at dette vil vere ei kjærkommen teneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen, kan pasientane vere reelle samarbeidspartnarar med helsetenesta.

Tilgang på tvers av helseføretaka. Samtidig med at pasientane får tilgang til journaldokument på nett, får også behandlarane tilgang til journalen til pasientane på tvers av helseføretaka. Det vil seie at om ein pasient frå for eksempel Helse Førde kjem til Helse Bergen for vidare behandling, vil behandlaren kunne få digital tilgang til dei opplysningar og dokument som gjeld det vidare pasientforløpet. Før blei desse dokumenta sende i posten, og ein måtte ringje til kvarandre for å varsle og ta opp vidare pasientforløp. Vi trur framleis legane vil ha dialog med kvarandre, men det er viktig at alle prosessar er godt planlagde, går raskt og trygt og er til det beste for pasienten.

Dette er ei viktig og rett utvikling. Vi skal ikkje setje behandlar i forlegenheit ved at pasienten har betre tilgang til journaldokument enn det behandlaren har. Derfor har det vore viktig å få på plass denne tilgangen samtidig med at vi opnar for digital visning av journaldokument for pasientane.

Tryggleik. Og sjølvsagt er dette tilgangsstyrt. Det er berre sjukehuspersonell som behandlar pasienten som har tilgang til å sjå journalen. All innsyn i journal blir logga og denne loggen er tilgjengeleg for pasienten på førespurnad. Det er òg verd å merkje seg at vi framleis vil betene pasientane på skikkeleg vis dersom dei ønskjer innsyn i heile journalen. På sikt skal heile journalen bli tilgjengeleg via nett, men til vi er der må pasientar kontakte sjukehuset om dei skal ha innsyn i heile journalen.

Vi skal skunde oss trygt til å få heile journalen på nett. For pasientane og medarbeidarane i sjukehusa våre betyr dette betre samhandling og auka pasienttryggleik. Ein trygg pasient gir ein trygg klinikar.

Hilde Christiansen, Direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Dette blogginnlegget har tidlegare stått i Dagens medisin, både i trykka versjon og på nett.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s