Livsviktig kommunikasjon

Bloggivest_860x400_Ineke_HogenEsch

Av Ineke HogenEsch, overlege og seksjonsleiar nevrologisk seksjon, Helse Fonna

Visste du at den saka du delte på Facebook truleg har redda liv? Du veit, den med bildet av han som prøver å smile, men har heilt skeivt ansikt. Dei siste åra har vi i sjukehusa på Vestlandet gjort ein ekstra innsats for å auke kunnskapen om symptom på hjerneslag, og at du alltid skal ringje 113 ved mistanke om hjerneslag. Eitt av tiltaka har vore omfattande informasjonskampanjar, mellom anna i sosiale medium.

Vi kan med glede melde at den livsviktige bodskapen har nådd fram.

Auka kunnskap gir betre behandling
Ein studie i Helse Vest viser at 50 prosent fleire blei behandla etter hjerneslagkampanjen vår i mai 2014. I studien dokumenterer førsteforfattar Rajiv Advani ved Stavanger universitetssjukehus ein auke i trombolysebruk og ein auke i mistenkte tilfelle av slag.

  • Før kampanjen registrerte sjukehusa på Vestlandet 37,3 pasientar med mistanke om hjerneslag i månaden. Etter kampanjen var talet 72,8.
  • Før kampanjen fekk 7,3 pasientar i månaden den anbefalte behandlinga trombolyse. Dette auka til 11,3 pasientar i månaden etterpå.

Trombolyse er ei medisinsk behandling som kan løyse opp blodproppen i hjernen. Det er avgjerande å komme raskt til sjukehus for å få effekt av denne behandlinga, det er derfor du skal ringje 113.

Bring kunnskapen vidare

For oss som til dagleg arbeider med slagpasientar, er det givande å sjå korleis samarbeid internt i sjukehusa og med innbyggjarane gir resultat. I Helse Fonna har vi auka talet på trombolysebehandlingar frå 12 prosent i 2012 til ein topp på 21,2 prosent i 2014. Undersøkingar viser òg at 50 prosent av dei som bur i vårt område, har fått med seg hjerneslagskampanjen, har lært seg symptoma og veit at dei skal ringe 113. Dette reknar eg ikkje som ein tilfeldig samanheng. I eit godt samarbeid med kommunikasjonseininga vår har vi nådd ut med bodskap i aviser og fjernsyn, i sosiale medium, på kjøpesenter, fotballkamp og i kommunestyrer for å nemne noko.

Innsatsen løner seg i form av betra pasientbehandling, til riktig tid. For den enkelte pasient kan vi berre ane forskjellen på å kunne spasere heim frå sjukehuset i staden for å bli trilla til vidare pleie.

Dei gode resultata inspirerer oss til vidare arbeid. Når vi og du deler kunnskap om hjerneslag, kan vi redde liv og redusere skadeomfanget for dei som får hjerneslag. Få med deg den livsviktige kunnskapen, og del han med dei du bryr deg om.

Helsing Ineke

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s