Rett og redusert bruk av tvang

Bloggivest_860x400_Pål_Iden

Å leggje ein pasient i belte, skal vere siste utveg når alt anna er prøvd utan hell. Beltelegging kan vere ei krenkjande oppleving for pasienten. Likevel skjer det truleg altfor ofte. Kvifor? Og korleis kan vi få ned tvangstala som VG skriv om denne veka?

Av Pål Iden, assisterande fagdirektør, Helse Vest RHF

Målet vårt er minst mogleg bruk av tvang mot pasientar. Vi er difor glade for at VG set problemstillinga på dagsordenen. I Helse Vest har vi lenge hatt ei utfordring med for høg bruk av tvang, særleg ved dei største institusjonane våre i Bergen og Stavanger. Difor har vi også eit aktivt arbeid knytt til dette.

Og det viser seg at det er komplekst å løyse. Det er nok sånn at ein bruker meir tvang viss ein har mange pasientar, for få fagfolk eller mange ufaglærte på jobb. Samtidig er det også eit spørsmål om leiarfokus og kulturen blant dei som jobbar på avdelinga.

Eit tema som VG problematiserer er om vi er gode nok på å telje og rapportere tvangsbruk innanfor psykisk helsevern. Det er fleire typar tiltak som er definert under tvang: Tvungen innlegging og observasjon, ransaking og ulike tvangsmidlar. VG har teke utgangspunkt i beltelegging; ei av dei mest inngripande tvangsmidlane vi kan bruke.

Beltelegging skal berre brukast viss det er nødvendig for å beskytte pasienten sjølv eller omgivnadene. Dette er ei form for tvang som det er knytt sterke rapporteringskrav til. Likevel viser kartlegginga til avisa at mange helseføretak verken har gode nok tal, eller rapporterer tala nasjonalt slik dei skal. Avviket mellom dei offisielle tala og tala i kartlegginga til VG er mellom anna knytt til ulike datakjelder.

Helseføretaka i Helse Vest har jobba mykje både med rapporteringa og med tiltak for å få ned bruken av tvang. Dette er særleg knytt til ein internrevisjon vi fekk gjennomført i 2014 . Denne avdekte noko av det same som VG no presenterer. Etter dette er bruken av tvang i institusjon nær halvert i Stavanger, som kom særleg dårleg ut i revisjonen, mens tala har gått opp i Bergen, dels grunna betre registreringsrutinar.

I Bergen har dei no ein betre bemanningssituasjon enn på lenge, så det er håp om at tvangsbruken vil gå ned der også.

Vi har no gåande eit prosjekt som jobbar med betre og lik registrering av tvang. God registrering er viktig både for å beskrive behandlinga og for læring. Helse Vest vil også ta eit initiativ for lik registrering nasjonalt.

Det er openbart at vi i arbeidet med å sikre rett tvangsbruk, også må bruke erfaringane frå pasientar som har blir utsette for tvang og pårørande som opplever tvangsbruk ovanfor sine nærmaste.

Og kanskje må vi bli flinkare til å utveksle erfaringar, fagfolk imellom? I Helse Fonna og Helse Førde har dei ikkje den same utfordringa med bruk av tvang. Kanskje kan fagfolk frå dei største føretaka ha nytte av og lære av å samarbeide tettare med fagfolk frå dei mindre føretaka? Dei har truleg mange felles utfordringar, sjølv om pasientstraumen til dei store institusjonane i Stavanger og Bergen er større.

Mitt håp er at når vi summerer opp 2016, så vil pilene på dette området peike i riktig retning. Rett og redusert tvangsbruk er avgjerande for pasientar og pårørande – men også positivt for medarbeidarane våre og for arbeidsmiljøet.

Pål Iden

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s