2015: Pasienten i sentrum

Bloggivest_860x400_Terje_Vareberg

 

 

 

 

 

 

2015 var eit år med gode resultat både når det gjeld kvalitet og økonomi, to viktige føresetnader for trygge og gode helsetenester. Satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging har prega året, og har for alvor bidrege til å styrkje pasientens helseteneste.

At vi har fått dette til, er det alle dei dyktige medarbeidarane i føretaksgruppa som skal ha æra for. Kvar dag gjer dei sitt yttarste for å sikre pasientane på Vestlandet den beste behandlinga vi kan gi. I 2015 fekk fleire pasientar enn nokon gong behandling ved sjukehusa i Helse Vest. Det skjer samtidig som ventetidene er korta og talet på fristbrot er redusert. Det er tydeleg at satsing på kvalitet, systembygging og gode tekniske løysingar har gitt resultat.

For pasientane har dette ført til fleire og betre digitale løysingar, som gjer at dei enklare får informasjon om og kan medverke i eiga behandling. Det er lagt til rette for betre dialog med sjukehuset som, for eksempel, kurs for klinikarar i betre kommunikasjon, ringesenter, varsel om sjukehustimen på SMS og moglegheit til tovegskommunikasjon mellom pasient og sjukehus via vestlandspasienten.no. Frå mai 2016 vil pasientane òg få tilgang til journalen sin på nett. Vi har innført pakkeforløp for kreft, auka kapasiteten innanfor rusbehandling og psykiatri og innført fritt val av behandlingsstad.

For medarbeidarane i sjukehusa har dette betydd betre arbeidsprosessar, lengre planleggingshorisontar og betre arbeidsstøtte. Vi har i 2015 lagt eit godt planarbeid for innføring av nye og betre elektroniske støtteprosessar. Elektronisk kurve og legemiddelsamstemming, digitalt mediearkiv og støtte til samhandling med fastlegar og kommunehelsetenesta, vil gi betydelege gevinstar for medarbeidarane i form av meir brukarvennlege og effektive arbeidsverktøy.

Vi ser ein framgang i alle helseføretaka og i IKT-selskapet. For pasientane betyr eit positivt økonomisk resultat at sjukehusa har handlingsrom til å investere i tiltak som gir betre behandling. Det er lagt ambisiøse planar for utbygging i alle helseføretaka. Dei største prosjekta er nytt sjukehusbygg i Stavanger, vidare arbeid med barne- og ungdomssjukehuset i Bergen, og større utbyggingsprosjekt i Førde og Fonna. Når drifta er god og kvaliteten på tenestene vi leverer er god, gir det inspirasjon til organisasjonen. Medarbeidarane ser at dei får noko igjen for all innsatsen og arbeidet som er lagt ned. Vi ser betre kvalitet og pasienttryggleik i praksis i form av sjekklista for trygg kirurgi, måling av urinvegsinfeksjonar og trykksår, for å nemne nokre av initiativa som gir synlege resultat og er til inspirasjon for andre.

Så er det kjekt å sjå at vi har eit rekordlågt sjukefråvær i organisasjonen. Vi er på linje med landssnittet for alle næringar og er betydeleg betre enn for helse- og sosialsektoren samla. Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for god pasienttryggleik. Eit godt arbeidsmiljø må aldri takast for gitt. Det er noko det må arbeidast med kvar dag. Alle har eit ansvar, men leiinga må gå i front. Det er ein siger som må vinnast kvar dag.

At vi lukkast i det arbeidet vi gjer, speglar seg òg i pasienten si oppleving av sjukehustilbodet. Resultatet frå befolkningsundersøkinga på Vestlandet er klar: Innbyggjarane er godt nøgde med sjukehuset sitt og har styrkt tillit til at dei får den behandlinga dei skal ha når dei treng det. Det er dette som er den eigentlege testen. Det er her vi ser om vi lukkast eller ei. La oss halde fram det gode arbeidet i året som kjem.

Terje Vareberg
Styreleiar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s