Kan det gå tomt for viktig medisin?

Bloggivest_860x400_Christer_B_Frantzen

Ved nokre høve kan det bli mangel på medisin. Korfor hender det og korleis sørgjer Sjukehusapoteka Vest for at sjukehusa på Vestlandet får dei legemidla dei treng til ein kvar tid?

Medisinar er eit av dei viktigaste verktøya helsetenesta har for å gjere folk friske, lindre sjukdom og betre livskvalitet. Anten det er snakk om antibiotika, hjarte- eller kreftmedisin, så kan medisinen for nokre av oss bety eit skilje mellom liv og død. For oss som arbeider for å verne om liv og helse er det såleis eit mål at alle pasientar til ei kvar tid skal få best mogleg behandling, og ein naturleg del av dette er stabil og god tilgjenge på medisinar.

Auke i mangelsituasjonar
Dei siste åra har det i følgje Statens Legemiddelverk vore ein auke i talet på mangelsituasjonar som følgje av svikt i levering frå produsent av legemiddel frå 34 i 2008 til over 140 i 2015. Marknaden for legemiddel er global og tilgjenge er avhengig av ei rekkje faktorar. Først av alt kan oppbløming av sjukdom eller endring i behandling for ei gruppe pasientar ge auke i etterspurnad som tømer lagra før produsenten rekk å lage ny forsyning.

Samstundes har utviklinga i legemiddelindustrien gjort at det i liten grad blir lagra legemiddel eller råvare til beredskapsføremål hos produsentane. Fabrikkane som lagar medisinar, er høgt spesialiserte anlegg med strenge krav til kvalitet som det ofte berre finst eitt av i verda for kvar sort. Om desse anlegga må stenge produksjonen, til dømes på grunn av skade på bygg, mangel på råvare, eller etter tilsyn, kan lagra fort gå tomme.

Tiltak for å tryggje levering
Sjukehusapoteka Vest er eigd av Helse Vest og leverer medisinar til sjukehusa i regionen. Utfordringane med tilgjenge på medisin blir møtt på fleire vis. Legemiddelgrossistane har plikt til å levere legemiddel i løpet av 24 timar. Regionhelseføretaka og sjukehusapoteka i Noreg styrkjer no nasjonalt samarbeid for å førebyggje svikt i leveringa av legemiddel gjennom å etablere eining ved Oslo universitetssjukehus.

Eininga skal mellom anna følgje med på utviklinga av leveringssituasjonen for å kunne førebyggje at svikt i levering utviklar seg til alvorleg mangel. Farmasøytar og legar samarbeider om vurderinga og om det er nødvendig å setje i verk tiltak. Erfaring frå mangelsituasjonar dei siste åra viser at det er viktig å reagere raskt og involvere dei aktuelle fagmiljøa slik at dei får tid til å områ seg og finne gode alternativ.

Ved alvorlege mangeltilfelle kan det vere aktuelt å gå over til andre medisinar med tilsvarande verknad. Ved nokre tilfelle kan det òg bli sett til side medisin til kritisk sjuke pasientar. I tillegg er det etablert eit nasjonalt beredskapslager for enkelte kritiske legemiddel. Sjukehusføretaka i Helse Vest og Sjukehusapoteka Vest samarbeider om lokale beredskapslager for kritiske legemiddel i vest.

Nokre pasientar kan få anna medisin som gir same verknad som andre medisinar. For andre pasientar kan situasjonen fort bli meir kritisk – det siste året (2015) har det vore mangel på fleire viktige legemiddel mellom anna for pasientar med kreft og infeksjonssjukdom. Felles innsats frå fagmiljøa i sjukehus og sjukehusapotek har så langt sørgd for at gode alternativ har vore tilgjengelege.

I tillegg til å følgje utviklinga på legemiddelmarknaden samarbeider Sjukehusapoteka Vest og sjukehusa om å ha lager av enkelte viktige legemiddel både nasjonalt og lokalt ved kvart enkelt sjukehus.

Sjukehusapoteka Vest legg stor vekt på å fylle sjukehusa sine behov for legemiddel i alle situasjonar. I samarbeid med sjukehusa skal vi arbeide kontinuerleg med å sikre pasientane best mogleg tilgang på livsviktige medisinar, og sikre at det er tydelege rutinar for prioritering ved svikt i levering og at det så langt som mogleg blir skaffa eit fullgodt alternativ.

Både sjukehus og sjukehusapotek prioriterer arbeid med å tryggje forsyning av legemiddel.

Christer Bakke Frantzen,
Konstituert sjukehusapotekar,
Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest HF