Nye rettar til det betre for pasientane

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen

 

 

 

 

 

 

Nye pasient- og brukarrettar er eit løft for pasientane og er ønskt velkomne frå fagmiljøa. Men, dei byr òg på utfordringar. Slik er det alltid i ein overgang. Det er krevjande å forlate noko for å etterleve nye reglar.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest

Dei nye pasient- og brukarrettane trer i kraft frå 1. november 2015. Dei inneber blant anna at nye tilvisingar skal vurderast innan ti dagar. Samtidig skal dei pasientane som blir vurderte til å ha rett til helsehjelp, få informasjon med konkret oppmøtetid. Ved hjelp av vestlandspasienten.no får pasientane denne informasjonen med ein gong timen er tildelt. Dette er til det beste for pasientane, pårørande og for fagfolka.

Det er ikkje slik at det er motstand mot dette i dei kliniske fagmiljøa, men det må vere lov å løfte blikket, og stemmen, og seie at for mange blir dette ein krevjande overgang. Vi har rett nok fått anledning til å trene på dette, men det er framleis nokre utfordringar vi må kna på plass for at dei nye rettane skal fungere optimalt for pasientane.

Dersom tilvisingane ikkje er tydelege nok, eller manglar viktig informasjon, er helseføretaka plikta til å hente inn supplerande opplysingar. Dette kan ta tid og kan gjere at tidagarsfristen for å vurdere tilvisinga ikkje let seg halde. For å nå kravet er det derfor kritisk at tilvisingane er så utfyllande og opplysande som mogleg, slik at klinikararane våre kan gjere ei god og fagleg forsvarleg prioritering og planlegging.

Eit eksempel:

Dersom samtidig parallell tilvising blir sendt til helseføretak og privat røntgenleverandør, manglar det informasjon for klinikarane som skal vurdere tilvisinga.  Pasienten har framleis ikkje teke nødvendige røntgenundersøkingar.  Tidagarsfristen gjekk, og kollegaene våre i sjukehusa fortviler over situasjonen. Dei har faktisk bede oss innstendig om å peike på at dei blir sette sjakk matt i dei tilfella der det skjer parallelle samtidige tilvisingar.

Resultatet blir ei dårleg løysing for pasientane. For, som klinikarane seier;  for å vere heilt sikre på at vi ikkje gjer feil, så gir vi pasienten time på poliklinikken sjølv om resultatet av undersøkinga ikkje er klar. For mange pasientar vil dette vere eit heilt unødig møte med spesialisthelsetenesta og dei vil oppleve det som om vi ikkje har kontroll på det vi gjer. I tillegg fører det til at ventetida for andre pasientar ikkje er så kort som det ho kunne ha vore.

Eg vil sende ei stor takk til klinikarane våre i sjukehusa som faktisk deler viktig informasjon  med «Alle møter»-prosjektet.  Berre ved å få desse utfordringane lagt på bordet kan vi jobbe fram konkrete løysingar, til det betre for pasientane.

Det er gjort solide førebuingar i sjukehusa for å møte krava som ligg i dei nye pasient- og brukarrettane. Våre kollegaer har endra arbeidsprosessar og tilnærma seg den «nye verda» med stort engasjement. Og alt no ser vi resultat.

Tilvisingane blir vurderte fortløpande ved mottak.  Gjennomsnittleg vurderingstid frå vi tek imot tilvisingane til dei er vurderte, er no  4,2 dagar, medianen er på 2 dagar.  Det er langt under kravet, men viktig og rett for å støtte andre delar av arbeidsprosessane.

Skal vi få til god og langsiktig planlegging må alle oppgåver gjerast kvar dag. Skippertak ein gong i veka vil berre føre til at også andre oppgåver blir hengande etter.

I tillegg får pasientane i større grad enn før tildelt time til poliklinikk i det første brevet dei får frå sjukehuset. Dette gjeld for mellom 80 og 90 prosent av tilvisingane, og det er no før kravet trer i kraft 1. november 2015.  Dette har bidrege til at det no er mellom to og tre tusen fleire pasientar som møter til timane sine, kvar månad.

Så er det nokre utfordringar som framleis står att. Men det er vår oppgåve å hjelpe til og bidra med det vi kan for å løyse desse. Vi har stor tru på at dei kliniske fagmiljøa våre gjer sitt yttarste for leve opp til forventningane og krava som ligg i dei nye pasient- og brukarrettane.  Og jammen skal vi hjelpe til så godt vi kan frå alle leiarnivå.

«Alle møter»-prosjektet har hatt gleda av gode møte i alle helseføretaka i haust. Gode møte der det er nok høgde under taket til å løfte fram det som går bra og det som er krevjande.  Først med tillitsbaserte relasjonar er det mogleg å bane veg, saman. Til det betre for pasientane våre.

Denne kronikken sto på trykk i Dagens Medisin 22. oktober 2015.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s