Tek vi pasienttryggleiken på alvor?

Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

 

 

 

 

 

 

Vi veit at bruk av sjekkliste for trygg kirurgi reduserer talet på komplikasjonar. Vi veit at risikovurdering av pasientar for fall og utvikling av urinvegsinfeksjon gir resultat. Så kvifor tek det så lang tid for oss å ta beste praksis i bruk?

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Pasienttryggleik skal ikkje vere noko vi satsar på eller noko vi set særskilt fokus på i ein periode. Det skal vere ein naturleg del av arbeidsdagen – rett og slett slik vi gjer det her hos oss. Målet vårt er klart. Ingen pasientar skal bli skadde på sjukehus.

Det er nå fire år sidan vi starta det målretta systematiske arbeidet med å betre pasienttryggleiken i norske sjukehus. Fram mot 2018 er målet å redusere talet på pasientskadar med 25 prosent. Det har skjedd mykje bra sidan 2011, ikkje minst takk vere innsatsen til medarbeidarane i sjukehusa.

Vi har hatt ei omfattande satsing for å redusere talet på pasientskadar, vi har sett oss mål som vi meinte var ambisiøse, vi måler og følgjer utviklinga i leiarlinja. Vi aukar helsepersonell sin kompetanse innanfor forbetringskunnskap og befolkninga sin kunnskap om symptom på hjerneslag slik at dei kan vende seg til sjukehusa raskt når slik sjukdom rammer.

Arbeidet gir resultat. Talet på pasientskadar er redusert frå 16 prosent i 2011 til 13 prosent i 2013.

Men eg meiner at det går for seint.

Vi har klare og vel dokumenterte eksempel på at forbetringstiltaka gir resultat. I samband med innføring av sjekkliste for trygg kirurgi  fall komplikasjonane med 42 prosent og gav nær eitt døgn kortare liggjetid. Det blir meldt om avdelingar med 100 dagar mellom infeksjonar som var hyppige, eller der dei ikkje har sett trykksår på lang tid.

Det manglar altså ikkje på gode eksempel. Så kvifor blir dei ikkje etterfølgde?

Framleis blir ikkje beste praksis teke i bruk over alt. Er det greitt at vi bruker sjekkliste for fall berre på ei avdeling på eit sjukehus? Eller at sjekklista for trygg kirurgi ikkje blir nytta ved alle kirurgiske inngrep på alle sjukehus? Hadde vi syntest det var greitt å ta fly dersom vi visste at berre 50 prosent av pilotane gjekk igjennom sjekklista før avgang?

Det er ikkje banebrytande ny kunnskap vi ønskjer å innføre. Det er snakk om kjente tiltak. Sjekklister over tiltak vi allereie skal gjere, men som vi er nøydde til å forsikre oss om at faktisk blir gjort.

Alle Pasientsikkerheitsprogrammet sine tiltak skal implementerast i alle relevante einingar innan utgangen av 2016. Det betyr at vi må skunde oss.

Nøkkelen til å få det til er medarbeidarane i norske sjukehus. Vi er nøydde til å samle kreftene våre og vise at vi arbeider mot eit felles mål, der alle tek ansvaret dei har for å sikre pasienttryggleiken på alvor. Og så vil vi frå sentralt hald og komme med strengare føringar og krav om rapportering.

Pasienttryggleik kan ikkje vere eit prosjekt som nokre dedikerte sjelar putlar med. Som medarbeidar i sjukehusa treng vi at alle har pasienttryggleik og HMS fremst i hjernebarken.

For arbeidet med pasienttryggleik starter med kvar og ein av oss. Og berre gjennom felles innsats kan vi gjere sjukehusa endå tryggare.

Vi har ein stor jobb å gjere.

Konsekvensane for dei menneska vi har ansvaret for er for store til at vi kan la vere.

Helsing

Herlof Nilssen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s