Læring for betre beredskap

Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

 

 

 

 

 

 

Brann i Gudvangatunnelen. Ekstremvêr slik som Dagmar. Terrortruslar. God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette veit vi. Vi veit også at vi oppnår dette gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi øver kontinuerleg på.

Av: Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

«Læring for betre beredskap» var tittelen på oppsummeringa av helseinnsatsen etter terrorhendingane 22. juli 2011. Denne rapporten og læring frå erfaringar frå andre hendingar har vi hatt med oss når vi no har revidert den regionale beredskapsplanen i Helse Vest, inkludert vedlegg.

Den regionale beredskapsplanen for Helse Vest skal vere med på å verne liv og helse, slik sjukehusa gjer det kvar dag. Befolkninga skal sikrast nødvendige sjukehustenester ved hendingar, kriser og katastrofar, i fredstid og krig.

«Beredskap er tiltak for å førebyggje, avgrense eller handtere uønskte og ekstraordinære hendingar og kriser» (NOU 2000:24)

I Gjørv-rapporten, som tok for seg erfaringane etter hendingane 22. juli 2011, fekk helsesektoren positiv omtale for å ha gode beredskapsplanar som fungerte, sjølv under ei katastrofe som overgjekk det meste vi kunne sjå for oss. Helsevesenet sine eigne evalueringar konkluderte med at beredskapsplanane hadde fungert tilfredsstillande. Det har likevel vore behov for å arbeide med ei rekkje oppfølgingstiltak og læringspunkt i etterkant.

Under ekstremveret Dagmar i 2011 fekk også helsetenestene handtere og erfare utfordringane når infrastrukturen blei slått ut. Dyktige medarbeidarar viste ein imponerande innsats, ved å følgje rutinar slik dei var etablerte – og ved finne nye løysingar der det var nødvendig. Ved brannen i Gudvangatunellen i 2013 var oppsummeringa at sjukehusa mobiliserte raskt og samhandla godt. Men vi kan alltid bli betre.

Kravet til å ha beredskapsplanar gjeld alle verksemdene i den offentlege helsetenesta, så vel som dei private helseinstitusjonane vi har avtale med. Beredskapsplanane blir reviderte kvart tredje år nettopp fordi vi må byggje vidare på dei erfaringane vi gjer oss.

«Med tanke på framtidig beredskap er det viktig at helsesektoren fortsetter å oppdatere beredskapsplanene jevnlig, øver på og koordinerer det som står i planene, fortsetter å utarbeide gode rutiner for å varsle hendelser, samt fokuserer kontinuerlig på nødvendigheten av effektiv ressursdisponering og samhandling ved kriser» (Gjørv-kommisjonen)

Den regionale beredskapsplanen bidreg til at dei samla resursane i sjukehusa i regionen blir nytta mest mogleg effektivt ved krise eller katastrofe. Den tydeliggjer dei ulike rollene og kva for ansvar det regionale helseføretaket, sjukehusa og relevante samarbeidspartar har. Tydeleg beredskapsleiing bidreg også til å sikre og styrkje samordninga innanfor helsetenesta, i tillegg til med samarbeidande etatar.

Planen byggjer på dei etablerte prinsippa for beredskapsarbeidet i Noreg, som ansvar, nærleik, likskap og samverke.

Ein grunnleggjande føresetnad for god beredskap og krisehandtering er at verksemda si daglege drift er sikker og robust. Vi er trygge på at det er slik. Og slik kan du òg vere trygg på at sjukehusa alltid er budde.

Helsing
Herlof Nilssen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s