Sjukehus på offensiven

Bloggivest_860x400_Herlof_Nilssen

 

 

 

 

 

 

Skal vi nå måla våre, må vi vere offensive. Då er det greitt å ha orden i økonomien.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Når vi som driv på med sjukehus skal investere i betre pasientbehandling, er det ofte ikkje behov for millionar av kroner. Det er snarare snakk om milliardar.

I dag er til dømes eit nytt sjukehusbygg resultatet av eit spleiselag mellom staten og sjukehuset. Men alt kjem vel frå same potten, tenkjer du kanskje? Treng verkeleg sjukehusa å gå med overskot i oljesmurte Noreg?

Staten er ein god sponsor når gigantprosjekt som eit nytt sjukehus er, skal i gang. Men staten tek ikkje heile kostnaden.

I dag er det slik at eit helseføretak som vil gjennomføre kostbare byggjeplanar, også må kunne dokumentere ein sunn økonomi med budsjettmål som blir nådde og overskot som gjer det mogleg å investere. Det blir med andre ord eit spleiselag mellom staten og det lokale sjukehuset. Det å sjå drift og investering i samanheng, gir god styring og sunnare økonomisk drift. Eller, som professor Jon Magnussen skriv: «Lokalt ansvar og lokal beslutningsmyndighet gir løsninger som passer lokale forhold, og gir insitament til og mulighet for å avveie bruk av de tildelte rammene på en best mulig måte

Mange har innvendingar mot denne modellen, og meiner det er urimeleg at sjukehus skal tene pengar. Ein kan like det eller ikkje, men det er ikkje tvil om at ein balansert økonomi også gir sjukehuset eit heilt anna spelerom og heilt andre moglegheiter. Berre spør Helse Bergen, som gjennom gode økonomiske resultat kan investere og byggje nytt slik dei har behov for. Helse Bergen samlar mellom anna all behandling for barn, unge og fødande under same tak, i eit nytt, flott bygg, innan 2022.

Det kan vere vanskeleg å sjå samanhengen i ein hektisk sjukehuskvardag, men økonomisk overskot = nye moglegheiter. Det er altså ikkje slik at overskot er eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for å nå store – og mindre – mål. God økonomisk drift opnar for å sjå framover og setje inn støtet mot viktigare mål; som god kvalitet og pasienttryggleik gjennom gode system, tilpassa medisinsk utstyr og gode IKT-verktøy.

Gjennom dette kan vi få realisert lenge etterlengta prosjekt – for eksempel ny barneklinikk, ny MR-maskin, nye sjukehusbygg eller opprettinga av nye, viktige behandlingstilbod. Slik at du som pasient skal få betre og sikrare sjukehustenester når du må til behandling på eit av våre sjukehus eller institusjonar.

Vennleg helsing

Herlof Nilssen
Administrerande direktør

Økonomisk resultat dei siste åra:

Økonomisk resultat 2014. Graf.

Investeringar dei siste åra:

Investeringar 2014. Graf.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s