Nøgde medarbeidarar yter betre pasientbehandling

Bloggivest_860x400_Hilde_Christiansen

 

 

 

 

 

 

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest

For at medarbeidarane i sjukehusa skal kunne gi pasientane trygge og sikre helsetenester av høg kvalitet, er det avgjerande at dei har eit godt og trygt arbeidsmiljø. Satsinga på pasienttryggleik og arbeidet med HMS (helse, miljø og sikkerheit) er knytt tett saman, og må sjåast på som to sider av den same saka.

I Helse Vest har vi lang erfaring med å tenkje på HMS og på pasienttryggleik, men ikkje ein så lang tradisjon for å sjå dei to i samanheng. I strategien vår for føretaksgruppa i vest, Helse 2030, ønskjer vi no å etablere ein langsiktig HMS-strategi der pasienttryggleik og HMS til saman gir viktige bidrag til oppbygging av ein trygg og utviklande arbeidskultur.

Dersom ein medarbeidar ikkje kjenner seg trygg på jobb, eller at teamet han eller ho arbeider i er prega av konfliktar og dårleg kommunikasjon, vil dette vere ein risiko for pasienttryggleiken. Sjansen for at viktige beskjedar kan gå tapt er stor, noko som igjen kan føre til uønskte hendingar.

Førebygging skal prioriterast av alle. Pasienttryggleik og HMS skal vere ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. Det er ikkje eit ansvar som ligg til enkelte roller eller yrkesgrupper. Det er eit ansvar kvar og ein av oss har. Vi legg vekt på engasjement og medverknad der alle ser pasienttryggleik og HMS som ein viktig del av ein større heilskap. Det handlar om kva vi sjølve kan gjere, og korleis vi kan bidra til å oppnå eit betre arbeidsmiljø og ein betre tryggleikskultur.

Arbeidsmiljølova legg til grunn eit medverkingsansvar og medverknadsplikt, der leiarar og medarbeidarar spelar på lag, i tillegg til at vernetenesta og tillitsvalde har sine respektive posisjonar med rettar og pliktar. Målet er at vi alle bidrar aktivt i prosessar og tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit HMS-ansvar der dei må mobilisere til medverknad frå alle medarbeidarar. Systemet for HMS skal vere føretaksgruppa sin viktigaste reiskap for å skape ein trygg, sikker og triveleg arbeidsplass der ingen blir utsette for skade eller sjukdom som følgje av forhold på arbeidsplassen.

For å få dette til er det viktig med eit godt meldesystem, og ein god meldekultur, der alle tør å melde i frå om dei ser avvik. Saman må vi halde oversikt over farar i arbeidsmiljøet, vi må vurdere risikoen for helseskadar og ulykker, vi må setje i gang aktivitetar og tiltak for å førebyggje og redusere risiko og ikkje minst må vi følgje opp, rette opp og forbetre dei feila og manglane som blir rapporterte.

I Helse Vest blir det årleg gjennomført HMS-kartleggingar i kvart av helseføretaka. Desse kartleggingane skjer på kvar eining. Helseføretaka har organisert vernetenesta med føretaks-AMU og klinikk-/divisjons-AMU. Dette gir grunnlag for brei involvering og medverknad og ikkje minst tydeleg leiaransvar for HMS. Ut frå desse kartleggingane blir det laga lokale handlingsplanar.

Kartlegginga kan avdekke forhold som kan vere utfordrande på arbeidsplassen, fysisk eller psykisk. Risikovurdering er eit hjelpemiddel for å belyse kva som kan vere skadeleg, kva som kan skape utryggheit og kva som kan utsetje medarbeidarar for skade, truslar og vald. Alle desse områda blir vurderte i samspelet mellom leiarar, medarbeidarar og verneomboda.

I Helse Vest skal vi ha brukarvennlege system som skal vere lett tilgjengelige for leiarar og medarbeidarar. Både leiarar og medarbeidarar må involvere seg og ha høg merksemd på HMS, for å unngå uønskte hendingar, skadar, vald og truslar. Erfaringar har vist at det er først når medarbeidarar og leiarar i fellesskap er engasjerte og tar eigarskap til HMS, at vi oppnår gode resultat.

Ved hjelp av målretta systematiske tiltak kan vi unngå sjukdom og/eller skade som følgje av arbeidet i verksemdene. Førebygging må vere det berande prinsippet for eit vellykka HMS- og pasienttryggleiksarbeid. HMS-systemet må vere lett tilgjengeleg og brukarvennlig. HMS skal vere ein integrert del av det daglege arbeidet, og krav i lov og forskrifter skal ivaretakast. HMS skal vere organisert slik at ansvaret er klart definert for leiarar og medarbeidarar, men vi må også fokusere på å nå fram til kvar enkelt medarbeidar.

Vi ønskjer ein kultur der HMS og pasienttryggleik er ein del av same sak, der begge til saman speglar kvalitetskulturen i føretaksgruppa.

I Helse Vest ønskjer vi å vere leiande innanfor HMS-arbeid, og førebygging skal prioriterast av alle. Føretaka i Helse Vest skal vere blant dei fremste blant offentleg eigde verksemder på systematisk førebyggjande HMS-arbeid. For å få dette til treng vi di hjelp. Som medarbeidar i sjukehusa treng vi at du har pasienttryggleik og HMS fremst i hjernebarken. Du skal ha det godt på jobb. Utan at du har det kan vi heller ikkje forvente at du skal kunne yte det beste for pasientane.

Hilde Christiansen

Denne saka har stått på trykk i papirutgåva av Dagens Medisin, 21. mai 2015.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s