2014 – Eit godt år

Bloggivest_860x400_Terje_Vareberg

 

 

 

 

 

 

Av Terje Vareberg, styreleiar i Helse Vest RHF

Aldri før har vi behandla fleire pasientar i sjukehusa på Vestlandet. At dette skjer samtidig som ventetidene blir kortare er svært gledeleg. Det er tydeleg at satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging gir resultat.

Det er først og fremst på kvaliteten på tenestene og pasienten si oppleving av desse at vi skal målast. Kvar dag gjer omlag 27 300 medarbeidarar ein strålande jobb og resultata frå dei nasjonale brukarerfaringsundersøkingane viser at vi skorar høgare på brukaropplevd kvalitet no enn tidligare. Satsinga på pasienttryggleiksarbeid viser tydelege resultat. Talet på pasientskadar går ned og vi ser at det ofte ikkje er mykje som skal til for at det skal ha ein effekt. Risikovurdering og bruk av sjekklister er eksempel på slike tiltak, og er god motivasjon til vidare forbetringsarbeid.

Satsinga på pasienttryggleik og arbeidet med HMS (helse, miljø og sikkerheit) er tett knytt saman. Eit godt og trygt arbeidsmiljø er avgjerande for å kunne tilby pasientane våre tenester av høg kvalitet. I 2014 gjennomførte vi ein omfattande medarbeidarundersøking i sjukehusa og resultata er oppløftande. Dette speglar seg også i sjukemeldingstala. Ved utgangen av året var det gjennomsnittlege sjukemeldte sjukefråværet i føretaksgruppa 5,4 prosent. Det er betre enn landssnittet til NAV for alle næringar og betydeleg betre enn det sjukemeldte sjukefråværet innanfor helse- og sosialtenester, som var på 7,6 prosent.

Det er likevel urovekkjande å sjå at talet på valdshandlingar retta mot medarbeidarane våre aukar. Dette må vi ta på alvor. For å kunne gjere ein god jobb er det viktig at vi kjenner oss trygge, både på veg til jobb, på jobb og på veg heim. Dette er eit viktig område vi må arbeide målretta med for å kunne møte behovet for gode pasienttenester i åra som kjem.

Helse Vest står ovanfor mange svært omfattande utbyggings- og renoveringsprosjekt ved alle dei største sjukehusa. Solid drift gir oss eit godt grunnlag for å gjennomføre nødvendige investeringar i, for eksempel, utstyr og bygg. Slik kjem det positive økonomiske resultatet pasientar og medarbeidarar til gode. For å kunne investere i framtida må vi oppretthalde solid drift og vise til positive økonomiske resultat også i åra som kjem.

Sjølv om vi i 2014 kunne hauste godt av det langsiktige arbeidet som er gjort både innanfor IKT-utvikling og systemstøtte er det framleis store oppgåver som skal løysast på ein god måte. Dette gjeld blant anna i arbeidet med å skape pasientens helseteneste, ta i bruk mangfaldet ved å innføre fritt behandlingsval, sørgje for raskare diagnose og redusert ventetid for kreftpasientar, og auke kapasiteten innanfor rus og psykiatri. Vi er godt på veg innanfor alle desse områda og 2015 vil gjere det mogleg for oss å vise at vi også her kan vise til gode resultat.

Eg vil nytte høvet til å takke alle dei engasjerte og arbeidsame medarbeidarane som jo har æra for dei gode resultata vi har sett i 2014. Gjennom det arbeidet som er gjort, har vi lagt eit godt grunnlag for året som kjem. Med felles innsats er eg ikkje i tvil om at vi vil nå dei måla vi har sett oss.

Terje Vareberg
Styreleiar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s