Hjerneslagkampanjen har effekt!

Bloggivest_860x400_Martin_Kurz

 

 

 

 

 

 

 

Av Martin Kurz, seksjonsoverlege ved Stavanger universitetssjukehus

Denne månaden køyrer vi ein opplysningskampanje i Helse Vest om symptoma på hjerneslag og om kor viktig det er å ringje 113 med ein gong ved mistanke. Ved ein liknande kampanje i fjor, fekk vi fantastiske resultat. Fleire kjem no tidsnok til sjukehuset slik at vi kan gi dei den mest effektive behandlinga.

Du har kanskje sett det på Facebook, i annonsar og på plakatar, når vi seier «SMIL – du har fått hjerneslag»? Kampanjen blei lansert første gong i mai i fjor. Informasjonskampanjen, i regi av Program for pasienttryggleik i Helse Vest, var resultatet av eit initiativ og lengre arbeid for å få i gang ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Då ei nasjonal satsing av ulike grunnar ikkje lèt seg gjennomføre, valde vi å leggje opp til ein regional kampanje på Vestlandet.

Vi gjorde det same i fjor. Kampanjen gjekk då i ein månad og hadde eit avgrensa budsjett. Men Helse Vest og alle deltakande sjukehus gjorde ein fantastisk jobb med å få spreidd den viktige bodskapen. Resultatet av opplysingskampanjen i fjor er veldig gledelig: Merksemda i befolkninga på Vestlandet har auka betydeleg. Kjennskapsundersøkinga vi gjorde då, viser at kjennskapen til symptoma på hjerneslag har auka med ni prosentpoeng frå 66 prosent før kampanjen til 75 prosent etter.

Dette er eit meir enn godt og lovande resultat – særleg når vi tek inn at informasjonskampanjen berre varte i på fire veker. Og det stoppar ikkje der. Trass i at dei fleste liknande korte, regionale kampanjane ikkje klarte å vise haldningsendringar i befolkninga, så har vi hatt ein markant auke i talet på telefonar inn til 113 knytt til symptoma på hjerneslag. Auken er på heile 55 prosent berre i Stavanger åleine!

Og endå betre – mange fleire pasientar får no behandling for hjerneslag i akuttfasen. I Stavanger auka talet på gjennomførte behandlingar med blodproppoppløysande medisin (trombolyse) med meir enn 35 prosent. Også dei andre sjukehusa i Helse Vest har vist ein solid auke i talet på pasientar som er behandla med trombolyse. Dette vil eg kalle eit formidabelt resultat for ein kampanje med eit avgrensa økonomisk utgangspunkt og tilsvarande kort varigheit!

Dette er eit så bra resultat at vi no er i gang med ein ny runde av den regionale informasjonskampanjen. Vi har ikkje råd til at livskvalitet, og i verste fall, liv går tapt fordi ein ikkje har nok kunnskap om hjerneslag og kor viktig det er å komme raskt til behandling.

Dette er ei påminning til sentrale helsestyresmakter i Noreg om å satse på ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag – slik dei har gjort i England i fleire år, og som dei lanserte i Sverige i fjor. Det ikkje tvil om at ei slik langvarig, nasjonal satsing vil gi gode resultat. Resultata frå informasjonskampanjen i England blei nyleg offentliggjorde: Både talet på førespurnader knytte til symptoma på hjerneslag og talet på pasientar som blei behandla med trombolyse, auka signifikant og konstant gjennom åra informasjonskampanjen gjekk.

La oss håpe at Noreg også ser at det er nødvendig med ei nasjonal satsing. Enn så lenge kjører vi vår eigen regionale kampanje – med god effekt!

Hjelp oss å redde hjernen – del den viktige informasjonen med venner og kjende. Kanskje kan akkurat du bidra til å redde liv. Du finn meir informasjon om symptoma på hjerneslag og kva du skal gjere om du kjenner dei att, på nettsida http://www.helse-vest.no/hjerneslag.

Helsing

Martin Kurz

Det umoglege var mogleg!

Bloggivest_860x400_Herlof_Nilssen

 

 

 

 

 

 

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest RHF

Sjekkliste for trygg kirurgi har redusert kirurgiske komplikasjonar med 42 prosent. Innføring av pasienttryggingstiltak har gitt 100 dagar utan trykksår og 155 dagar utan urinvegsinfeksjonar. For eit år sidan hadde dei fleste sagt at dette var umogleg. Det er gledeleg å sjå at satsinga på pasienttryggleik gir resultat.

Pasienttryggleik er eit av dei viktigaste satsingsområda i sjukehusa. Sjukehustenestene vi gir skal vere trygge og sikre og ansvaret for pasienttryggleiken ligg til alle rollene i sjukehusdrifta. Det er eit ansvar du har som portør, som farmasøyt, som helsefagarbeidar, kirurg, anestesisjukepleiar, jordmor, psykolog, avdelingsleiar eller administrerande direktør.  Alle dei 27 300 medarbeidarane i føretaksgruppa i Helse Vest har ansvar for å bidra til ein god pasienttryggleikskultur og til at talet på pasientskadar går ned.

Kor viktig pasienttryggleiksarbeidet er, viser forskinga som er gjennomført i Helse Bergen og Helse Førde på innføring av sjekkliste for trygg kirurgi. I studieperioden kunne dei dokumentere ein nedgang av komplikasjonar  på heile 42 prosent! I ein leiarartikkel i det amerikanske tidsskriftet Annals of Surgery kallar verdsleiande forskarar innanfor pasienttryggleik  studien for  «uvurderleg» og «eit eksempel for kirurgiske team overalt».  Men forbetringar kjem ikkje av seg sjølv – det krev merksemd og systematisk arbeid over tid.

I 2010 blei 14 prosent av pasientane i Helse Vest skada på sjukehuset. I 2013 var talet redusert til 12,5 prosent. Det er ei gledeleg utvikling, men vi er framleis ikkje i mål.  Det er klart at moderne utgreiing og behandling er kompleks og at dette aukar faren for uønskte hendingar som kan føre til skade på pasienten – men med betre rutinar og system, høgare kompetanse og tettare samarbeid, går det an å gjere noko med dei. Det er ein tommelfingerregel at halvdelen av dei skadane som skjer, kan forhindrast. Eg trur at vi ved systematisk arbeid kan skyve denne grensa ytterlegare.

Blant dei hyppigaste skadane i norske sjukehus er infeksjonar og komplikasjonar i samband med kirurgiske inngrep,  urinvegsinfeksjonar, fall og liggjesår. Gjennom det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet I trygge hender 24/7  og det regionale programmet for pasienttryggleik i Helse Vest, er det sett i gang målretta tiltak mot dei områda der skadar er hyppige eller særleg viktige å ta tak i.  Fleire av desse tiltaka gir no gir målbare resultat.

Ved geriatrisk eining ved Haugesund sjukehus kunne dei nyleg markere at det hadde gått 100 dagar utan at pasientane i avdelinga hadde utvikla  trykksår. Dette etter at dei starta med å vurdere alle pasientar for risiko for å falle og for å utvikle trykksår. I april-mai 2013 gjekk det under 10 dagar mellom kvart nye trykksår i avdelinga og det var vel liten tru på at  det var mogleg å nå 100-dagarsmålet. Risikovurderingar for fall og trykksår blir rulla ut i alle relevante einingar og avdelingar ved alle sjukehus i Helse Vest.

Eit anna område kor vi òg ser gode resultat er førebygging av urinvegsinfeksjonar i samband med bruk av urinvegskateter. Pasientar med blærekateter har høgare risiko for å få urinvegsinfeksjonar. Jo lenger kateteret ligg inne, jo større er faren for infeksjon. Vi vil redusere urinvegsinfeksjonar ved å hindre unødig bruk av blærekateter. Nyleg nådde medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus det ambisiøse målet om 150 dagar utan urinvegsinfeksjonar. Dei kan no skilte med heile 155 dagar utan urinvegsinfeksjonar ved avdelinga.

Når vi ser slike positive resultat vil eg sende ei stor takk til alle gode medarbeidarar som kvar dag legg inn innsats for stadig å gjere pasienttryggleiken og pasientbehandlinga endå betre. Målet med Program for pasienttryggleik er å halvere talet på dei pasientskadane vi kan unngå innan utgangen av 2018 og byggje varige strukturar for pasienttryggleik. Skal vi få det til er det viktig at ansvaret er forankra på alle nivå i organisasjonen.

Hugs at arbeidet med pasienttryggleik startar med deg. Berre gjennom felles innsats kan vi gjere sjukehusa endå tryggare.

Helsing

Herlof Nilssen