2015 – eit grønt år!

Bloggivest_860x400_Ivar_Eriksen

 

 

 

 

 

 

Av Ivar Eriksen, Eigardirektør i Helse Vest RHF

Global oppvarming og klimaendringar er nokre av dei aller største utfordringane i vår tid. Regjeringa har sett seg ambisiøse mål om å redusere klimagassutsleppa og omstille Noreg til eit lavutsleppssamfunn fram mot 2050. Spesialisthelsetenesta kan medverke til å nå desse måla ved å finne løysingar som bidreg til ein klima- og ressurseffektiv helsesektor.

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør. Berre på Vestlandet er vi over 27 000 medarbeidarar som tilbyr tenester til meir enn ein million vestlendingar. Helseføretaka påverkar sjølvsagt miljøet gjennom sitt ressursforbruk og utslepp til jord, luft og vatn frå blant anna transport av pasientar, pårørande, medarbeidarar og varer. I tillegg kjem byggeverksemd og dei store avfallsmengdene som blir generert i helseføretaka.

Miljø og helse er sterkt knytt til kvarandre. Miljøgifter har alvorlege konsekvensar for menneske. Luftforureining fører til store helseproblem, spesielt i dei store byane. Vi kan ikkje drive helsefremjande arbeid utan samstundes å ta vare på nærmiljøet vårt som påverkar helsa vår i så stor grad.

Miljø- og klimaprosjektet Grønt sjukehus starta allereie i 2008 med ei kartlegging over kva spesialisthelsetenesta kunne og burde gjere for å redusere miljøbelastninga frå sektoren. I 2011 blei det vidareført i styringsbodskapen frå Helse- og omsorgsdepartementet ved at alle helseføretaka og dei regionale helseføretaka skulle miljøsertifiserast etter ISO 14001-standarden innan utgangen av 2014.

Når vi no nett er gått over til 2015, går Grønt sjukehus-prosjektet inn i ein ny fase. Dei fleste føretaka er miljøsertifiserte, men det er no den verkeleg store jobben startar!

Sertifisering etter ISO-standarden viser at føretaket har innført miljøleiing og implementert eit miljøstyringssystem, men sertifiseringa er ikkje i seg sjølve det endelige målet. Det er eit verkemiddel til å nå målet om ein meir miljøvennleg drift. Føretaka kartlegg aktivitetane sine, produkta sine og dei tenestene dei tilbyr for å finne ut korleis det påverkar miljøet, og dei set inn tiltak for å redusere miljøpåverknaden. Dette er eit kontinuerleg arbeid som vil fortsette heilt til vi når dei måla vi har sett oss og kan sjå resultata av den jobben som er gjort.

Det er mykje grønt engasjement i spesialisthelsetenesta. Sjølv i ein travel kvardag har vi mange dyktige medarbeidarar som har engasjement nok til tenkje miljø i alt dei gjer. Det er flott og det er utruleg viktig!
Eg oppmodar derfor alle til å tenkje miljø i kvardagen. Går du føre som eit godt eksempel vil andre ta etter deg og gjere det same.

La oss saman gjere 2015 til eit grønt år!

Vennleg helsing

Ivar Eriksen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s