Hjelp oss å redde hjernen!

Bloggivest_BenteAae_860x400

 

 

 

 

 

 

Av Bente Aae, kommunikajsonsdirektør i Helse Vest RHF

Kjenner du symptoma på hjerneslag og veit du kva du skal gjere om du kjenner dei att? Det er det mange som ikkje gjer. Framleis kjem over 80 prosent av dei som får hjerneslag, for seint til sjukehuset til å få den mest effektive behandlinga.

– Eg veit eg har vore heldig. Eg veit òg grunnen til at eg har vore så heldig. Det er fordi kona ringde 113 med ein gong og ikkje venta. Dette seier Helge Alne når han fortel om den gongen han fekk hjerneslag. Historia er eit eksempel på kor viktig det er å handle raskt når ein sjølv kjenner eller ser symptoma på hjerneslag hos andre. Det kan redde liv.

Les heile historia om Helge Alne i Helse i vest

Kvart år blir om lag 16 000 nordmenn ramma av hjerneslag. Hjerneslag er ein av dei vanlegaste årsakene til invaliditet og til at pasientar hamnar på sjukeheim. Slik treng det altså ikkje å vere!
Eit hjerneslag kjem som oftast utan forvarsel, og cellene i hjernen tek straks til å døy. Om den som er ramma av hjerneslag kjem raskt til sjukehus, finst det effektive behandlingsmetodar som kan opne blodtilførselen slik at området i hjernen ikkje døyr.

Ved å lære deg tre enkle symptom på hjerneslag, har du kunnskap som kan redde liv, og som aukar sjansane for at hjerneslaget ikkje gir varige skadar. Dei vanlegaste symptoma er lamming i fjes, arm eller fot og språkforstyrringar. Kjenner du desse att hos deg sjølv eller nokon som er nær deg, er det berre éin ting å gjere: Ring 113

Når vi i sjukehusa veit at så mange fleire burde kome raskt til behandling ligg det til ansvaret vårt å gjere informasjon om hjerneslag godt tilgjengeleg. I 2014 starta vi ein informasjonskampanje retta mot befolkninga på Vestlandet. I ei undersøking i etterkant av kampanjen svarte 32 prosent at dei hadde sett/hørt ein kampanje for hjerneslag i løpet av dei siste to månadane. Rekna om betyr det at 263 975 personar over 18 år fekk med seg informasjonskampanjen om hjerneslag. I tillegg hadde kjennskapen til symptoma på hjerneslag auka, samanlikna med ei tilsvarande måling i 2012. Likevel er det enno altfor mange som ikkje kjenner symptoma eller er klar over kor viktig det er å kome raskt til sjukehus. I staden for å ringje 113, ventar dei. Dei ser situasjonen litt an og ventar på symptombetring. Her har vi ein stor folkeopplysningsjobb å gjere.

I håp om å nå ut til endå fleire med den viktige bodskapen, gjentek vi denne månaden informasjonskampanjen. Du vil finne informasjon om hjerneslag på nett, i sosiale medium, TV, aviser, på plakatar, i brosjyrar og fleire andre stader. Gjennom informasjonskampanjen håpar vi å skape merksemd omkring, og auke kunnskapen om, symptom på hjerneslag og kor viktig det er med rask behandling. Og vi treng di hjelp for å nå ut til fleire.

Bli med oss å spreie den viktige bodskapen! Hjelp oss å redde hjernen!

Helsing Bente Aae

2015 – eit grønt år!

Bloggivest_860x400_Ivar_Eriksen

 

 

 

 

 

 

Av Ivar Eriksen, Eigardirektør i Helse Vest RHF

Global oppvarming og klimaendringar er nokre av dei aller største utfordringane i vår tid. Regjeringa har sett seg ambisiøse mål om å redusere klimagassutsleppa og omstille Noreg til eit lavutsleppssamfunn fram mot 2050. Spesialisthelsetenesta kan medverke til å nå desse måla ved å finne løysingar som bidreg til ein klima- og ressurseffektiv helsesektor.

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør. Berre på Vestlandet er vi over 27 000 medarbeidarar som tilbyr tenester til meir enn ein million vestlendingar. Helseføretaka påverkar sjølvsagt miljøet gjennom sitt ressursforbruk og utslepp til jord, luft og vatn frå blant anna transport av pasientar, pårørande, medarbeidarar og varer. I tillegg kjem byggeverksemd og dei store avfallsmengdene som blir generert i helseføretaka.

Miljø og helse er sterkt knytt til kvarandre. Miljøgifter har alvorlege konsekvensar for menneske. Luftforureining fører til store helseproblem, spesielt i dei store byane. Vi kan ikkje drive helsefremjande arbeid utan samstundes å ta vare på nærmiljøet vårt som påverkar helsa vår i så stor grad.

Miljø- og klimaprosjektet Grønt sjukehus starta allereie i 2008 med ei kartlegging over kva spesialisthelsetenesta kunne og burde gjere for å redusere miljøbelastninga frå sektoren. I 2011 blei det vidareført i styringsbodskapen frå Helse- og omsorgsdepartementet ved at alle helseføretaka og dei regionale helseføretaka skulle miljøsertifiserast etter ISO 14001-standarden innan utgangen av 2014.

Når vi no nett er gått over til 2015, går Grønt sjukehus-prosjektet inn i ein ny fase. Dei fleste føretaka er miljøsertifiserte, men det er no den verkeleg store jobben startar!

Sertifisering etter ISO-standarden viser at føretaket har innført miljøleiing og implementert eit miljøstyringssystem, men sertifiseringa er ikkje i seg sjølve det endelige målet. Det er eit verkemiddel til å nå målet om ein meir miljøvennleg drift. Føretaka kartlegg aktivitetane sine, produkta sine og dei tenestene dei tilbyr for å finne ut korleis det påverkar miljøet, og dei set inn tiltak for å redusere miljøpåverknaden. Dette er eit kontinuerleg arbeid som vil fortsette heilt til vi når dei måla vi har sett oss og kan sjå resultata av den jobben som er gjort.

Det er mykje grønt engasjement i spesialisthelsetenesta. Sjølv i ein travel kvardag har vi mange dyktige medarbeidarar som har engasjement nok til tenkje miljø i alt dei gjer. Det er flott og det er utruleg viktig!
Eg oppmodar derfor alle til å tenkje miljø i kvardagen. Går du føre som eit godt eksempel vil andre ta etter deg og gjere det same.

La oss saman gjere 2015 til eit grønt år!

Vennleg helsing

Ivar Eriksen