Alkoholproblem?

Bilete av Sverre Nesvåg, Forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR) i Helse VestSnakk tydeleg og direkte til den det gjeld.

Av Sverre Nesvåg, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR) i Helse Vest

Hadde du likt at éin av dine næraste midt under ein fest stansa ved sida av deg og sa ganske klårt og tydeleg frå: – No! No drikk du for mykje!

Eg er ikkje i tvil. Direkte språk er det beste. Folk toler stort sett å høyre den usminka sanninga. Det er mi erfaring at om ein skal nå fram med ein så spesiell bodskap som at nokon drikk for mykje, må det seiast klårt og direkte, der og når det skjer.

Høgt alkoholbruk er sjølvsagt aldri bra. Ikkje for helsa, og ikkje for noko anna, heller. Men verkeleg problematisk blir det først når eit høgt forbruk kjem i tillegg til andre risikofaktorar. Det kan vere fysiske eller psykiske helseproblem, erfaringar frå ein vond oppvekst eller ei livskrise som til dømes ei skilsmisse eller tap av jobb.

Om me veit og er heilt ærlege med oss sjølve om kor mykje, korleis og kvifor me drikk alkohol, og veit at drikking inneber ein viss risiko – med andre ord: om me har kontroll med eigne vanar – først då kan me senke skuldrene og nyte alkohol med godt samvit.

Eg er ikkje redd for å utfordre etablerte sanningar og kjappe medieutspel. Men eg har det som ein fast regel at når eg uttaler meg så skal det vere kunnskapsbasert. Alkohol er eit område der ein veit mykje om skadar og verknader, og om kva som nyttar og ikkje nyttar når ein skal skape gode haldningar. Eg meiner mellom anna at det ikkje bør omsetjast alkohol på ein idrettsarena. Når alkoholservering no gjer sitt inntog på norske fotballstadionar, er det til sjuande og siste berre eitt argument som har fått gjennomslag: pengar.

Eg meiner at alkoholservering på idrettsarenaer bryt ned etablerte haldningar til kvar og kor lenge ein kan selje øl. Når fotballarenaer serverer øl, når opningstidene blir utvida og tilgangen til alkohol blir så omfattande, senkar det terskelen for å drikke. Når vi veit at stadig fleire drikk, når vi veit at nordmenn – sjølv om drikkevanane har endra seg – stadig drikk mykje meir enn andre europearar kvar gong dei drikk, og når vi òg veit at altfor mange arbeidsdagar går tapt i bakrus, då bør vi setje strek, meiner eg.

På mange måtar er alkohol ein slags risikosport, men dei fleste er lite flinke til å sjå seg sjølve i eit slikt bilete. Mange tenkjer seg at omgang med alkohol er eit spørsmål om å ha full kontroll eller å vere alkoholikar. Eit slikt utgangspunkt er feil, og situasjonen blir fort radikalt forverra når ein hamnar i ein problematisk situasjon i ekteskapet, på jobben eller andre viktige arenaer. Då tyr ein ofte for lett til ein drink og trur at det hjelper.

– Kven av oss er så i faresona? Kanskje først og fremst dei som finn støtte for å drikke ofte og mykje. Dei som stoler på at ein berre kan telje såkalla einingar per dag – dei som trur at grensa går ved kor mykje du og kroppen din kan tole.
Slik er det ikkje. Kva som er forsvarleg omgang med alkohol, er svært individuelt. Ein kan ikkje lage ei offisiell oppskrift på kor mykje den enkelte kan drikke. I haldningsarbeidet knyter eg drikking til sunn eller usunn omgang med alkohol.

Når du får dårleg søvn, når du blir uvel, når du ikkje stiller på jobb, og når du stadig oftare kjenner på magevondt og liknande, då er kroppen i ubalanse. Då har du ikkje den same kontrollen lenger. Og akkurat det er eit sårt punkt for mange av oss– å ikkje ha kontroll. Då må me i helsevesenet kunne gi gode råd om korleis ein kan styrkje kontrollen og endre eigne alkoholvanar.

Sverre Nesvåg

Gode resultat gir motivasjon

Bilde av adm.dir. Herlof NilssenOpenheit om kvaliteten på helsetenestene våre er viktig for både pasientar, pårørande og helsetenesta sjølv. Og det gir oss motivasjon til å bli betre.

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

For eit par veker sidan, då den siste kvalitetsmålinga av norske sjukehus blei lagt ut, kunne vi lese følgjande i ei pressemelding frå Helsedirektoratet:

«Helse Vest fortsetter sin positive utvikling med flest indikatorer med best resultat, og med en positiv eller stabil utvikling på flest indikatorer.»

Det var sjølvsagt hyggeleg lesing. Men kva betyr dette?
Dei nasjonale kvalitetsindikatorane gjer ein peikepinn om kvaliteten på områda som blir målte. Formålet er å gi alle, og særleg pasientar, pårørande, helsepersonell, leiarar og politikarar, informasjon om kvaliteten på tenestetilbodet innanfor helsetenesta. Her blir vi målte på alt i frå behandling og overleving knytt til spesifikke diagnosar, pasienterfaringar ved sjukehusopphaldet, sjukehusinfeksjonar, ventetid, fristbrot innanfor rusbehandling og psykisk helsevern og graviditet og fødsel for å nemne nokre. Openheit rundt kvalitet er ein føresetnad for forbetring.

Vi behandlar stadig fleire, og det gjer vi med stadig betre resultat. Forventningane befolkninga har til behandlinga i sjukehusa er ei tillitserklæring og til stor inspirasjon for oss. Offentliggjering av dei nasjonale kvalitetsindikatorane gjer at du sjølv kan følgje med, at du kan sjå oss i korta og at det er openheit rundt arbeidet vi driv. Det er eit døme på pasientens helseteneste at du kan følgje oss slik. Du kan til og med velje sjukehus basert på kvalitet.

I Helse Vest kjem vi altså best ut på flest indikatorar. Det er hyggeleg, og det ligg mykje godt arbeid bak. Men teiknar vi berre glansbilete? Eg synest vi må kunne seie høgt at mykje er bra. Samtidig er det mykje som kan bli endå betre. Slike målingar er ein del av grunnlaget i det vidare forbetringsarbeidet vårt.

Den store innsatsen vi nå legg inn på å kvitte fristbrot og korte ventetidene, kjem til å halde fram. Sidan 2002 og til i dag har vi redusert ventetidene frå 214 dagar til 67 dagar og vi skal bli betre. Vi må få bukt med bruk av korridorplassar. Meir av kreftutgreiinga må skje raskare. Eg forventar at programmet vårt for pasienttryggleik skal gi betre kvalitret og redusere talet på pasientskadar framover. At vi er på god veg viser innføringa av trygg kirurgi, kor bruk av sjekkliste under operasjon har gitt ein nedgang på heile 42 prosent på alle typar komplikasjonar.

Sjølv om vi er best på mange område så er det altså nokre område kor vi ikkje kjem så godt ut som vi skulle ønskje. Her er det viktig at vi ikkje skjuler oss bak dei gode resultata men faktisk grip fatt i dei oppgåvene vi må løyse.

Når vi får slik positiv omtale vil eg sende ein stor takk til alle gode medarbeidarar som kvar dag legg inn innsats for stadig å gjere pasientbehandlinga endå betre. Heile tida. Med flinke og engasjerte medarbeidarar ser vi at sjukehusa, målt på kvalitet, pasientane si oppleving av pasienttryggleik og møtet med helsepersonell og legar, alltid skårar høgt.

Gode resultat er inspirasjon og motivasjon for oss alle i arbeidet vidare!

Herlof Nilssen
Administrerande direktør Helse Vest RHF