God behandling = meir pengar

Per KarlsenTenk deg at behandlinga du får viss du får hjerneslag, er med på å avgjere kor mykje pengar sjukehuset ditt får. Dette heiter kvalitetsbasert finansiering, og kjem snart til eit sjukehus nær deg.

Av Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest RHF

Filosofien bak er å ta behandlingskvalitet på alvor. Så på alvor at det skal påverke økonomien til eit sjukehus om dei ikkje leverer gode nok resultat på pasientbehandlinga.

I første omgang er det 29 ulike kvalitetsindikatorar som inngår i ordninga med kvalitetsbasert finansiering. Dette er høgst ulike parameter som alle har det til felles at dei seier noko om kor greitt eller ugreitt det er å vere pasient ved sjukehuset. Eksemplar er talet på korridorpasientar og på avlyste operasjonar, omfanget av fødselsrifter, ventetid på behandling ved tjukktarmskreft og overleving etter hjerneslag.

La det vere sagt: Kvalitetsbasert finansiering er i første omgang ei prøveordning i tre år. Det er mange gode grunnar for å belønne og motivere for gode behandlingsresultat. Vi veit at det å måle noko er prestasjonsfremjande i seg sjølv. Og konkurransar kan som kjent vekkje vinnarinstinktet i dei fleste av oss. Men ei slik insentivordning kan sjølvsagt også ha uventa – og uønskte – resultat.

For eksempel, vil vi bli så fokuserte på dei resultata som blir målte at vi ikkje presterer like godt på andre område? Vil det bli for store forskjellar i kor mykje pengar sjukehusa får i forhold til kor gode resultat dei har? Det er nemlig lagt opp til at «the winner takes it all». Med andre ord, den som har best resultat har mest å vinne økonomisk. Det spelar lita rolle om det er hårfine marginar som skil deltakarane. Og kva gjer vi viss nokon kjem skikkelig dårlig ut av konkurransen?

Ei anna utfordring er kvaliteten på målingane våre. Veit vi at sjukehusa kan rapportere godt nok på dei ulike indikatorane? Og rapporterer dei likt? Det er som kjent lite hensiktsmessig å samanlikne eple og pærer sjølv om begge delar er frukt.

Det er truleg uansett klokt å plassere ansvaret for finansieringa der pasientbehandlinga skjer – og der grunnlaget for kvalitetsindikatorane blir lagt. Det er ikkje ulogisk at nærleik her er fornuftig. Og ein kan jo håpe at det skal gi eit ekstra dytt til fokuset på kvalitet.

Kvalitetsbasert finansiering er forresten ikkje berre ein konkurranse mellom sjukehusa som vi i det regionale føretaket skal bruke i budsjettarbeidet. Også helseregionane vil bli belønna etter dei samla prestasjonane til føretaka våre, når vi får pengar frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Ei lita avsløring til slutt: Det ser foreløpig ikkje ut til at kvalitetsbasert finansiering vil svi på pungen: Helseføretaka våre vil få om lag det same som før. Vi skal likevel ikkje ta det i bruk før 2015. Så får vi heller bruke dette året til å venne oss til filosofien – og i mellomtida jobbe for å auke forståinga for ordninga blant dei som arbeider med andre ting enn målingar, indikatorar og modellar.

Per Karlsen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s