Ver med å redde liv!

Bente AaeDei fleste av oss har lært hjarte- og lungeredning og veit kva vi skal gjere når det trengst. Men kjenner du til symptoma for hjerneslag og veit du kva du skal gjere om du kjenner dei att?

Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF

Kvart år blir om lag 16 000 nordmenn ramma av hjerneslag. Over 80 prosent av desse kjem for seint til sjukehuset til å kunne få den mest effektive behandlinga. Hjerneslag er altså ein av dei vanlegaste årsakene til invaliditet og til at pasientar hamnar på sjukeheim. Slik treng det ikkje å vere!

Ved å lære deg tre enkle symptom på hjerneslag, har du kunnskap som kan redde liv, og som aukar sjansane for at hjerneslaget ikkje gir varige skadar. Dei vanlegaste symptoma er lamming i fjes, arm eller fot og språkforstyrringar. Kjenner du desse att hos deg sjølv eller nokon som er nær deg, er det berre éin ting å gjere: Ring 113!

Når vi i sjukehusa veit at så mange fleire burde kome raskt til behandling ligg det til ansvaret vårt å gjere informasjon om hjerneslag godt tilgjengeleg. Denne månaden håper vi du vil sjå informasjonskampanjen vi har sett i gang, lære deg symptoma på hjerneslag og kjenne til at du må ringje 113 med ein gong om du ser kjenneteikna.

Er du også med å dele informasjonen om dette kan du vere med oss å redde liv og helse!

Informasjonskampanjen skal vere sterk og tydeleg, og du finn oss på nett, i sosiale medium, TV, aviser, på plakatar, i brosjyrar og fleire stader. Vi trur uttrykket vil overraske og vere tankevekkjande. Uansett håper vi at vi er direkte nok, slik at du faktisk sit att med den kunnskapen vi ønskjer du skal ha.

Kampanjen er ein del av pasienttryggleiksprogrammet i Helse Vest. Effekten av kampanjen, målt både i kjennskap til symptom og i talet på pasientar som er behandla med trombolyse (blodproppoppløysande medisin), vil gi anbefalingar til vidare nasjonal satsing på området.

Vi håpar å skape merksemd omkring, og auke kunnskapen om, symptom på hjerneslag og kor viktig det er med rask behandling.

Bli med oss å spreie den viktige bodskapen!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s