Ville du kjent deg trygg som pasient her?

Anne Grimstvedt KvalvikDet er eitt av spørsmåla i den landsomfattande undersøkinga om pasienttryggleik som i desse dagar går føre seg i norske sjukehus. Det er medarbeidarane som skal svare, dei medarbeidarane som pasientane møter.

Undersøkinga blir sendt ut på e-post. Målet er å få eit realistisk bilete av pasienttryggleikskulturen i sjukehusa, slik at vi på beste viset kan verne pasientane mot skadar på grunn av helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar.

Vern av pasienttryggleiken er ikkje noko vi skal drive med på si – det må vere ein integrert del av arbeidskvardagen og det skal prege måten vi gjer ting på der vi arbeider. Pasienttryggleikskulturen seier noko om i kva grad det daglege arbeidet blir prega av haldningar, handlingar, prioriteringar og rutinar som førebyggjer uønskte hendingar og pasientskadar.

I den kulturundersøkinga som skjer i føretaka no, blir medarbeidarane spurde om dette. Teamsamarbeid og spørsmål om korleis medarbeidarane oppfattar at leiinga prioriterer pasienttryggleiken, inngår også i skjemaet. Ved å studere svara i einingane, kan vi starte diskusjonar som kan stimulere til vidare utvikling av dei sterke sidene i einingane. Resultatet av målinga kan og bli brukt i vurderinga av om det er behov for å endringar.

Det første spørsmålet i undersøkinga kan vere provoserande; Ville du kjent deg trygg som pasient her? Det er ille om helsearbeidarar må svare nei på eit slikt spørsmål. Vi har dyktige, engasjerte og motiverte medarbeidarar i sjukehusa, men systemet dei arbeider i er komplekst, og kompleksitet ber i seg risiko. Dette krev at vi byggjer sikringstiltak inn i systema våre.

Det kan bety at slangar som ikkje skal koplast saman, ikkje kan koplast saman. At injeksjonspreparat med same namn, men ulik styrkje, ikkje blir lagra ved sidan av kvarandre og at ampullane får ulik farge. Vi må byggje dette tenkjesettet inn i rutinane våre:

  • Kva for risiko har denne pasienten når han eller ho blir lagt inn på sjukehus?
  • Er det snakk om risiko for å falle?
  • For å utvikle trykksår/liggesår?
  • Eller for å få infeksjonar?
  • Vi veit at urinvegskateter fører med seg risiko for urinvegsinfeksjonar – er det sikkert at pasienten treng kateteret? – og treng han det framleis?
  • Korleis reagerer vi når uønskte hendingar opptrer og kva gjer vi for å hindre at det skjer igjen?

Program for pasienttryggleik i Helse Vest handlar om korleis vi kan identifisere type og omfang av pasientskadar som kjem i samband med behandling – og korleis vi kan kome fram til effektive tiltak for å verne pasientane mot skade. Vi ønskjer å byggje varige strukturar for pasienttryggleik. For å få det til er det viktig at ansvaret er forankra på alle nivå i organisasjonen.

Dersom ikkje styret og leiinga er med og kjenner eit ansvar for dette er det nesten umogeleg å oppnå gode resultat. Resultata når det gjeld tryggleik og kvalitet er minst like naturlege parametrar å måle og rapportere på som dei om økonomi og driftsresultat. Men leiarfokus åleine er ikkje nok. Her må alle – kvar og ein av oss – vere med å dra lasset.

Det er no to år sidan den første undersøkinga av pasienttryggleikskulturen ved norske sjukehus blei gjennomført. Svarprosenten var særs bra i Helse Vest og svara gav oss nyttige innspel til det vidare forbetringsarbeidet. No treng vi medarbeidarane sine synspunkt og erfaringar igjen. Så jobbar du i sjukehusa – hugs å opne e-posten din og svare på undersøkinga. Du kan gjere ein forskjell og bidra i arbeidet med å skape ei endå tryggare helseteneste.

Helsing Anne

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s