Kjernejournal kan redde liv

Gjestebloggeren_210x300_CHISTINEBERGLANDNo har vi utvida utprøvinga av kjernejournal frå fem kommunar i Trondheimsområdet til tre nye i Stavangerområdet.

Av: Christine Bergland, divisjonsdirektør e-helse og IT, Helsedirektoratet
Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet

At kjernejournal blir innført i Stavanger, Sola og Randaberg, betyr at dei 165.000 som bur i desse kommunane no har fått sin kjernejournal. Helsepersonell i same område tar løysinga i bruk litt seinare i vår.

Kjernejournal skal sikre god og trygg behandling, særleg i akutte situasjonar når det hastar for helsepersonell å få tak i viktige og oppdaterte opplysningar. Kjernejournal inneheld blant anna data om kva slags legemiddel vi brukar, kritisk informasjon om alvorlege sjukdommar og allergiar og dei siste kontaktane vi hadde med spesialisthelsetenesta. Informasjonen blir i all hovudsak henta frå sentrale register som NPR og e-reseptløysinga.

Kjernejournal gir pasientane ei ny rolle i helsetenesta. Alle innbyggjarar i Stavanger- og Trondheimsområdet, og vi andre etter kvart, kan leggje inn opplysningar om eiga helse i kjernejournalen. Vi kan registrere nærare 400 førehandsdefinerte sjukdommar med våre eigne korte kommentarar som vi vil at helsetenesta skal vite om. Dette skjer via helsenorge.no/min helse.

I tillegg kan vi som innbyggjarar følgje med på kven som har gjort oppslag i våre opplysningar og velje kven som skal ha tilgang til kva slags opplysningar ved reservasjonsløysingar som er tilgjengelege på helsenorge.no. Dette er etter mi oppfatning noko av det sterkaste personvernet vi kan tilby pasientane i norsk helseteneste.

Det er aukande merksemd rundt betydinga av å involvere pasientane sterkare både før, under og etter behandling. Pasienten som ein ressurs bidrar til auke kvaliteten i tenesta. Tryggleiken som følgjer av det å kunne gi opplysningar om eiga helse til ei felles løysing og moglegheita til å kontrollere tilgang til opplysningane, er ein viktig milepåle i utviklinga av helsetenesta. Eg trur dette er ein forsmak på alle morgondagens løysingar. Særleg er det viktig at kjernejournal gir pasientane tilgang til akkurat den same informasjonen som helsepersonellet har.

Det er alltid spennande å prøve ut nye system. Frå Trondheim har vi gode erfaringar: Legar og sjukepleiarar som bruker det er nøgde, og vi har fått høyre historier om at den nye løysinga har vore med å redde liv.

Vi veit ikkje heilt kva kjernejournal vil bli på lang sikt. Uansett er det krevjande og morosamt i utprøvingsfasane.

Helsing Christine