Din tillit, vårt gudestoff

Bente AaeKvifor er vi som arbeider i helsetenestene så opptekne av tiltrua du har til oss? Kanskje Per Fugelli har sagt det best: Tiltru er helsetenesta sitt gudestoff.

Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest

Under ein presentasjon eg held sit ein mann og ristar på hovudet heile halvtimen til endes. Innlegget mitt handlar om omdømmemålinga vi gjer årleg i Helse Vest. Her spør vi 2 000 vestlendingar om tilliten og inntrykket dei har av sjukehusa. Etterpå kjem han bort til meg. – Bortkasta pengar og tid. Omdømmebygging og marknadsføring er noko dei i kommunikasjonsavdelinga kan halde på med for dykk sjølve. Dette har ikkje noko med sjukehus å gjere, seier han.

I den offentlege debatten er det stadig ei forståing av at kommunikasjonsavdelinga byggjer omdømme, nærmast åleine. Det finst til og med avhandlingar som lèt dette vere utgangspunktet.

Det er klart at dyktige kommunikasjonsfolk i sjukehusa er ein viktig del av laget, men det er ikkje her tilliten til sjukehusa først og fremst blir bygd.

La oss, for ordens skuld, ikkje snakke om omdømme. La oss heller kalle det tiltru. Ein kan fort bli leidd til å tru at omtale i media er den store kjelda til befolkninga sitt inntrykk av helsetenestene. Slik er det ikkje. Det er i møtet mellom pasienten og medarbeidarane dei møter i sjukhuset, tiltrua blir til. Det er den gode pasientbehandlinga, pleia og korleis ein blir møtt i det som ofte er vanskelege situasjonar i livet, som byggjer tillit.

Når vi spør deg om du er nøgd med sjukehustilbodet der du bur og om du har tillit til at du får den behandlinga du treng på sjukehuset, når du treng det, gir svara oss nyttig informasjon og betre forståing. Ikkje minst er tilbakemeldingane viktige for å leggje til rette for, og ta på alvor, ei breiare involvering av pasientar. Gode resultat kan vise at vi er på rett veg, dårlegare resultat viser kva område vi må bli endå betre på.

Har vestlendingane tiltru til sjukhusa?

Vi gjer altså ei årleg undersøking av dette. Her finn vi at vi får spesielt gode tilbakemeldingar når vi spør om pasientane er tilfredse med det samla sjukehustilbodet der dei bur, tiltru til at ein får behandlinga ein treng og inntrykket av det nærmaste sjukehuset. Ein er trygg på at sjukehusa yter god pasientbehandling og lever opp til høg etisk standard. Dei spurde har også inntrykk av at sjukehuset er ein interessant arbeidsplass.

Resultata frå målinga i år er gjennomgåande betre enn resultata frå 2012. Det er positiv framgang, i mindre eller større grad, på tilnærma alle spørsmåla. Vi ser ein tendens til at dei som har hatt erfaring med sjukehusa (enten som pasient eller pårørande) i løpet av det siste året i større grad vurderer dei ulike områda betre enn dei gjorde i 2012.
Det er litt dårlegare resultat når det gjeld formidling av informasjon til pasientane og formidling av informasjon til pårørande. Dette er også konklusjonen i Kunnskapssenteret si brukarundersøking frå i haust. Denne tilbakemeldinga tek vi på alvor og vi set mykje inn på å betre dette.

Sjukehusa har også eit samfunnsansvar, eit ansvar for å skape tiltru. Tiltru er noko vi får om vi fortener det, noko som blir skapt i møte oss i mellom. Som pasient treng du ha tillit til sjukehus og behandlar, og vi treng di tillit for å kunne møte deg på den best moglege måten.

Når Per Fugelli snakkar om tiltru som helsetenesta sitt gudestoff snakkar han ikkje om kommunikasjonsavdelinga, han snakkar heller, og mellom anna, om møtet mellom sjukehus og pasient, om den gode og trygge behandlinga og omsorga. Og den tilliten må vi alle vere opptekne av!

Helsing Bente

Én tanke på “Din tillit, vårt gudestoff

  1. For å banne littt i den norske helsekjerka. Jeg tror ikke det er så bra for folkflest å ha tillit til dere. Alt dere foreslår og alt dere gjør må overprøves av kundene, de dere kaller pasienter, dag for dag og skritt for skritt. Og de vi betaler dere for det dere gjør, altså lønna deres, bør vi også være skeptisk til og gjerrige på.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s