Radiologi i «the warm heart of Africa»

HegeBlom_210x500Eg er så heldig at eg får arbeide i eitt år som radiograf år ved Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi.  Stillinga her er ein del av samarbeidsprosjektet mellom Haukeland universitetssjukehus og KCH som omfattar ortopedi, radiologi og patologi. Eg har teke mann og barn med meg til dette vesle landet i Afrika for å arbeide og ikkje minst lære meir. Arbeidsdagen her er ganske annleis enn heime.

Av Hege Kristin Hommedal Blom, radiograf ved Kamuzu Central Hospital og Haukeland universitetssjukehus

Kvardag er kvardag, om ein er på den nordlege eller sørlege halvkule. Med tre jenter som skal på skulen kvar morgon, er ikkje familielivet særleg ulikt det heime.  Men kvardagen som me etter kvart har vorte ein del av her skil seg likevel ganske godt i frå den heime på mange måtar. Her har eg beskrive ein vanleg dag i Lilongwe.

05.00 Vaknar tidleg fordi malariatablettane gjer oss litt tussete, og me søv lett. Vanlege morgonrutinar, dusj, nistesmøring, hårfletting, må ete frukost medan me lagar niste i og med at hårflettinga tok for lang tid. Takk vere dei velsigna skuleuniformane slepp me unna diskusjonar rundt antrekket til jentene, og sjølv hoppar me rett i sjukehusklede. Har gått over til grønt i og med at det kvite ikkje var så veldig kvitt lenger.

06.50 Køyrer for å levere jenter på skulen. Vakta vår låser opp porten i det bilen nærmar seg. «Mwadzuka bwanji?», me prøver oss på ei morgonhelsing på det lokale språket chichewa. I starten var det veldig uvant å ha vakter rundt huset heile tida. Malawi er eit trygt og fredeleg  land, men likevel eit av verdas fattigaste, og det er greit å bli passa litt på.

07.30 På jobb, drikk kaffi, les avisa og kalibrerer CT-maskina. Det meste av røntgenutstyret er gammalt og utgått på dato, men CT-maskina er heilt ny og kom i drift i mai i år. I og med at det er den fyrste i landet (bortsett frå to private klinikkar), har radiografane lita erfaring med CT, så den er litt av grunnen til at eg er her. Eg snakkar litt med Webster som har vore på nattevakt. Han skal jobbe med meg på CT fram til lunsj. Då har han vore på jobb i 28 timar (!) og går heim for å sove.

08.45 Radiologen på avdelinga underviser om «FAST» ultralyd ved traume, og det vert diskutert bruken av ultralyd samanlikna med CT. Alle radiografane her er trente til å ta ultralyd sjølve, men eg har ikkje tenkt å prøve meg.

09.30 Fyrste pasient står alt inne på CT-laben og ventar då eg kjem frå møterommet. Ei 8 år gammal jente som vart påkøyrd av minibuss. Trafikulukker tar mange liv i Malawi. Jenta blør frå nasa og det eine øyret, og me finn at ho har brot på hovudskallen og hjerneblødning. Det vert litt styr for å få formidla denne beskjeden til rette vedkommande. Radiologen er ikkje alltid tilgjengeleg, og pasienten kjem vanlegvis kun i fylgje med portør eller pårørande. Eg har etter kvart funne ut at det mest effektive er å skrive ein kort beskjed i den vesle helseboka pasientane har med seg, som fungerer som journal: «report not yet finished, please come to the CT to view the images as soon as possible.»

10.00 – 12.00 Pasientane strøymer på, for ein gong skuld i eit passe tempo. Ein av dei er ei 7 år gammal jente som legen ynskjer skal ta CT av magen. Ho falt for nokre dagar sidan, og har etter det fått aukande bukomfang, men er elles i fin form. Eg protesterer fordi eg meiner det iallfall burde takast ultralyd fyrst. Ultralyd blir teken, men dei finn ingenting. Me bestemmer oss for CT, men er skeptiske til om det blir spesielt bra. Denne undersøkinga krev bruk av kontrast og me er heilt tom for trykksprøyter som er avgjerande for å få til riktig timing. Me gjer eit forsøk med å injisere for hand. Trass alle odds, vert det veldig fine bilete, og det viser seg at jenta har ein svær oppfylning i magen. Ser ut som ho har ein karskade i lever som har sivblødd over lengre tid, og magen er fylt av gammalt blod.
Neste pasient inn døra, er ein mann i 50-åra med hoste og tungpust. Han sit i ein rullestol dei har lånt på «Casualty» og vert trilla inn av sonen. Eller det vil seie, trilla og trilla. Rullestolen har ingen bakhjul. Dei er øydelagde, og det er berre nokre forvrengte metallfelgar att. Det skrik i øyrene når dei strekar seg bortover golvet. Eg prøver å hjelpe til med å løfte slik at det går an å trille på framhjula, og saman får me lirka mannen på plass.

12.00 Lunsjtid! Eg er på veg ut døra, då det plutselig dukkar opp endå ein pasient. Eg tenker det er like greitt å få gjort han og før eg går, så slepp han å vente. Han har ein svær struma, og eg har akkurat fått ferdig ny struma-protokoll, så eg er litt gira på å prøve han. Vart ganske bra!

12.30 Klar for lunsj igjen. Avdelinga er heilt tom på denne tida av dagen. Dei fleste går ned på universitetet eller heim for å ete lunsj. Eg har, som den nordmannen eg er, alltid med meg mine to smurte brødskiver med ost.

12.45 Plutselig står ein av barnelegane i døra og ser lettare stressa ut. «Can you help me, I have an emergency!». Han har med seg ein 6 dagar gammal baby som har fått ein murvegg over seg, er heilt blå, og pustar nesten ikkje. CT viser deformert skalle og store blødningar. Eg blir litt sett ut.

15.00 To pasientar som var på CT for nokre veker sidan, kjem for å etterlysa CT-svaret. Eg klarer å lokalisere tilvisingane og ein av dei to radiologane. Han lovar å få svara ferdige innan ein times tid. Pasientane er fornøgde, og set seg og ventar.

15.05 Straumen går. Ikkje uvanleg med spenningsvariasjonar, eller at straumen går i avdelinga, men denne gongen vert det heilt svart på heile CT-lab-en. Det betyr med andre ord at det vert vanskeleg å beskrive noko som helst, og pasientane må komme att neste dag. Får køyrt ned CT-en for å unngå at UPS-batteriet går flatt, og konkluderer med at det sannsynlegvis ikkje vert fleire undersøkingar denne dagen.

15.50 Straumen kjem tilbake, køyrer CT-en opp for å sjekke at alt er ok, så ned att for å stenge for dagen.

16.10 Ferdig på jobb! Vert henta av mannen min som er skule-/ jobbsjåfør i tillegg til at han jobbar frivillig som radiograf på formiddagane. På veg ut døra får eg høyre at nokon har funne ein container utanfor byen full av medisinsk utstyr.  Nok eit eksempel på donert utstyr frå ein eller annan stad. Dei har klart å kapre eit par kassar ultralyd-gelé. Lukke! Forbruksmateriell av absolutt alle slag er mangelvare, så slike funn er gull verde.

17.00 Vel heime! Serverer middagsrestar frå gårsdagens lunsj-besøk. Jentene grin på nasa og er misfornøgde med menyen, det vil seie alt som normalt altså. Så går resten av kvelden med til å gjera lekser. Ganske utfordrande når alt er på engelsk, så dei treng ein god del hjelp til omsetjing, og strevar litt når det skal puggast bibelvers frå gamletestamentet (akkurat der strevar me foreldre litt og).

20.30 Jenter i seng! Sjekke e-post og siste sladder på Facebook pluss skrive nokre meldingar til dei heime.

21.30 Eg hoppar i seng under myggnettingen. Biverknadene frå malariatablettane slår til igjen, og døgnrytmen er litt rar, men når ein vaknar klokka 05.00 er det greitt og legga seg halv ti. Før me legg oss må me igjennom dei faste låserutinane av dører og gitter. Rett før eg sovnar rekk eg å høyre susinga frå walkie-talkien og taktfaste steg frå militærskoa til nattevakten som går sin faste runde rundt huset.

Halve året i Malawi er alt passert, og eg innser at eg sannsynlegvis har lært meir dette halvåret enn dei 15 åra eg har jobba som radiograf i Noreg.

Her kan du lese meir om Haukeland sine prosjekt i Malawi.

Helsing Hege

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s