Ein song for helsepersonell

Frode-Grytten_210x300Av Frode Grytten

Helsepersonell. Eg vil synge om helsepersonell. Dei har vel fortent ein song. For eg har kjent varmen av dei. Dei har gitt meg alt. Dette er ein song om helsepersonell. Fredelig helsepersonell. Hardtarbeidande helsepersonell. Kompetent helsepersonell. Jo, dei må få sin song.

Kanskje ikkje ho som reiv av meg dyna då eg var tolv, ho som drog ned pysjbuksa mi og kjørte sprøytespissen inn i låret utan så mykje som å spørje først. Kanskje heller ikkje dei medisinstudentane som stakk min febrile, livredde son full av hòl fordi dei ikkje fann blodårene i hans babyblubbete kropp – dei skulle øve seg på å legge inn ein kanyle, men øydela alle årer, slik at han til slutt måtte få kanylen operert inn i halsen. Men alle dei andre.

Helsepersonell skal ha sin song. Helsepersonell som går heimanfrå grytidlig om morgonen, som er på jobb når vi søv, som slit når vi festar, når vi feirar jul, når vi slappar av. Helsepersonell. Som susar gjennom byen i ambulansar, som får hjarte til å slå igjen, som får lårskadde til å gå igjen, som får fotballspelarar til å skåre mål igjen. Som spør oss: Korleis går det i dag? Og som meiner det. Helsepersonell.

Vi er så gode til å finne feil. Vi er ekspertar på feil. Og utanfor inngangsdøra står journalistar med mikrofonar og kamera: Gikk noko galt? Gjorde dei feil? Må nokon gå? Det er bra med folk som passar på, men kva om vi fylte ein og annan Dagsrevy med alt som går bra? Kva om vi sette av ein Dagsrevy i veka til alt vi lykkast med? Her er torsdagens hovudsaker: HEISMONTØR HYLLAR HELSE-NOREG – DEI FIRE FORKJØLA BRØRNE FRISKE IGJEN – LEDDGIKTRAMMA: JA, EG FIKK TOPP BEHANDLING – FOLK PÅ VESTLANDET ELSKAR HELSEPERSONELLET SITT.

Helsepersonell. Ja visst. Eg også har møtt legane som snakkar over hovudet mitt, sjukepleiarane som bryr seg meir om reglar enn pasientar, hallo-i-luka-folka som drit i mine sår. Men har eg ikkje fått ein son som neppe hadde overlevd om han ikkje fekk hjelp i sitt første leveår? Har eg ikkje ein annan son som blei noregsmeister i basketball – trass medfødd klumpfot, trassi at han måtte gå med gips frå han var seks dagar gammal, fiksa dei ikkje den foten, slik at han kunne spele ball? Og kan eg ikkje stire på folk med fast blikk, eg, som i ungdommen hadde verdas verste skjegløygde Marty Feldman-blikk, som fikk alle rundt meg til å utbryte: Hei, sjå på meg, Frode!

Eg syng om helsepersonell. Her er deira song. Eg har sett dei i aksjon. Dei har halde handa mi, dei har støtta meg gjennom sjukehuskorridorar, dei har plukka ut små glasbitar frå venstre auget mitt den natta då brilleglaset knuste og fauk inn på netthinna. Dei har fiksa boksarnasen min etter at han knekte som ei fyrstikk, dei har sydd saman kinnet mitt, dei har tappa meg for blod, slik at dei kunne hjelpe andre.

Å, helsepersonell som lappar dette landet saman, som får nasjonen på beina igjen, som fyller årene våre med blod, som lyttar til kroppane våre, som registrerer dersom det er den minste ulyd i dei. Kven skal synge for dykk? Eg helsar dykk. Hører eg ein ambulanse passere nede på vegen, tenker eg: No får nokon hjelp, no er nokon i trygge hender. Helsepersonell. Det er noko overmenneskelig over dykk, som om helsepersonell er løfta opp frå fysikken, tyngdekrafta og kvardagen. Som om de sjølve ikkje har skrøpelige kroppar, som om de sjølve ikkje kan bli gamle eller gå ned for teljing. Eg trur at det er grunnen til at vi forlangar så mykje av dykk, at vi er så kjappe med å påpeike feil.

Men eg har hørt dykk. Hørt ufatteleg kompliserte fenomen forklart på elegant vis. Hørt dødssjuke ungar og foreldra deira bli trøsta. Hørt uroa i røystene dykkar, hørt styrken i argumenta. Eg har sett dykk i kvite frakkar, i blått operasjonstøy, i raude og gule ambulansevestar. Eg syng om helsepersonell. Glad for at eg ikkje treng dykk kvar dag. Glad for at de finst. Om eg skulle trenge dykk, kan eg bare løfte mobilen og slå tre tal, så kjem de for å løfte meg opp.

Ja, helsepersonell skal få sin song. Dette botnlause tolmodet. Denne endelause innsikta. Denne evige omsorga. Å, måtte min song klinge.

Dette innlegget sto på trykk i Helse i vest nummer 1 2013.

3 tanker på “Ein song for helsepersonell

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s