Sjukehusapoteka – meir enn eit vanleg apotek

Gjestebloggaren_JDT_210x300Ikkje alltid, men veldig ofte, er eit opphald på sjukehus forbunde med inntak av medisinar. Det kan vere medisinar som skal lindre smerte eller det kan vere medisinar som skal gjere deg frisk. Felles for dei er at dei kjem frå sjukehusapoteket. Mange tenker på eit apotek som ein stad kor ein kan få kjøpt medisinar, plaster og andre hygieneartiklar. Men eit sjukehusapotek gjer så mykje meir enn berre det.

Av Jannicke Daae Tønjum, administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest

Sjukehusapoteket på Vestlandet er eit eige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka Vest HF driv sjukehusapotek i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde.

Ein stor del av aktiviteten til sjukehusapoteket går med til å levere legemiddel til sjukehusa. Her er logistikk ein viktig del av jobben. Logistikk omfattar alt frå planlegging, administrasjon og transport – eller sagt på ein annan måte: få medisinane trygt fram til rett sjukehusavdeling til rett tid. Det høyrest kanskje enkelt ut?

Sanninga er at det ikkje alltid er så beint fram. Det kan vere leveringsproblem frå leverandør, eller ein mangel på ein medisin på verdsbasis, som gjer dette arbeidet vanskeleg. Farmasøytane på sjukehusapoteket gjer kvar dag ein stor jobb med å skaffe alle dei medisinane sjukehuset treng til pasientane til ei kvar tid.

Sjukehusapoteka har òg si eiga produksjonsavdeling. Avdelinga syt for levering av spesialtilpassa medisin til pasientar med særskilt trong for det, slik som for eksempel born. Bak ein kvar produksjon ligg ei grundig planlegging i høve til blant anna å syte for at kvaliteten på medisinen er optimal og at det er teke omsyn til alt regelverk som gjeld for slik produksjon. Eit anna  eksempel på medisinar som blir produsert i produksjonsavdelingane våre, er kreftmedisin.  Dei må produserast i særs reine omgjevnader for at medisinen skal vere heilt steril før han vert gjeve til pasienten. Slike medisinar har i tillegg kort haldbarheit, ofte berre nokre timar etter at han er tilverka. Då er det viktig at produksjonseininga ligg tett opptil sjukehuset der pasienten skal få medisinen, og at kommunikasjonen mellom sjukehuset og sjukehusapoteket er god. Her nyttar ein spesialtilpassa dataprogram, kor legane kan bestille kreftkurar elektronisk, direkte inn til produksjonsavdelinga ved kvart av dei fire sjukehusapoteka i regionen.

Men jobben til farmasøytane sluttar ikkje når medisinen er produsert og levert til sjukehusa. Då har sjukehusapoteka eigne farmasøytar som gjev råd og rettleiing i bruk av medisinane til pasientar og helsepersonell. På denne måten legg ein til rette for god kvalitet i alle ledd av medisinhandteringa, som i sin tur fører til auka pasienttryggleik.

PS: 25.september er det Verdas Farmasøytdag – gjer stas på ein farmasøyt!

Helsing Jannicke

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s