Så innlysande uklart

Gjestebloggeren_210x300_berntflekke– Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, sa ofte mor mi. Det mogeleg gale i denne samanhengen ga liv til eit sjeldan stykke helsespråkpoesi. Er du med meg nedover i teksten, får du sjå kva godt det eventuelt fører med seg.

Av Bernt Flekke, kommunikasjonssjef i Helse Førde

I fjor haust byrja eg å jobbe i helsevesenet. Ei innhaldsrik reise fram til no: spennande, kjekk og meiningsfull. Eg har vore i den lukkelege posisjonen å ha flinke folk rundt meg. Det beste utgangspunkt for å lære og utvikle seg.

Møtet med helsevesenet har også vore eit møte med ei ny språkverd. Ei verd samansett av mange profesjonar og yrkesgrupper, ei verd med så mange ord at du sjølv innimellom nesten blir ordlaus, ei verd der du fort kjem til kort i forsøket på å forstå alle forkortingane.

Eg vil komme med ei tilståing før eg går vidare. Då eg byrja i haust, visste eg ikkje heilt kva ein poliklinikk var. Og spesialisthelsetenesta, kva var eigentleg det? Kva låg i ordet «kvalitet» som gjekk att heile tida? Kven var denne «brukaren»?

Så eg spurde fleire andre, også nokon som jobba i helsevesenet. Dei visste heller ikkje svaret på alt, dei var i alle fall ikkje heilt sikre.

Tilbake til sjukehusverda: Kvar profesjon har sitt fag- og stammespråk og sine ord og uttrykk. Kommunikasjonsmiljøet, som eg er ein del av, er ikkje noko unntak. Grovt sagt kan vi dele «språkgruppene» i to leirar: Den helse- og medisinskfaglege og den administrativ-økonomiske. Inngangsporten min har hovudsakleg vore til sistnemnde.*

«Stammespråk» er ikkje noko spesielt for helsevesenet, la det vere sagt. Samstundes er det noko som karakteriserer helsevesenet – og det får stor betydning for kommunikasjonen vi har internt og med omverda.

Det kan vere mange årsaker til at eit kommunikasjonsproblem oppstår. Ein type problem oppstår når eg (som sendar) seier noko (bodskapen) til deg (som mottakar) og du verken har den same forståinga av orda som eg har eller knyter det same innhaldet til dei som eg gjer.

Og, altså: Sjølv ord og uttrykk som til dei grader er ein del av kvardagen vår i helsevesenet, som «poliklinikk», «spesialisthelseteneste» og «kvalitet», er ikkje like innlysande og daglegdagse for verken dei som står utanfor eller alle av kollegane våre.

Kjem du på andre liknande ord og uttrykk?

Startskotet for godt språk-arbeidet i Helse Vest-regionen gjekk på ei samling for kommunikasjonsmiljøet i same region i vår. Her heldt eg eit innlegg. Til innlegget leste eg opp eit stykke tekst som du med ein viss porsjon velvilje kan klistre ein poesi-merkelapp på.

Den observante lesar ser fort at eg innleiingsvis let meg «Vold-samt» inspirere av eit meir kjent dikt innanfor sjangeren.

SÅ INNLYSANDE UKLART

ressurs-allokering

allokering-ressurs

ringr-essurs-alloke

gress-urs-alloe-ring

Spørsmåla som melder seg: 

– Kva skal vi med pol-i-butikk når vi har pol-i-klinikk?

– Sel dei pasientrettar i kantina?

– Kven gipsar alle fristbrota?

– Og kvifor måler vi så mykje kvalitet i tal?

Husa vårt innreia med utfordringsrom. Veggane våre dekka av utfordringsbilder.

Og vi har retningslinjer. Og retningslinjer for retningslinjer. Men ingen retningslinjer for retningslinjer for retningslinjer. Ikkje enno, i alle fall.

Den lange rekka av forkortingar: RIS, PACS, TIPS, TOPS,  LOP, KULE, HVIKT, SIKT, RHF,  HF, PLO, – Ja, PLO! TV, NPR, DPS, DIPS. ROP, ISF, DRG, HOD, HOP, KPP, LPP, LPS, LMS, OMS, EPJ, GYN, UB, RAT, MAT MTU, MTA, ORFU, AMU, FAMU, FERDIG.

For no.

Implementering. Optimalisering. Pilotering.

Alt det vi veit vi gjer, som gjerne er vanskeleg for andre å vite heilt kva er.

Alt det vi bedriv, som blir til rare substantiv.

Språk blir verkelegheit. Tradisjon gjer det rett med feil.

Fokus på fokus. Likevel ingenting i forhold «i forhold til».

Pasientar i fokus. Pasientar som får behandling, pasientar som ventar, ikkje portefølgjemengd. Og helst sjukehus, ikkje føretak. Det er sjukehus folk har eit forhold til.

Så hugs: Sjølv om det ser lyst ut inne, er det ikkje nødvendigvis innlysande sett utanfrå

Poesiøvinga over er meint som ein vennlegsinna dult i sida på oss sjølve. Like fullt går det ein kritisk grunntone gjennom teksten. Eit varsku her! Om aktivt å ta vare på språket som fortel kven som gjer kva. Om å inndra og stoppe utdelinga av byggeløyve til dei rare ordkonstruksjonane vi ser reise seg. Om ikkje å ta språk for gitt.

Og om å snakke og skrive eit språk som skapar nærleik heller enn avstand. Eit av suksesskriteria for god kommunikasjon er å vere bevisst språket vi brukar. Godt språk forsterkar det du har lyst å formidle. Godt språk skapar kontakt og nærleik til den du kommuniserer med. Og du lagar eit solid grunnlag for god kommunikasjon, viss du legg til rette for at den som høyrer det du seier elles les det du skriv, forstår det på same måte som du meiner.

Det er ingen motsetnad mellom faguttrykk og godt språk, og det er ikkje noko poeng i seg sjølv at ein tekst skal vere fri for fagsjargong. Innan éi og same faggruppe kan nettopp denne sjargongen vere det som skal til for å få ein nøyaktig og dugande kommunikasjon.

Kommunikasjonsproblemet oppstår gjerne når nokon utanfor faggruppa skal forstå den same teksten eller same informasjonen, når fagfolk snakkar sitt språk til andre som ikkje har dei same føresetnadane for å forstå det. Då må eg og du tilpassa teksten eller det vi seier til kven mottakaren er, slik at mottakaren forstår. Som ved å forklare eller skrive om faguttrykka med meir daglegdagse ord. Som ved å lage ordlister med definisjonar innleiingsvis i ein tekst.

Prøv, og sjå korleis det går. Start gjerne med «poliklinikk» eller «spesialisthelseteneste».

Lukke til!

*Les gjerne Halvor Nordbys gode innføring i nokre av kommunikasjonsutfordringane i helsevesenet i boka «Kommunikasjon og helseledelse», utgitt på Cappelen Akademisk Forlag i 2009. Boka er også ein inspirasjon for det eg har skrive her.

Ha ein riktig god sommar!

Bernt Flekke

Én tanke på “Så innlysande uklart

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s