Godt språk!

Bente Aae 182x205Over ein million vaksne nordmenn seier dei har problem med å forstå skriftleg informasjon frå det offentlege. Korleis kan vi i sjukehusa betre dialogen vi har med deg?

Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest

Talet over har eg frå ei undersøking gjort av Fornying- og administrasjonsdepartementet.Vi kan ikkje ha det slik at vi ikkje forstår og ikkje blir forstått. Blir ikkje informasjonen frå sjukehuset forstått kan det gå ut over både helsa og kvaliteten på behandlinga. Det er på tide at vi set felles innsats inn på arbeidet med å betre språket vi bruker.

Sjukehusa på Vestlandet er offentlege aktørar som kommuniserer med mange ulike grupper.  Kvar dag sender vi ut mengder med brev til pasientar. Det er glade brev og triste brev. Det er brev som potensielt kan snu livet på hovudet for den det gjeld.  Då er det utruleg viktig at den som får brevet forstår kva som står i det. Det vil spare lesaren for både for frustrasjon og tid.

Eit eksempel kan vere innkallinga du får til time i sjukehusa. Vi veit at vi hadde 82 000 avtalar siste året som pasientar ikkje møtte til. Hadde dei fått innkallinga? Forstod dei kva som stod i innkallinga? La vi til rette for at det var enkelt å kontakte sjukehuset om dei ikkje kunne møte?

Prosjektet vårt, som samlar dette arbeidet for betring, heiter nettopp Godt språk. Her går vi etter språkbruken i brev, på internett og i anna dialog vi har i sjukehusa og med omverda. Helsepersonell , saksbehandlarar og andre i heile Helse Vest skal lære godt språk. Dette er eit godt høve for å skape eit engasjement rundt språk, som strekk seg langt utover kommunikasjonsavdelingane. Alle har nytte og gleda av å skrive godt.

Språk handlar sjølvsagt om skriftleg informasjon, som nemnt, men vi har også med oss at godt språk handlar om å legge til rette for ein betre tovegs-kommunikasjon. Det handlar ikkje berre om at vi er tydelege i kva vi vil seie deg, vi må også være gode til å lytte til kva du fortel oss og kva du spør om. Godt språk er ikkje berre rettskriving, det er ei haldning vi møter kvarandre med, pasientar og pårørande med så vel som medarbeidarar og kollegaer.

Det finst eit solid rammeverk, og mange er flinke til å bruke det gode språket. I Statens kommunikasjonspolitikk, som vi held oss til, står det: «Det må takast omsyn til at personar har ulike behov og føresetnader for å kunne ta i mot statleg informasjon … Staten må derfor utforme informasjonen sin slik at han er lett å forstå for mottakarane i dei ulike målgruppene».  Stort sett klarer vi nok å oppfylle dette, men vi kan alltid bli enda betre.

Prosjektet Klart språk i staten, i regi av Difi og Språkrådet, har gått nokre år no og gjer at vi kan ta i bruk etablerte hjelpemidel og starte ein systematisk prosess for å bli betre. Ei måling Statens vegvesen gjorde sist haust viste at dei, etter fire år med eit slikt prosjekt, har spart nordmenn for både tid, frustrasjon og uforståeleg språk. Med nye og meir lettleste brev sparte 300.000 nordmenn tid tilsvarande nesten 90 veker på raskt å skjøne innhaldet i breva. 40 prosent færre tek kontakt med Vegvesenet for oppklaringar og ein har spart 1,2 millionar kroner berre i porto og papir.

På heimesida til Språkrådet finnes det ein svadagenerator. Det er eit program som tek utgangspunkt i ei rekke framandord og set dei saman til ei heilt meiningslause setningar. Sjølv om setningane kanskje ikkje gir noko meining er dei forbausande like mykje av det ein kan lesa i for eksempel brev frå offentlege instansar. Så håper eg du finn lite att av dei formuleringane vi i sjukehusa bruker i denne generatoren.

Har du eksempel på vanskeleg språk og informasjon som er vrient å forstå? Har du gode tips til oss? Vi høyrer gjerne frå deg!

Og så, til deg som skriv, her er sju enkle råd til ein god tekst, som ei byrjing:

  • Forbered teksten: Kven er mottakaren?
  • Tenk på tonen i teksten og kva teksten signaliserer
  • Lag ein god struktur
  • Ikkje bruk for mykje fagspråk. Skriv om og forklar.
  • Få fram kven som skal gjere kva
  • Lag oversiktelege setningar
  • Skriv korrekt

3 tanker på “Godt språk!

  1. Føy gjerne til et punkt som gjelder dato og klokkeslett. Eks 15. Juni 2013 klokken 10:00 er enklere å lese enn 0150613 kl 1000.

  2. Tilbaketråkk: Så innlysande uklart | Blogg i vest

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s