Betre kreftbehandling undervegs

Baard-Christian SchemPartikkelterapi kan gi betre strålebehandling til heile 1 500 kreftpasientar kvart år. Sist oktober fekk Helse Vest i oppdrag å leie utgreiinga av eit partikkelterapisenter i Noreg.

Av Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest

Kva er partikkelterapi? Ved stråleterapi sender ein normalt røntgenstråling som består av foton med veldig høg energi inn i pasienten, mot svulsten. Om ein i staden stråler med proton, eller tunge partiklar, slik som kjernar frå karbon-atom, får ein fordelt strålinga betre, slik at ein får mindre dose til friskt vev eller høgare dose til svulsten.

Vi har kjent til denne verknaden lenge, så kvifor har vi ikkje tatt i bruk partikkelterapi tidlegare? Svaret er at ein til no har trengt store og kompliserte anlegg, og at mange tekniske løysingar som leier og fordeler vanleg stråling på rett veg inn i pasienten ikkje har vore tilgjengeleg for partikkelterapi. Samtidig har vanleg strålebehandling hatt ei dramatisk forbetring dei siste åra. Ein har utvikla avanserte teknikkar for å gi behandling med skreddarsaum tilpassa til kvar enkelt pasient. Så langt har det derfor vore mest å vinne på å forfine den vanlege strålebehandlinga vi kjenner best i dag.

Men no er dette i endring. Sjølv om anlegg for partikkelterapi framleis vil vere store og kompliserte, er teknologien i rask utvikling. Det betyr at den potensielle nytta av å bruke partiklar kan bli verkelegheita. På kort sikt er dette mest aktuelt ved bruk av proton, mens det er behov for langt meir basal forsking før ein fullt ut kjenner til nytta av å bruke tyngre partiklar, slik som karbonkjerner.

I oktober 2012 ga Helse- og omsorgsdepartementet Helse Vest oppdraget å leie arbeidet med å planlegge eit norsk senter for partikkelterapi. Planen blir laga saman med dei andre regionale helseføretaka og Helsedirektoratet. Fysikarar frå universiteta i Bergen og Oslo er også med i arbeidet. Fagfolk med innsikt både i strålemedisin, medisinsk fysikk og kjernefysikk har gått grundig igjennom internasjonal litteratur, og besøkt eksisterande anlegg for partikkelterapi, nye anlegg under bygging og aktuelle leverandørar av utstyr.

Sjølv i månadene etter at planlegginga starta har det skjedd ei rask teknologisk utvikling, der anlegg for protonbehandling blir mykje mindre, rimelegare og teknisk enklare å drive. Dette blir sjølvsagt tatt med i planlegginga. Totalt snakkar vi om investeringar i størrelsen halvannan til to milliardar kroner.

Slett ikkje alle pasientar er tente med å få behandling med proton. Den behandlinga vi driv med i dag, med foton, gir hos mange eit svært godt resultat. Men langtidskadar etter stråling utviklar seg over år og tiår. Særleg for dei yngre pasientane, som kan gjerast friske med stråleterapi, og som etter behandlinga kan utvikle langtidsskadar over fleire tiår, er det viktig å gjere desse skadane så små som mogleg. Det er særleg desse gruppene, omlag 1500 pasientar årleg i Noreg, som er aktuelle for behandlinga vi greier ut no.

Planen som blir lagt fram denne sommaren skal ikkje konkludere om det skal byggast eit anlegg for partikkelbehandling, kva eit anlegg skal innehalde eller kva tekniske løysingar ein skal velje. Planen skal beskrive av kva moglege oppdaterte løysingar som finst, korleis dei kan realiserast, kva nytte dette kan ha for pasientane, og berekne kva de ulike løysingane vil koste. Rapporten skal danne grunnlaget for politiske avgjersler både om ein skal bygge anlegg, og i så tilfelle, kva løysingar ein skal velje.

Frå Helse Vest har vi ei oppgåve: Å levere eit best mogleg underlag for riktige avgjersler, som uansett vil ha store konsekvensar for pasientar og sjukehus.

Ha ein fin veke!

Helsing Baard-Christian

Motivasjon, meistring og glede

Gjestebloggeren_GuriBrekke_210x300Forsking viser at fysisk aktivitet kan være eit nyttig hjelpemiddel både under og etter kreftbehandling, men korleis skal ein klare å motivere seg for å trene når ein får ein alvorleg diagnose?

Av Guri Brekke, leiar for fysisk aktivitet, Pusterommet

Korleis skal ein klare å trene når ein føler at behandlinga bryt kroppen ned, slik at vanlege kvardagsoppgåver blir meir slitsame enn normalt og ein nokon gonger føler at det einaste fornuftige er å kvile og lade opp til neste behandling?

Pasientane som deltar i tilbodet hos Pusterommet treningssenter på Haukeland universitetssjukehus var ikkje alle like overtydde om at dette var noko for dei og at dei kom til å ha nok energi til å klare å møte. Dei har alle ein kreftdiagnose, og dei har fått tilbod om trening under og etter behandlingstida.

Når eg spør dei kva som gjer at dei kjem og trener, svarer dei ulikt. Nokon seier at dei ikkje trur dei hadde klart å komme seg gjennom behandlinga om dei ikkje hadde fått denne ekstra energien frå treninga. Andre seier at det er godt å bevege seg. Det gir ein følelse av sjølv å ta kontroll på eiga helse og ei oppleving av at det er mykje i kroppen som fungerer ganske så godt trass i sjukdommen. Pasientane er inkluderande og dei tar vare på kvarandre. Dei gjer kvarandre støtte når det er tungt, og dei fortel om fysiske, psykiske og sosiale forandringar som har skjedd etter at dei begynte å gå i treningsgruppene. Dei opplever at det å vere saman med andre i same situasjon gjer dei god sosial helse òg.

I Nasjonal strategiplan for kreftbehandling kan ein sjå at fysisk aktivitet er blitt politisk forankra i større grad enn før. No kan ein få økonomisk støtte til etablering av treningstilbod for kreftsjuke. Det er òg gjort eit vedtak på at alle kreftpasientar har rett på informasjon om kor viktig det er med fysisk aktivitet under og etter behandling.

Det er ei god investering for deg som pasient å bruke tid på fysisk aktivitet og trening, men det er viktig at du får rettleiing av fagpersonar med kompetanse på området, for det er ting du bør ta omsyn til. Helsetilsynet anbefaler at helsevesenet tar i bruk fagpersonar med minimum tre års utdanning innanfor fysisk aktivitet og helse. Fagpersonar med denne bakgrunnen finn du blant anna hos Pusterommet treningssenter.

Her er nokre inspirerande sider om fysisk aktivitet:

Pusterommet, Haukeland universitetssjukehus

Råd om fysisk aktivitet – helsenorge.no

Ha ei fin veke!

Helsing Guri

Om alle møtte…

Hilde ChristiansenSjukehusa på Vestlandet hadde det siste året 82 000 avtalar som pasientane ikkje møtte til. Kva om alle møter eller melder frå i god tid? Kva om vi i sjukehusa organiserer oss betre? Då kan planlegginga bli både enklare og betre og ventetidene kortare.

Av Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør, Helse Vest

I Helse Vest er vi i gang med eit grundig arbeid knytt til korleis vi kan korte ventetidene og unngå fristbrot for pasientane i sjukehusa. I løpet av året skal ventetidene vere under 65 dagar i gjennomsnitt og vi skal ikkje ha fristbrot. Når vi no veit at vi har 82 000 avtalar som det ikkje blir møtt til i poliklinikkane våre på eit år og at vi må planlegge om 430 000 gonger, gir det oss eit grunnlag for å sjå kor og korleis vi kan bli betre. For ordens skuld, poliklinikkar er dei avdelingane kor du får time for utgreiing og behandling utan at du blir lagt inn på sjukehuset.

Vi må betre kommunikasjonen mellom sjukehusa og pasientar og pårørande. Informasjonen du får frå oss skal vere god, enkel og forståeleg, enten det dreier seg om kva vi seier eller kva vi skriv. Vi skal sende både brev og SMS i tide, og i ein form kor du lett forstår kva innkallinga og informasjonen elles tyder.

Som pasient skal sjukehusa møte deg på same måte, likt og føreseieleg på heile Vestlandet, uavhengig av kva sjukehus du blir tilvist og får avtale ved. For oss som arbeider i helsetenesta ligg det store moglegheiter i å dele kompetanse, læring og ressursar på tvers i helseregionen vår.

Og så må vi sjå på korleis vi organiserer oss med god planlegging og god leiing. God planlegging betyr at du kan møte det same helsepersonellet ved kontrollar, at du får time ved tilvising og ny time til neste kontakt før du går frå sjukehuset, enten du blir skriven ut etter innlegging eller har vært på poliklinikken. Målet er klart og ikkje så langt frå oss. Du skal få time den første gongen du blir tilvist og godt innanfor fristen fagfolka set for utgreiing og behandling.

Mykje godt arbeid blir gjort allereie i dag, men endrar vi ikkje tilnærminga vår til korleis vi planlegg, får vi ikkje bukt med utfordringane. Ein kan ofte lese kritikk frå fagfolk som meiner ein har for lite tid til pasientbehandlinga. Organiserer vi oss godt kan medarbeidarane våre få eit større handlingsrom og konsentrere seg om deira møte med pasientane.  Målet med å fokusere innsatsen på det som kan nytte er klart: Vi blir endå betre rusta for å vareta pasientane sine behov og dei helsefaglege fristane. God organisering av arbeidet er også nødvendig for at sjukehusa skal kunne møte det venta auka behovet for tenester, utan at vi kan vente ei tilsvarande auking i ressursar.

Om vi samtidig fornyar oss i kommunikasjonen med deg som pasient kan vi, saman, unngå å måtte planlegge på nytt for så mange avtalar.  Får vi dette til, vil ventetidene bli betydeleg reduserte og fristbrota kvitta.

I fall du lurer på omgrepa vi brukar ofte i sjukhusa, slik som ventetider og fristbrot: Dei aller fleste som kjem inn på sjukehusa treng øyeblikkeleg hjelp, landet over er talet her om lag 70 prosent. Desse får sjølvsagt hjelp med ein gong. Ventetider blir då rekna for dei 30 prosenta som blir tilviste frå fastlege eller andre institusjonar. Når det gjeld fristbrot, oppstår dette når du er lova ein time innan ein gitt frist frå sjukehuset og du ikkje kjem til innan fristen.

Vi jobbar raskt med fokusområda for å nå måla for ventetider og fristbrot. Vi legg fram fleire tiltak for styret i Helse Vest før sommaren.

Så kva trur du? Kva meiner du sjukehusa kan gjere for at du skal hugse timen din?

Hilde Christiansen
Personal-  og organisasjonsdirektør