Sjekklister for tryggleik

Arvid Steinar Haugen”Sjukehuset sin hovudregel: Ikkje påføre pasientane skade.” Sitatet har eg fritt omsett frå Florence Nightingale.

Av Arvid Steinar Haugen, forskar på trygg kirurgi og fagsjef ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen

Eg likar godt det sitatet. For meg betyr det at vi skal førebygge når det er mogleg. Sjekklister kan innebere at vi snappar opp feil som glepp.

Dagleg skjer det om lag 69 pasientskadar berre på Vestlandet. Helse Vest meiner at halvparten av desse kunne vore unngått. Målet er å halvere dette talet innan fem år. Pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender” har som mål å betre tryggleiken i helsesektoren. Det er starta fleire prosjekt på felt kor det er særskilt viktig å betre kvaliteten og pasienttryggleiken. Trygg kirurgi er eit av satsingsområda i kampanjen.

Verdas helseorganisasjon, WHO, lanserte i 2008 ei sjekkliste som skal gjere at alle involverte kontrollerer arbeidet dei gjer før, under og etter operasjonar. I Helse Bergen tok vi i bruk sjekklistene i 2009.

Innanfor kirurgi skal sjekklistene skje på denne måten:

  • Før anestesi: Ein skal sjekke pasienten sin identitet, prosedyrar og kva slags side ein skal operere på.  Anestesiutstyret skal vere klarert og risikofaktorar avklarte.
  • Timeout – før kniven blir sett inn skal heile teamet samlast. Teamet blir presentert og risikofaktorar skal gjennomgåast. Alle gruppene har eigne punkt som aktivt blir formidla i gjennomgangen.
  • Avslutning – når operasjonen er ferdig, skal alle gå gjennom kva som er gjort og sjekke at instrument og utstyr er gjort greie for. Viktige beskjedar for vidare behandling skal formidlast i teamet før overføring til postoperativ eining.

Dette er ein standardisering av prosedyrane slik at ingen skal gløyme noko viktig i prosessen. Sjekklista skal brukast ved alle typar planlagt og øyeblikkeleg hjelp-kirurgi.

Som det første regionale helseføretaket beslutta Helse Vest i 2008 å innføre sjekklista ved alle sjukehus i føretaket. I ”Trygg Kirurgi reddar liv” – prosjektet leia i frå Helse Førde ved kirurgen Barthold Vonen, blei sjekklista innført i 2009-2010 i Helse Vest. I Helse Bergen har vi arbeidd med sjekklista for Trygg Kirurgi sidan 2009, og vi har gjort mange studium på dette. No ser vi på om sjekklista påverkar dødelegheita og komplikasjonar i Bergen og Førde. Dette har ikkje vore undersøkt tidligare i Noreg, men internasjonale studium syner at sjekklista kan redusere både dødelegheit og komplikasjonar. Vi ser og på om det å systematisere og standardisere ved hjelp av ei sjekkliste kan påverke tidsbruken. Resultata våre håper vi å få publisert i år.

Vi har positive erfaringar med sjekklister. Vi ser blant anna at operasjonspersonalet kjenner seg inkludert og har ein større kjensle av å vere ein del av eit team. Samtidig er det viktig at ein ikkje innfører slike lister utan å erkjenne at det gjer noko med kulturen. Alle må forstå kvifor vi bruker sjekklister og kva det inneber. Innføring av sjekklister kan endre måten vi jobbar på og ein må ikkje ta bort gode prosedyrar når en innfører noko nytt.

Kvinneklinikken har vore pilot for Trygg Kirurgi i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen og innførte sjekklista i 2011. Erfaringane derfrå er gode. Ved å gjere enkle grep kring tre ulike inngrep, med samtaler om og revisjon av prosedyrar – fokus på postoperative infeksjonar, og innføring av sjekklista for Trygg Kirurgi, greidde dei å redusere talet på  infeksjonar med opptil 70 prosent. Dei brukar i dag sjekklista på ein aktiv og god måte.

Ein kan ikkje bare ha ei sjekkliste og tru at ein reduserer pasientskader. Blir dette berre ein oppramsing, forsvinn poenget. Sjekklistene i kirurgien kjem fordi det er eit behov for å betre kvaliteten og pasienttryggleiken innanfor kirurgi. Vi treng ein tydeleg aksept i miljøet om kvifor vi skal ha sjekklister og korleis vi skal bruke dei. Det er berre når operasjonsmiljøet sjølv støttar dette fullt ut, at vi kan implementere dei inn i alle sjukehusa på ein trygg og god måte.

Halvparten av pasientskadane kjem frå kirurgien. Halvparten av desse kan førebyggast. Pasientane kan sjølve legge et press på legane og sjukepleiarane om sjekklistene. Dei kan og velje sjukehus som brukar sjekklistar. Kven vil velje å fly med eit flyselskap som ikkje tar tryggleik på alvor?

Eg er glad for at eg har ein jobb som gir meining. For meg er ingenting viktigare enn førebygging. I helsesektoren har vi eit spesielt ansvar for nettopp dette. Vi skal førebygge når det er mogleg.

Helsing Arvid Steinar Haugen

Overskot for framtida

Herlof Nilssen 210x500_til tekstHelse Vest hadde i fjor eit overskot på 565 millionar kroner. Er overskot rett og nødvendig? Kan ikkje pengane gå til behandling av pasientane? Svaret er jo, det gjer dei!

Av Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest

Sidan eg starta i jobben for 10 år sidan, har eg hatt eitt einaste fokus: Å jobbe målretta kvar einaste dag for at pasientane på Vestlandet får best mogleg behandling.  Dei gode medarbeidarane vi har og ein sunn økonomi er avgjerande for dette. I fjor leverte Helse Vest RHF det beste resultatet nokon gong, og vi kan notere oss 565 millionar kroner i pluss. Dette er pengar vi har god bruk for til dei store satsingane som kjem i sjukehusa på Vestlandet.

For å drive ein moderne helseteneste treng vi gode bygg, nytt og moderne medisinteknisk utstyr og gode IT-system som gir pasientane tilgjengelig informasjon når dei kjem til behandling. Om vi skal klare å levere alt dette, må vi ha overskot for å få det til. Overskot er garantien for å gi best mogleg behandling av god kvalitet, i dag, i morgon og i åra framover. Jo betre vi driv, jo meir kan vi investere. Jo større overskot, jo meir kan vi sikre svake område som vi ser treng meir.

Helse Vest er det regionale helseføretaket i landet med størst overskot. Det er fordi vi er stabile, har arbeidd langsiktig, og har god drift med gode system og gode IT-løysingar. Når det er sagt, behandlar vi fleire pasientar enn nokon gong. Dei siste 10 åra har vi hatt ein kraftig auke i pasientbehandlingar – frå 780.000 konsultasjonar i 2002 til 1,2 millionar i 2012, og ventetida har totalt sett gått kraftig ned i denne perioden.

Om nokon trur at desse pengane ligg hos oss i administrasjonen i Helse Vest og ikkje blir brukt fornuftig, veit nok dei fleste at det er feil. Pengane går sjølvsagt rett tilbake til sjukehusa, enten som lån til investeringar eller direkte til styrking av pasientbehandlinga. Overskotet frå 2012 går rett til investering i 2013, og vi bruker dei på dei felta som treng det mest.

Nokre område treng å bli styrkte utover dei midla vi har fått frå staten.  Både på område som rus, rehabilitering, psykiatri og behandling av fedme har vi behov for ytterlegare midlar. Her legg vi i år inn 350 millionar kroner ekstra for å gi eit betre tilbod til desse pasientgruppene. Utan god drift ville vi ikkje kunne gjere dette.

Den store satsinga framover er pasienttryggleik. Målet er å halvere talet på skadar som kunne vore unngått. Det skjer 69 skadar per dag i Helse Vest. Undersøkingar visar at om lag halvparten av desse kan unngåast. Eg har store forventningar til at det arbeidet som no blir sett i gong innanfor området pasientbehandling og pasientkvalitet, skal gi gode resultat og færre pasientskadar.

Ambisiøse helsemål – tidlegare blogginnlegg om pasienttryggleik

God økonomistyring gir ikkje dårlegare pasientbehandling. Det gir berre moglegheiter, og godt grunnlag for framtidig god pasientbehandling!

Vennleg helsing Herlof Nilssen