Trygge sjukehustenester

Anne Grimstvedt KvalvikHelsetenestene skal vere trygge og sikre. Likevel skjer det at pasientar blir skadd i samband med behandlinga. Ei omfattande satsing er sett i gang i Helse Vest for å redusere talet på, og omfanget av, pasientskadar. 

Av Anne Grimstvedt Kvalvik,
leiar for Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest

Pasientskadar kan vere grunna i risiko som er knytt til behandlinga, eller det kan vere fordi det blir gjort feil. Det er vanleg å tenke at om lag halvdelen av desse skadane kan førebyggjast. Her må og skal vi gjera forbetringar.

Med utgangspunkt i ei kartlegging for 2010 blei det vurdert at det dagleg skjer om lag 69 skadar som kunne vore unngått berre på Vestlandet. Målet er å halvere dette talet på unngåelege pasientskadar i løpet av fem år.

Moderne helseinstitusjonar er samansette og komplekse organisasjonar der du som pasient møter mange helsearbeidarar. Helsearbeidarane må vere både kunnskapsrike og aktsame, det må vere gode rutinar og ein god kultur for pasienttryggleik. Særleg merksemd må vi ha på skiftet frå ein behandlingsstad til ein annan.

I 2011 starta den nasjonale pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”. Kampanjen har som mål å betre tryggleiken i helsesektoren. Gjennom kampanjen er det starta fleire prosjekt på felt kor det er særskilt viktig å betre kvaliteten og pasienttryggleiken. Dei fleste tiltaka blei sett i gong i 2011 og 2012, nokre startar opp i 2013. Her er mykje godt arbeid i gang:

Det er blant anna innført sjekkliste til bruk ved operasjonar, og her er det særleg merksemd på å hindre infeksjonar etter operasjonar.

I tillegg er det blant anna sett i verk tiltak for å:

  • Redusere infeksjonar som kjem i samband med bruk av venekateter.
  • Hindre urinvegsinfeksjonar
  • Redusere utvikling av trykksår
  • Redusere risikoen for at pasientar fell i helseinstitusjonar
  • Sikre at beste behandling blir gitt til pasientar som får hjerneslag
  • Redusere risiko for sjølvmord
  • Førebyggje overdose etter utskriving frå rusinstitusjonar
  • Sikre at pasientar får rett medisin

For å forstå kvifor og korleis uønskte hendingar skjer og korleis vi kan hindre at det same skjer igjen, har alle sjukehusa i regionen likt system for å registrere uønskte hendingar. Vi må tørre å stille spørsmål og vi må lære av alt vi gjer, heile tida. Slik regional systembygging er avgjerande for pasienttryggleiken. Bygging av kompetanse hos medarbeidarane – og hos pasientane sjølve – er blant dei aller viktigaste tiltaka for å sikre den gode behandlinga. Vidare må moderne teknologi og heilskapleg tenking leggje til rette for god praksis. Dette gjeld journalsystem, kurveløysingar, laboratorie- og røntgensystem, reseptløysingar og arbeidsplanleggingssystem.

Undersøking av pasienttryggleikskulturen viser at helsepersonell har stor tiltru til eigen arbeidsplass og at dei ville vore trygge om dei fekk behandling der sjølv. Heldigvis. Arbeidet med pasienttryggleikskulturen er viktig. Leiinga og medarbeidarane må arbeide for og dele kultur for god pasienttryggleik. Berre då vil visjonen om trygge tenester leve vidare. Det vil sikre ikkje berre dei spesifikke tiltaka som blir sett i verk, men alle tenestene som helsevesenet yter.

Anne Grimstvedt Kvalvik,
leiar for Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s