Du kan redde liv!

Ørjan Jensen«Next to creating a life, the finest thing a man can do is save one”
– Abraham Lincoln

Av Ørjan Jensen
Ambulanseinspektør/paramedic i Helse Bergen og fagkoordinator ambulanse i Regionalt Akuttmedisinsk Kompetansesenter, Helse Vest

I det daglege virket mitt har eg ofte sett korleis enkel førstehjelp kan redde liv. Her eit eksempel:

Ein sommar for nokre år sidan blei vi kalla ut til ei trafikkulykke der ein motorsykkel hadde køyrt på ein bil i stor fart. Det var om lag 20 minutt å køyre til ulykkesstaden og ut frå meldingane vi fekk på skjermen i ambulansen byrja vi å førebu oss på at dette kunne vere ei ulykke med fatal utgang. Vi fekk melding om at pasienten hadde fått knust andletet, ikkje pusta og at det var mykje blod i munnen. Då vi kom fram blei vi gledeleg overraska. Pasienten låg i sideleie og pusta. Pasienten var rett nok alvorleg skadd, men ein tilfeldig bilist hadde lagt pasienten i sideleie og reinska munnen for blod. Dette hadde han halde fram med heile tida. Innsatsen til denne bilisten redda livet til ein ung person.

Kva skjedde på ulykkesstaden?
Når ein pasient blir medvitslaus av ulike årsaker, kan det føre til at muskulaturar som held tunga oppe blir slapp og at tunga sig ned i svelget og hindrar fri straum av luft opp og ned til lungene. Ved eit enkelt handgrep som å bøye hovudet bakover, blir tunga dratt opp og luftvegane blir opna slik at luft kan strøyme fritt til og frå lungene. Dette enkle grepet kan vere det einaste som skal til for at du reddar eit liv.

Av og til kan det hende at pasienten ikkje byrjar å puste, sjølv om ein har etablert frie luftvegar. Årsaka til dette kan vere at luftvegane er hindra av blod, oppkast eller slim. Då er det viktig å reinske munnen ved å få ut så mykje som mogleg med dine eigne fingrar. Den beste måten å få dette til på er å snu hovudet til pasienten varsamt til sida og så reinske munn og svelg.

Den tilfeldige bilisten som kom til staden i eksempelet vårt, gjorde det einaste rette. Neste gong kan det vere du som reddar liv!

Kva kan du sjølv gjere dersom du er den første som kjem fram til ei ulykke?
Sørg for at du eller andre ringjer medisinsk nødhjelp 113 (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, AMK). Ver roleg og svar så godt du kan på dei spørsmåla du blir stilt, for dette gir god informasjon til ambulansepersonalet som er på veg. I telefonen vil du òg få råd frå medisinsk nødhjelp om korleis du kan hjelpe til.

Spørsmål frå Medisinsk nødhjelp 113 kan vere:

  • Kor er du?
  • Kva har skjedd?
  • Kva for eit nummer ringjer du frå?
  • Kva er namnet ditt?
  • Kva heiter pasienten?
  • Når er pasienten født?
  • Er pasienten vaken?
  • Pustar pasienten?
  • Kva er problemet?

Kompresjonar: 30. Innblåsingar: 2
Kva er det rette talet på kor mange gonger du skal blåse og kor mange gonger du skal ha brystkompresjon? Dette har endra seg gjennom åra, men det vi anbefaler i dag, er at tilhøvet mellom kompresjonar og innblåsingar er 30:2. Å få til munn til munn-metoden kan vere vanskeleg og det er ein fordel at du trener på dette. Men sjølv utan trening, er det betre at du forsøker, enn ikkje å gjere noko.

Får du ikkje til å bruke mun til munn-metoden, kan det vere tilstrekkeleg berre å gjere brystkompresjonar, helst kontinuerleg. Dette har best effekt på pasientar når eit hjarteproblem er årsaka til hjertestansen. Pasientar som har drukna, treng tilførsel av oksygen og dette kan du berre tilføre med innblåsingar. Born som blir livlause har nesten alltid behov for tilførsel av oksygen. Start derfor med fem innblåsingar og deretter brystkompresjonar.

Av og til kan det hende at du kjem over ei ulykke og dette kan vere svært dramatisk. Utover å gi førstehjelp er det viktig å gjere følgjande:

  • Sikre skadestaden (sett opp varseltrekant i god avstand, eller fjern element for å hindre at nye ulykker skjer)
  • Varsle medisinsk nødhjelp 113 eller Brann 110 eller Politi 112
  • Ta leiinga! Det vil seie at du sørgjer for at nokon sikrar, ringjer og gir førstehjelp
  • Legg medvitslause i sideleie og stans pågåande blødingar

Med enkel førstehjelp kan du bidra til å redde eit menneske frå døden.

Helsing Ørjan

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s